Gå til innhold
Nasjonalarkivet

SF, Gloppen: Anne Christine Olsdtr. Jordanger, når død ?


Recommended Posts

Skrevet

I Bygdebok for Gloppen bd.V s.482 står det at Anne Kristine Olsdtr. Jordanger (f. Hjelle 1741) døydde 1801. Eg har lett gjennom kyrkjebøkene for Gloppen mange gongar, men finn ikkje hennar gravfesting nokon stad.

 

Anne Kristine var gift med Arne Knutson Jordanger (1741-1799)

Ho levde iallefall ved FT-1801, registrert som Christine Olsdtr., 65 år, Enke

Skrevet

Her er nok same feilen som vi ofte ser - lever i 1801 blir til død 1801. Er ikkje gravlagt i Gloppen før 1814 i alle fall.

Skrevet

Eg har ikkje funne henne etter 1814 heller.

Skrevet

I den gamle bygdeboka står det at Anne Kristine er død etter 1801.

Anne Kristine kan ha flytta ifrå Gloppen ilag med sonen Lars (f. 1775) og hans familie.

Dei flytta etter 1804. Der står i "nye" bygdeboka at dei budde på Re, og at dei flytta ifrå Gloppen - men står ikkje kvar dei vart av.

Forfedrane mine skal ha kome flyttande frå Nordfjord med mora på flyttelasset.

Skrevet

Ja det er heilt klart ei mulighet, Sol.

Då er spørsmålet: Kvar vart Lars og hans familie av etter 1804 ?

Skrevet

Eg ser at to av linkane min ikkje virka, men ho var ikkje fadder til nokon av desse borna som er fødde i Bergen iallefall.

Heller ingen døde i Bergen fram til 1815 eg kan finne som kandidat.

Skrevet

Dåpen i 1808 oppgjev ei adresse - 24-87. Søkjer du på den adressa i dei døde etter 1815 finn du fleire av familien.

Skrevet

Skriv du då inn 24-87 under bustad ?

Skrevet

Nei, du gjer to søk, bustad = 24 og bustad = 87. Du finn Lars sjølv og 2 døtre då.

Skrevet

Fann ut av det! ;)

Ingen spor etter Lars si mor Anne Kristine/Christine Olsdtr.

Skrevet

Nei, ikkje med den adressa i alle fall.

 

Her er forresten ei som kan passe til å vere Lars si kone - http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=32&filnamn=1301begr&gardpostnr=14271&merk=14271#ovre

 

Nei, ikkje med den adressa i alle fall.

 

Her er forresten ei som kan passe til å vere Lars si kone -

14271 1848 2012 !! Almisselem Oline Nielsd. Fra Raadhuset 73 Aar K Dødfunden paa Landeveien

 

Sonen Arne står hos Undersøkelses-kommisjonen

6581 Arne Larsen Jordanger Breums Sogn i Nordfiord 1801 Bergen hos Faderen

UR: Rode 11. Bogst: M2 skal herefter opholde sig i 24 Rode No 87.

 

 

Faren høyrer vel til på den tomme linja ovanfor.

Skrevet

Veit du forresten kvar Lars si syster Ågåte har opphalde seg i perioden 1792-1804?

Skrevet

Veit du forresten kvar Lars si syster Ågåte har opphalde seg i perioden 1792-1804?

 

Nei det veit eg ikkje. Den generasjonen er eit ledd for langt ute til at eg registrerer dei i basen min.

Skrevet

Funnen av Kjell Fredly på Bortne/Hunskår i Davik (Bremanger) om det interesse for deg.

Skrevet

Funnen av Kjell Fredly på Bortne/Hunskår i Davik (Bremanger) om det interesse for deg.

 

Reiknar med det gjeld Lars si syster Ågåte ?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.