Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Vigselsdato Bodin(?) 1943(?) - finn ikkje!? - oppslag bygdebok?


Recommended Posts

Skrevet (endret)

Ludvig Johan Hagerup Edvardsen frå Strandbakken i Bodin, fødd i Bodin 14.4.1887 og svigerinna

 

Inga Marie Helene f. Johannessen, opphavleg frå Nord-Arnø i Gilleskål, men enkje etter Bertheus Arnfeldt Edvardsen på Strandbakken i Bodin (døydde 1934)

 

skal ifølgje slekti vera vigde KRING 1943

 

Eg har søkt gjennom vigslene for Bodin hovudsokn og for Bodø i perioden 1941-1945, men finn ikkje denne vigsli!  Skanna vigsler for Straumen sokn i Bodin er ikkje tilgjengelege.

 

Vigslene i krigsåri ser ut til alle å vera innskrivne i kyrkjebøkene for Bodin og Bodø.

 

Har nokon tips å komma med når det gjeld å finna denne vigsli?  Kan henda Norsk Lysingsblad?  Eller kanskje står det noko i bygdeboki under Strandbakken?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Skrevet

Dette ifølge Bodin Bygdebok II, Straumen-bindet: Strandbakken, gnr. 75 bnr. 2 i Bodin herred, er et bruk under gården Godøy eller Gøya. Bertheus Edvardsen, g.m. Inga Marie Johannesen, bodde på gnr. 75 bnr. 13, Sletvoll. Inga ble, som du sier, gift på nytt med Ludvig Edvardsen, men ingen vielsesdato er oppgitt i bygdeboken. Ludvig Edvardsen døde 27. august 1965.

 

Mvh Geir

Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Geir for kjapt svar!

 

Eg må berre seia meg lei for at bygdebokskrivaren ikkje har nemnt nokon vigselsdato for dette parfolket.  Kanskje heller ikkje han greidde å finna denne datoen?

 

Då veit eg ikkje korleis me nokon gong skal finna svar på dette spørsmålet...  Kanskje Norsk Lysingsblad er einaste sjansen vår?

Endret av Lars E. Øyane
Skrevet

Hei igjen, Lars!

 

Du kunne jo kanskje ta kontakt med kirkekontoret i Bodø for å undersøke om det kanskje kan finnes kirkebøker for Straumen etter 1935, kirkebøker som kanskje ennå ikke er avlevert statsarkivet.

 

Mvh Geir

  • 2 måneder senere...
Skrevet

Ein sein, men like hjarteleg takk til Geir for siste innlegg om dette problemet!

 

Eg har i dag endeleg fått "somla" meg til å kontakta kyrkjekontoret i Bodø, men dei seier dei ikkje har kyrkjebøker liggjande for Straumen sokn for den perioden som me er interesserte i.  Elles er eg vel helst litt skeptisk til at dei skulle ha gift seg i Straumen sokn, so lenge som dei budde i sjølve Bodin, men ein veit jo aldri...

 

Kanskje har du, Geir, eller andre, fleire tips?

Skrevet

Det var synd, Lars! Må bare innrømme at jeg føler meg tom for tips! Kan de ha giftet seg i et annet kirkesogn enn Bodø, Bodin, Straumen? Kanskje Norsk Lysingsblad er en mulighet?

 

Mvh Geir

Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Geir for nytt innlegg!

 

Truleg vert det vanskeleg å finna denne vigsli, men kyrkjekontoret i Bodø ville leita vidare, og dei har e-posten min, so finn dei noko, får eg melding om dette.  Me får halda fingri krossa...

Endret av Lars E. Øyane
Skrevet

Har du prøvd vigsels- og lysningprotokollene for Bodø sorenskriveri, som finnes i Statsarkivet i Trondheim? Kan de ha giftet seg borgerlig?

 

 

Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Grethe og Pål for dei siste innleggi om dette problemet!

 

Eg har ikkje gjort noko meir med denne saki sidan eg snakka med kyrkjekontoret i Bodø, og i dag er det komme ein e-post derifrå der eg mellom anna les følgjande:

 

~~~~~

 

"Har nu snakket med daglig leder i Saltstraumen menighet - og hun har faktisk sendt meg utskrift av kirkeboka for Saltstraumen.
der finner jeg at Ludvik Johan Hagerup Edvardsen (fisker, Saltstraumen) og Inga Marie Helene Johannesdatter (husmor) ble viet
av Salten Sorenskriver den 3.februar 1943."

 

~~~~~

 

So då er dette problemet endeleg løyst, bortsett ifrå: KVAR låg sorenskrivarkontoret i Salten i 1943?  I sjølve Bodø?

Endret av Lars E. Øyane
  • 5 år senere...
Skrevet (endret)

Interessant - Inga og Bertheus er mine besteforeldre.

Endret av Anne-Lene

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.