Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Himmelretningar


Recommended Posts

Eg prøver å kome gjennom ei gammal jordskiftesak. Der kjem eit uttrykk som eg slit litt med å tolke:

 

"Grensa går i S t O 1/2 O retning". At O er Ost/Aust veit eg, men så - ? Og dersom ein går grensa motsett veg, blir det då N t V 1/2 V - kva det no betyr - ?

Lenke til kommentar
https://forum.nasjonalarkivet.no/topic/174296-himmelretningar/
Del på andre sider

Eg prøver å kome gjennom ei gammal jordskiftesak. Der kjem eit uttrykk som eg slit litt med å tolke:

 

"Grensa går i S t O 1/2 O retning". At O er Ost/Aust veit eg, men så - ? Og dersom ein går grensa motsett veg, blir det då N t V 1/2 V - kva det no betyr - ?

 

 

Eg er ingen navigatør , men kan hende Sydleg til Ostleg halvveis Ostleg retning, dvs. sydostleg til ostleg (søraustleg til austleg) retning ??

Hei Kompasset rundt er som vi vei 360 grader. Regnet fra Nord mot Øst Dette er så inndelt i 4 kvadranter a 90 grader. Disse er så igjen delt inn i 8 streker a 11,25 grader. Kompasset rundt blir da 32 streker = 360 grader

Kompasstrekene i ksadranten Syd til Ost blir da som følger fra Syd. StO-SSO-SOtS-SO-SOtO-OSO-OtS-O.

Retningen StO 1/2 O blir da: 168,75-5.75=163 grader.

 

Terje

Eg fann følgjande lenker:

 

http://no.wikipedia.org/wiki/Himmelretning

http://bdel.no/Dokumenter/Utmark/Grenser/Grenser_18.pdf

 

Om eg tolkar Rolf rett, så er "1/2" ei endå finare inndeling, dvs. at SO 1/2 O vert midt mellom SO og SO t O, altså 129,375 grader.

 

S t O 1/2 O skulle då vere 163,125 grader.

 

Eg sat og lurte på dette sjølv ein gong eg studerte grenser i ei utmarksutskifting i panteboka, men ikkje hadde noko kart. No har eg oppdaga denne tenesta, og at det faktisk også finst eit utskiftingskart.

Takk for nyttig lærdom - tabellen som viser dei 32 hovudretningane skulle vere grei nok, men så er det denne "halv" då. Etter å ha prøvd å setje meg inn i logikken i rosa vil eg tru at dei to siste innleggarane har rett - at gradene eg skal fram til ligg eit halvt steg austafor S t O - altså på ca 163 gr.

 

S t V 1/2 V vil bli ca 197 gr?

 

V t N 1/2 N vil bli ca 287 gr?

 

Er de enige?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.