Eg syner til denne konfirmantlista frå Domkyrkja i Bergen:
https://media.digitalarkivet.no/view/8636/236
På høgre side er mellom konfirmantane 15.4.1798 denne jenta: Jacobina Hiemdal
Eg mistenker ho for å vera identisk med denne jenta, den einaste Jacobine «vidt og breitt» som kan høva om me går ut ifrå ein konfirmasjonsalder mellom 15 og 20 år:
* Jacobine, dotter av dixelmann Lars Andersen og kona Agathe Pedersdotter, fødd 2.7.1782, døypt i Krosskyrkja i Bergen 7.7.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/8675/205
Denne Jacobine miste foreldri sine i ung alder og KAN ha vakse opp hjå fosterforeldre med namnet Hiemdal. Eg vil tru at Hiemdal er gardsnamnet Hjemdal på Os, og mori Agatha Pedersdotter var visstnok fødd på garden Kvale i Strandvik sokn i dåverande Os prestegjeld.
Eg høyrer gjerne meiningar om opphavet til denne jenta, om kvifor ho skreiv seg for Hiemdal i 1798 og ikkje minst:
Kvar vart det av ho etter 1798?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
PS: Dette emner er ei oppfølgjing av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/219446-jacobina-konfirmant-i-domkyrkja-bergen-i-1798-kva-er-ættenamnet-hennar-og-kven-var-ho/
og innlegg #5 og innlegg #12 av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/218864-jørgen-pederson-haugen-kinserdal-1729-1789-frå-hafslo-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-hans-gunvor-lars-og-gjøri-samt-stesonen-johannes-kan-då-vel-ikkje-berre-«forsvinna»-ei-utfordring-av-dimensjonar/