Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'orean'.
Fant 1 resultat
-
Eg vil i kveld gjerne få syna fram ein huslyd frå Årøy i Sogndal som har sett mange grå hår i hovudet hjå meg. Eg har nådd beggen, men vonar at kanskje andre ser mogelege løysingar for å finna svar på nokre av dei òpne spørsmåli? Kari Larsdotter Kjørlaug frå Hafslo (1852-1904) gifte seg med Anders Erikson Aarøen i Sogndal (1865-1942) (var i Wisconsin frå 1905 til 1909 - flytte då heimatt til Sogndal) og fekk fire born i lag, som alle utvandra til Amerika: ~~~~~~~~~~~~~ a. Herman Andersson Aarøen, kjend som Herman A. Orean, f. i Sogndal 19.8.1886, utvandra til Amerika i 1902 ##### (lagnaden hans?- skal ha butt i Alaska!? - døydde før 1954!) b. Lars Andersson Aarøen, kjend som Lars A. Orean, f. i Sogndal 6.11.1888, utvandra til Amerika i 1904 og gifte seg første gongen i Miles City, Mont. 16.8.1912 med Gunhild Carrie, kjend som Julia Knutson, f. i Trempealeau Co., Wis. 25.12.1885. Men Julia d. i La Crosse, Wis. 22.4.1933, og Lars gifte seg att i East St. Louis, Ill. 28.3.1934 med Alice ##### (f. i Illinois kring 1891 - info?) Lars og Alice vart skilde alt i 1937, og Lars gifte seg tredje gongen i Decorah, Ia. 1.1.1939 med Alice Helen Matty, f. Alamillo, f. i Brooklyn, N.Y. 3.9.1904. Lars var først farmarbeidar («farm laborer») nær McFarland, Dane Co., Wis., men flytte so til Miles City, Mont. der han var jarnbanearbeidar («railroad fireman»). I 1915 flytte han og Julia til ein farm i Cass Co., N.D., men i 1917 flytte dei attende til Wisconsin. Dei farma i Preston township, Trempealeau Co., Wis. til Lars kring 1941 med tredje kona si flytte til Brooklyn, Kings Co., N.Y. der han var dokkarbeidar («Navy Yard worker»). Sidan flytte deiu vidre til Belleville, Essex Co., N.J. der han livnærte seg som fabrikkarbeidar («defense plant worker»). Som pensjonistar flytte dei i 1954 til Ft. Myers, Lee Co., Fla. der Lars d. 22.12.1954. ##### (sjekka dødsstaden hans?) Alice Orean gifte seg ##### (exact date of her 3rd marriage?) 1955 i Lee Co., Fla. med enkjemannen ##### (opphavleg namn frå Danmark?) ##### (kvar i Danmark kom han ifrå?) i Amerika kjend som Ellis Andrew Dolleris. Han var son av ##### (foreldri? - Niels «Ellis» A. Dolleris and Mathilda) og f. ##### (fødestaden i Danmark?) 19.10.1885. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1888 og livnærte seg i mange år som sjømann («mate») og sidan som gartnar («greenhouse gardener»). Han budde i Somerville, Middlesex Co., Mass. og sidan i Bedford, Middlesex Co., Mass., men budde med Alice i Ft. Myers, Lee Co., Fla. der han d. 28.2.1974. ##### (sjekka dødsstaden hans?) Alice Dolleris d. i Ft. Myers Beach, Fla. 20.6.1980. ##### (sjekka dødsstaden hennar?) Lars fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet. c. Johannes Andersson Aarøen, kjend som John A. Orean, f. i Sogndal 30.12.1890, utvandra til Amerika med far sin i 1905, men reiste i ung alder ut som sjømann («merchant marine seaman») og dreiv sidan fiskestasjon («fishing station area operator»). Han budde mellom anna i Long Island, N.Y. og sidan i Far Rockaway, N.Y. der han visstnok d. ?.7.1966. ##### (death date?) ##### (skal ha vore gift to eller tre gongar - opplysningar???) Ingen born. d. Andreas Andersson Aarøen, kjend som Andrew A. Orean, f. i Sogndal 17.12.1892, utvandra òg med far sin til Amerika i 1905 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») nær McFarland, Dane Co., Wis. Sidan gjekk han inn som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier») der han vart sjuk. Han levde siste åri hjå broren Lars på farmen hans i Preston township, Trempealeau Co., Wis., men d. på eit sjukehus i Eau Claire, Wis. 14.7.1920. Han var ugift. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive