Den eldste dotteri til fargar Lars Jacobson Hærum frå Luster, som i 1877 utvandra til Fort Worth, TX, Severina, gifte seg i Fort Worth med ein Mathias Syvert Hall frå Noreg, som eg aldri har greidd å identifisera. Eg ser at eit family tree hjå ancestry oppgjev HOLE som farsnamn, og kanskje hadde huslyden einkvan tilknytting til gardsnamnet Hole; eg veit ikkje....
Eg manglar òg nokre detaljar om borni i denne huslyden, som kanskje nokon kan hjelpa meg freista å finna. Eg føler eg har prøvd «alt», men eit par obituaries hadde sikkert vore til nytte?
Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:
~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!