Eg har frå tid til annan råka borti problemstillingi at sjømannsenkjer som hadde mist mennene sine på sjøen etter eit visst tal år fekk løyve til å gifta seg att, men kva lovreglar gjeld eller gjalt for dette?
Eg har mellom anna vore borti eit tilfelle frǻ Nordland der kona fekk gifta seg att etter at mannen hadde vore borte på sjøen etter ein del år (kor mange år, veit eg ikkje?), men der eg samstundes mistenker denne bortkomne ektemannen for å ha overlevd og å ha teke vegen til Amerika der ein påfallande «lik» person gifte seg att nokre år etter nemnde «forsvinning».
Eg har òg eit døme frå Minnesota der ein mann etter han i 1886 kom ut etter ni års soning i fengselet i Stillwater, MN, oppdaga at kona hadde «stikke av» med ein annan person. Han forlangte skilsmål, men tross mange etterlysingar melde kona seg aldri for retten, og etter seks år gifte mannen seg att, ogso det i Minnesota, og eg lurer på om han kan ha oppnådd å få første kona «erklært avlidi» før han gifte seg på ny?
Denne utfordrande saki er drøfta i følgjande tema der eg framleis er på leiting etter lagnaden til Mary Gilbertson og borni hennar: https://forum.arkivverket.no/topic/203080-maren-christiansdotter-urnes-fødd-hafslo-1851-til-amerika-1854-gift-1870-med-peder-gulbrandson-lagnaden-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1847984
Eg vonar at nokon kan hjelpa meg få ei avklaring på dette spørsmålet om nytt giftarmål og takkar so mykje på førehand for hjelpi!