Olina Olsdotter - i Amerika kjend som Olena eller berre Lena Olson - dukkar opp første gongen i Amerika då ho 6.1.1873 gifte seg i Iowa Co., WI med George Henstock - sjå vedlegget! Medan foreldri hans er namngjevne, er rutene for foreldri hennar heilt blanke - noko som er uvanleg...
Parfolket vart buande i Ridgeway, Iowa Co., WI, og her er dei:
FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB9-PCR
FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-67KQ-C6Y
FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q97-6HB
FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY2-SFXJ
Som me ser, var George i 1910 vorten enkjemann. Ifølgje eit ancestry family tree døydde han same året.
Noko dødsfall for Lena har eg ikkje greidd å finna, men eg vil tru ho døydde mellom 1907 og 1910.
Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å identifisera det norske opphavet til Olina Olsdotter?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!