Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Guvernør Andrew E. Lee - ein havstril?


Recommended Posts

Skrevet

Hei!

 

Eg kom tilfeldigvis over ein artikkel i Aftenposten frå 1. august 1902, der "forhenværende Guvernør Andrew Lee, en født Havstril" vert nemnt. I følgje Wikipedia og andre sider på nettet, var Lee født 18. mars 1847, nær Bergen. Fire år gammal reiste han med foreldra, Erik og Augusta, til Amerika. Andrew Lee var guvernør i Sør-Dakota frå 1896 til 1900. Han døydde i 1934.

 

Spørsmålet mitt er kor han var født. I og med at han er nemnt som "Havstril", skulle dei ytre stroka av Nord- og Midthordland vera mest aktuelle. I kommunen eg kjenner best, Fjell, er det to Li-gardar, men i utgangspunktet finn eg verken Andrew eller faren Erik der.

 

Er det nokon som veit meir om "havstrilen" guvernør Lee?

 

Venleg helsing

Halvor Skurtveit

Fjell kommune

Skrevet

Takk for raskt svar! Ja, dette er heilt sikkert rett familie.

 

HS

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.