Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Bertha Olsdotter Ottum, fødd Luster 1850, enkje der i 1910 - hamna ho i Christiania?


Recommended Posts

Hjarteleg takk Sven for spennandce og nyttige innlegg!  Eg hasr fått kontakt med nolevande etterkomarar, so den «enden» av ættetavla skulle vera bra «i hamn»!

 

Eg har ogso søkt i bygdebøkene for Hurdal og Nannestad og fått svar på spørsmåli mine der.  Det er svært so bra at bygdebøker kan finnast på nettet.  Men det er jo til sjuande og sist eit «politisk» om det let seg gjera...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript der det vel ikkje er so mykje meir å finna utan hjelp frå nolevande etterkomarar, med mindre desse plassane under Blommenholm i Bærum og under Somdalen i Ådalen (Norderhov) kan identifiserast...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Jensson Ottum, fra Sva under Høyeim, var f. 6.7.1854 og gifte seg 7.7.1885 med Bertha Olsdotter, søster av føregåande husmann og herifrå plassen.  Ho var f. 8.7.1850.  Anders Jensson var skomakar og gardsarbeidar, men dei tok over som plassfolk i Bakkane frå 1885.

Anders Ottum vart sjuk og flytte sist på 1890-talet til eit sjukehus i Bergen der han d. 17.6.1906.

Bertha vart buande i Bakkane og styrte plassen fram til kring 1915.  Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.

Bertha Ottum flytte kring 1915 til dotter si på Korsvold i Vestre Aker, Christiania der ho d. som enkje 23.2.1927.

Anders og Bertha i Bakkane fekk to born i lag:

 1. Ole Andersson Ottum, f. 18.5.1885, var gardsarbeidar på Ottum fram til kring 1912.

Ole A. Ottum vart sjuk og flytte kring 1912 til eit sjukehus i Bergen der han d. ugift 11.11.1915.

 2. Anna Christina Andersdotter Ottum, f. 2.2.1888, var tenestejente og budde mellom anna på Lavoll i Luster fram til kring 1912.

Anna Ottum flytte kring 1912 til Christiania og gifte seg i Vestre Aker 3.4.1915 med enkjemannen Olaus Olausson, kjend som Olaus Olsen frå Korsvold i Vestre Aker.  Han var son av jordarbeidar Olaus Andersen på Langås i Vestre Aker, opphavleg frå Vikstuen under Nordbyvik i Nannestad, og kona Anna Marie Christophersdotter frå Kløfta under Brustad i Hurdal og f. i Vestre Aker 19.12.1877.  Olaus gifte seg første gongen i Vestre Aker 2.11.1898 med Gunda Mathilde Martinsdotter Hansen frå Ullernbråten i Vestre Aker.  Ho var dotter av arbeidar Martin Nicolai Hansen på Ullernbråten, opphavleg frå Blommenholmeiget i Bærum, og kona Thorina Andersdotter frå Somdalseiget i Ådalen, Norderhov, og f. på Lysaker under Fornebu i Bærum 16.12.1877.  Ho d. i Vestre Aker 2.12.1912.  Olaus var køyrekar og lagerarbeidar, men vart sidan vegvoktar, medan Anna ei tid var veverske. 

 

##### (sjekka yrki deira?)

 

Olaus budde levetidi ut på Korsvold i Vestre Aker der han d. 30.3.1951.  Anna Olsen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1965.  Olaus Olsen fekk i alt

 

##### (kor mange born i alt – minst fem frå første ekteskap!)

 

av dei var desse tre frå andre ekteskapet med Anna Ottum:

a. Gunnar Bertinius Olausson Olsen, f. i Vestre Aker 9.8.1915, d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Grefsen!)

 

     5.1.1979.  Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli deira?)

 

     med Mary Kristine

 

     ##### (jentenamn etc.?)

 

     f.

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     6.4.1918.  Ho d. på ein pleieheim i Oslo 8.11.2006. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (tal på søner og døtrer?)

 

b. Gerd Olausdotter Olsen, f. i Vestre Aker 15.8.1920, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Grefsen!)

 

     11.4.2009.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli deira?)

 

     med Harald Odvar

 

     ##### (farsnamn?)

 

     Olsen, f.

 

     ##### (fødestaden hans?)

 

     15.3.1913.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     10.4.2005. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (tal på søner og døtrer?)

 

c. Odd Olausson Olsen, f. i Vestre Aker 12.11.1921, d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     26.9.1990. 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar å ny for kjempefin hjelp!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.