Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Innvik SF - Kven er Mads Pederson "Kraagstad" ?


Recommended Posts

MERK: Overskrifta på tråden er redigert, sidan eg har flytta fokus.

 

Enkelte personar kjem innom Gloppen og forsvinn igjen, utan at eg greier å finne kvar dei kjem frå eller kvar dei reiser vidare.

 

Paret i overskrifta er eit slikt. Dei har 2 born til dåpen i Gloppen: Jakob, 1750 og Mads i 1752. Kanskje kan eg også koble dei til konfirmanten Brite Andersdtr Hestenes i 1750.

 

Med atterhald om at eg ikkje har registrert alle fadrane i soknet på denne tida, er dette dei einaste spora Anders og Anne set etter seg.

 

Er det nokon som dreg kjensel på denne familien?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Takk for godt tips! Eine fadderen til Mads er Marte Madsdtr Røset som eg les det, men det kan kanskje vere eit spor.

 

Kvar finn du det skiftet?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Med utgangspunkt i Mads Pederson Roset har eg i tillegg til desse to døtrene, Anne og Marte, ei eldre dotter Synnøve, gift med Anders Rasmusson Roset som er nemnd som formyndar i skiftet frå 1740.

 

Marte finn eg att som gift med Ola Ivarson Fjellkårstad i 1753, og med Rasmus Pederson Skrede i 1762; det er skifte etter henne på Rognes i Hornindal i 1792 (i levande live) - men sidan ho har born etter seg, får eg ikkje vite noko om syskena hennar.

 

Synnøve er nemnt som enkje i skifte på Roset i 1768, og eg finn henne ikkje død i Innvik.

 

Anne har eg ikkje funne nokon om.

 

Forresten - i bygdeboka er Mads kalla "Kraagstad". Kvar i geografien skal vi gå for å finne eit høveleg gardsnamn eller stadnamn?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Med dette spørsmålet endrar eg fokus for tråden.

 

Denne Mads Pederson "Kraagstad" finn eg i fyrste omgang i bygdebok for Innvik, på garden Roset - gift med Anne Pedersdtr - og vi har eit skifte-ekstrakt etter han i 1740, som dessverre berre inneheld namn på to umyndige arvingar.

 

Det som no gjer at eg fattar ekstra interesse for han, er dette "Kraagstad"-namnet - som eg ikkje veit kjelda for. Eg har leita etter eit gardsnamn som kan passe, utan å finne noko, men kanskje har eg leita for snevert?

 

Svigerfaren hans er nemleg Peder Jakobson Roset, f.ca 1660, og Peder sin bror var Lars Jakobson Tonning, gift  med Anne Nilsdtr, som vi "røykte ut" slekta til i denne tråden - https://forum.arkivverket.no/topic/190711-skifte-etter-lagmann-j%C3%B8rgen-philipson-i-16967-arv-etter-han-p%C3%A5-tonning-i-stryn-korleis/?hl=filipson#entry1613391

 

Så derfor sender eg like godt spørsmål austover: Kan det finnast ein brukande kandidat i området som vi hadde føre oss i den andre tråden? Eg tenkjer på stadnamnet Krokstadelva - ?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Jeg har ingen opplysninger om de nevnte personer, men gjør oppmerksom på at det finnes en gard Krokstad i Nedre Eiker: http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50 (Buskerud - Nedre Eiker - 38 Krokstad)

 

Jeg kikket raskt gjennom registerkortene for skifter på Krokstad, men fant ingen spor der: http://arkivverket.no/URN:sk_read/4890/3001/

Kan det ha samanheng med Krokstadvatnet i nærleiken av Eikefjord i Flora kommune og som også delvis ligg i Gloppen kommune?

 

http://www.norgeskart.no/?sok=Krogstad#13/4633/6867015/+hits

 

Ser ikkje ut til å ha vore stor busetnad men kanskje i det aktuelle tidsromet?

Hjerteleg takk! Syster Guri Pederdtr i Oppland - interessant. Då skal vi truleg austover for å finne opphavet deira.

 

Redigert: Med avansert eigedomssøk finn eg gardsnamnet Krogstad i Lom, Skjåk, Dovre og Gausdal - !

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • 2 uker senere...

Skulle dei vera ifrå Skjåk (den gong under Lom), så kunne denne familien vera nær: https://media.digitalarkivet.no/view/39945/1558

 

Guri kan jo vera ei mistyding av Jøran (Giøraand) eller Kari. Rasmus døydde ikring 1716, og hadde heimegarden. Mats, Lars, Torø, Kari og Jøran veit me ikkje meir om lagnaden til. 

Dette tykkjer eg ser SVÆRT lovande ut. Gjørond i ulike former er ikkje noko kjent namn på våre kantar, og det ville ikkje vere urimeleg å tolke det som Guri. Eg ser også at den potensielle mora heiter Synnøve - som er det namnet Mads Roset gjev til eldste dotter si.

 

Endå ei redigering: Du skriv at Rasmus døydde ca 1716. Veit du noko om eventuelle etterkomarar?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Ja, det var skifte etter Rasmus 18. mai 1716 på Krokstad (fol. 175a), kor døtrene er nemnde, med morbroren Per Bøje som formyndar.
Born:
1. Synne, f. kring 1698, d. __. Nemnt 18 år gamal ved skiftet etter faren.
2. Synne, f. kring 1701. Neste brukar på Systugu Krokstad, gift og fekk i alle fall fem born. 
3. Marit, f. kring 1704, gravl. 20.10.1771 frå Krokstad – nemnt 70 år gamal.

Kan jo vera at dei nemnte berre dei attlevande syskena, då det uansett ikkje var nokon arv å snyte andre arvingar for. Dei var nok ikkje til stades, men "blev angivet" å vera arvingar (etter det enkja kunne hugse?). 

 

Men dette byrjar å verta litt vel dristig gissing! 

Lars sin bror Mads på Roset er framleis i live ved skiftet på Grov, og dei to gardane ligg i same prestegjeldet. Ein skulle tru at han var litt meir orientert, eventuelt, men det var ikkje Facebook og SMS å holde kontakt over fjellet med heller; nei, dette er framleis ein interessant familie, men beviset manglar.

  • 4 år senere...
På 26.4.2016 den 18.28, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Marte finn eg att som gift med Ola Ivarson Fjellkårstad i 1753, og med Rasmus Pederson Skrede i 1762; det er skifte etter henne på Rognes i Hornindal i 1792 (i levande live) - men sidan ho har born etter seg, får eg ikkje vite noko om syskena hennar

Sjølv om dette er ein eldgammal tråd vil eg skrive ein kommentar for å rette opp ein feil i det eg skriv her; 

Marte sin mann er Ola JONSON Fjellkårstad, ikkje Ivarson. Han er son til Jon Botolvson Hammar og kona Ågåte.

Hei  Aase.

 

Har du disse under kontroll:

 

Hadde vært kjekt å vite gård/opphav.

 

1665

image.png.f8c7da714b80bbad8e449f0890de26b7.png

 

 

 

 

1659

image.png.b7939a0e00137c24e37832a07efe5763.png

 

1645

image.png.27cfed56cd452cfdffbeb23c3b55a6ab.png

 

1661

image.png.20aa07c1dca4efa1620b709e5256d5e8.png

 

 

https://www.nb.no/nbsok/nb/2e55f6c93092f427288be183e191e18b?lang=no#29

 

 

Endret av Ivar Moe
7 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg har etter diverse gransking for eit par år sidan kome til at Peder Monsson Fitje er son til Mons Byrgeson Arnestad.

 

Supert Aase, da er den på plass.

 

Prøver å kartlegge så mange som mulig av sogninger og fjordinger som er å finne i Bergen som borgere. 

 

Takk skal du ha. 

 

Har du andre fra borgerboka som du kjenner igen frem til 1750 så vil jeg være svært takknemmlig om du vil dele info

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.