Heilt tilfeldig kom eg i dag over ei liste som sikkert kan ha interesse for fleire:
Folketalsutviklingi for Sogns prosti frå 1801 til 1815, innført i kyrkjeboki for Leikanger: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/57
Det vart altso teki opp ei detaljert folketeljing for alle desse prestegjeldi for 1815, men ifølgje kjeldeoversikti finst det hjå Digitalarkivet berre følgjande:
1815 Luster: https://www.digitalarkivet.no/source/51099
1815: Leikanger: https://www.digitalarkivet.no/source/51239
1815: Lavik: https://www.digitalarkivet.no/source/51096
Spørsmålet mitt er då: Finst det folketeljingar oppbevarte frå 1815 for nokre av dei andre prestegjeldi i Sogn?
Luster nytta eg alt på 1980-talet i samband med bygdebokarbeidet for gamle Luster kommune, men eg skulle gjerne sett dei andre, særleg Jostedalen, Hafslo, Lærdal og Sogndal!