Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gloppen Sfj 1783 - kven er "Nils Honningsvåg" i skifte?


Recommended Posts

I 1783 er det skifte på Fitjeøyra i Gloppen etter Anne Jakobsdtr. Ho vart gift med Anders Rasmusson Fitje i 1750, men dei fekk ikkje born. (Bustaden deira er også kalla Elvebakken eller Fitje).

 

Så når buet etter Anne skal gjerast opp etter hennar død i 1782, er det døtrene til bror hennar, Anders, som er nærmaste arvingar, og eg skulle gjerne identifisert desse, for å finne ut kven Anne er.

 

Døtrene blir skildra slik: "Anne Lisbet Andersdtr gift med Niels Honningsvog" og "Marthe Andersdtr værende enke og opholder sig i Bergen".

 

Her skulle det greiaste utgangspunktet vere Nils Honningsvåg, men eg finn ingen som passar. Er det nokon som kan bidra?

Eg ser at eg har eit syskenpar i Gloppen som KAN vere mogelege kandidatar til Anne og Anders.

 

Det dreiar seg om borna til Jakob Rasmusson Alme og kona Lisbet Rasmusdtr, f.Kvile.

 

Dei fekk 3 born: Kari, 1702 - Anne, 1703 - Anders, 1706, før Jakob døydde i 1707.

 

Lisbet gifte seg opp att med Knut Jakobson, men fekk ikkje born med han, og ho døydde i 1719.

 

Av desse tre borna veit eg Kari døydde barnlaus i 1770, men Anne og Anders har eg ikkje noko på etter at dei vart døypte. Dei KAN dermed vere aktuelle til syskenparet som er nemnde på Fitjeøyra; alderen til Anne ved død er rundtom passeleg.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.