Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kunstmålar Knut Baade (1808-1879) - var han gift?


Recommended Posts

Skrevet

Sorenskrivar Andreas Baade i Solvorn i Hafslo hadde fleire born, mellom anna sonen Knut som vart ein vidkjend landskapsmålar. Her er kva eg har skrive om denne målaren i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Andreasson Baade, f. i Skjold 28.3.1808, flytte i ung alder som kunststudent til Bergen og i 1827 vidare til København i Danmark. Han arbeidde frå 1830 som portrettmålar i Christiania og landskapsmålar på Vestlandet, men flytte so som målarstudent til Dresden i Sachsen, Tyskland. Frå 1842 var han busett i München, Bayern der han heldt fram som landskapsmålar. Han d. i München, Bayern i Tyskland 24.11.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingen stader har eg sett nemnt noko om at Knut var gift og hadde born. Er det nokon som veit noko om dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Skrevet

Fra 1845 bodde han i Munchen, så du er nærmere, Lars.

Jeg synest du burde ha oppgitt bosted. Jeg feks lette forgjeves i Norge.

Store Norske leksikon opp gir at han var UGIFT.

Med hilsen

Helge H.

Skrevet

Hjarteleg takk til Helge for humørfyllt svar! Jau, eg er nærare München enn kva du er, men nett no er eg tross alt nesten 900 km derifrå...

 

Uansett, problemet er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Skrevet

Presten Fredrik Nikolai Jensen, f. i Bergen 1818, sogneprest i Bø i Vesterålen 1854-1863 hadde korrespondanse med Knut Baade (presten var også utdanna kunstmaler). Et av brevene til K. Baade er gjengitt i Bø Bygdebok, Bd II, s.17. Brevet,datert 20/9 1855, adresse Kjøbman O. Baade, Stavanger og omadressert til Elisenstrasse nr. 5, I. Stige, München.

Skrevet

Lars, da tek eg grundig feil. Regisrert Tyskland-opphald i høve deg i skolten min.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.