Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Arne Janson Reed - ei lita nøtt i Gloppen SF.


Recommended Posts

Eg trur kanskje eg muligens har identifisert leiermålsbarnet. Eg har hengt meg opp i at Arne er 15 år i 1701, og at Agnete måtte vere ei eldre heilsyster. Men når eg no veit at leiermålsaka var så tidleg som 1685, blir ho ein god kandidat til barnet.

 

Når eg no går gjennom funna eg har på henne, er ho Johansdtr ved vigsla.

 

Truloving 1706 - nesten drukna i blekket; ekteskapet i 1707 er på neste oppslagsside.

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1686-1711, s. 292-293
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228290407
 

Ved dåpane er ho ikkje nemnd, men som fadder hos Arne Janson i 1730 er ho kalla Jansdtr.

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1712-1735, s. 276-277
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228290587
 

Ved ny truloving og vigsle i 1732 er ho Jansdtr, men det er kanskje fordi Arne Janson er trulovar? 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11425&idx_id=11425&uid=ny&idx_side=-11

 

Ho døyr som Johansdtr i 1773.

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 4, 1758-1784, s. 100
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228300249
 

Det er eit stort minus at ho ikkje brukar namnet Johannes før på son nr 5, etter Jon (etter farfar), Jan (burde vere etter morfar....), Tor og Lars. Det må seiast at det er 7 år mellom Jon og Jan, så der KAN ha vore ein Johannes - men i så fall må han ha lurt seg unna både ved dåp og gravferd.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Jan er jo som det er konstatert ikke et vanlig navn på den tiden det er snakk om, men har noen tenkt tanken å se på mulig skyldskap til Balchen-slekta som var i området?  Da tenker jeg på forekomster av Jan som fornavn.

Endret av Tor Kvien

Eit alternativ til Arne Jansons opphav kan sjølvsagt vere at Lisbet har vore gift og har barn på nordsida av Utvikfjellet - at barnefaren Jan er ein heilt annan enn Jan Reed. Men det er også ei noko søkt forklaring. Pussig uansett at ho blir kalla Skåden ved Publ.absolv.

 

Ho MÅ vel ha vore gift - om barnet med Johannes skulle vere hennar 2.leiermål, ville vel straffa blitt høgare enn eit vanleg Publ.absolv?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.