Diverre er det altfor mange danske ord som er komne inn i «moderne» nynorsk.
Min barnelærdom sa meg at me mellom anna skulle unngå ord som tok til med «be» og ogso ord som slutta med «het» og «else»
Eg hugsar ein slektning av meg ville omsetja «bedrift» - og dette vart til «virksomheit» huff og huff... - er det so vanskeleg å seia «verksemd»?
«Begynne» kan me jo greit omsetja med «børja/byrja» eller «ta til».
Men eg reagerer på ordi «bebodd» og «beboelse». Det siste kan me jo godt omsetja med «busetnad», men so har eg sett at «bebodd» har vorte omsett med «bebudd», og det er vel korkje «fugl eller fisk»!? Det enklaste er vel å skriva om med «staden der ... budde»!? Eller er det nokon som kjem på eit betre nynorsk ord for bebodd? Kva ville Ivar Aasen ha skrive?
Eg takkar so mykje på førehand for alle kommentarar!