Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Rettsak 1850-1870


Recommended Posts

Skrevet

Er det mogeleg å finne straffesaka og dommen i nedanforståande tilfelle i noko arkiv?


 


Tre bønder i Fresvik i Sogn brende ned eitt eller fleire sel på stølen Tundalen, dei vart dømde og måtte sona straffa.  Karane som brende var Jon Olsson Bøtun (1831-1907), Peder Hansson Bøtun (1828-1902) og Nils Jakobson Høgheim (1828-1902). Dei tre karane måtte på straff. Mest sannsynleg var rettsaka mellom 1850 og 1870, men det kan også vere etter 1870.


 


Er det mogeleg å finne fram til opplysningar om denne saka?


 


Anne Marie B Øyri. 


 


 


Skrevet

Ei slik sak vil vere protokollført og referert i justisprotokollane for Indre Sogn sorenskrivardøme (reknar med at det er Fresvik i Indre Sogn det er snakk om).

Dei er skanna fram til om lag 1820 https://media.digitalarkivet.no/rg/browse?archives%5B%5D=no-a1450-07000000000542&counties%5B%5D=14&start_year=&end_year=&text=

og det vil vel seie at du må på Statsarkivet i Bergen for å leite. 

 

Det ser ut til at dei nyaste skanna har eit register - så då er det von om at det gjeld 20-40 år seinare også.

  • 2 uker senere...
Skrevet

Takkar for hjelpa. Ser ut til at eg finn ein god del protokollar på nettet, men rimeleg langdryg jobb å leita gjennom når eg ikkje har nærer opplysningar om år.

Skrevet

Fresvik var del av Leikanger prestegjeld. Det høyrde til sorenskrivaren for Ytre Sogn.
Frå 1850 til 1974 hadde sorenskrivaren for Ytre Sogn kontor på Leikanger.

Skrevet

Ja vi høyrer nok til ytre, så det er der eg evt finn opplysningar om denne saka. :)

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.