Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Søskenflokken Severson/Hanson frå Dane Co., WI - kvar vart dei av? - ei utfordring av dimensjonar!


Recommended Posts

Eg kjem i kveld med ei ny utfordring frå Amerika som eg har stått «bom fast» på i mange år.  Kanskje det no kan lata seg gjera finna ei løysing?

 

Hans Sjurson Børtnes (Urnes) (1818-1878) og andre kona hans, Kirsti Christensdotter f. Aasen (1824-1912) utvandra til Amerika i 1855 og busette seg som farmarar i Dunn township, like utanfor byen McFarland, Dane Co., WI.  Dei fekk ti born i lag, men fire av desse døydde unge og ugifte.  So lenge faren levde (han døydde i 1878), nytta huslyden SEVERSON som ættenamn; sidan gjekk det på HANSON...  Dei seks borni som var att, var desse:

 

* Elisabeth Severson/Hanson, fødd i Hafslo 8.1.1854, nemnd i 1860 som Betsey Severson - konfirmert i 1869 - kan henda tenestejente i Stoughton, WI Betsey Severson i 1870 - sidan ukjend

 

* Christopher Severson/Hanson, fødd i Dane Co., WI 21.1.1857, nemnd i 1860 og 1870 som Christopher Severson - konfirmert i 1872 - sidan ukjend - kan henda farmar Christopher Severson i Nesheim township, Nelson Co., N D i 1885?

 

* Johan, kjend som John Hanson, fødd i Dane Co., WI 20.9.1858, tok over heimefarmen etter foreldri og døydde i Madison, WI 3.4.1938.  Han var ugift.

 

* Anna Louise Severson/Hanson, fødd i Dane Co., WI 14.10.1859, nemnd i 1860 som Louise Severson, i 1870 som Anna Severson - konfirmert i 1874 - sidan ukjend

 

* Betsy Christine Severson/Hanson, fødd i Dane Co., WI 15.3.1861, nemnd i 1870 som Betsy Severson, konfirmert i 1876 - sidan ukjend

 

* Andreas, kjend som Andrew Severson/Hanson, fødd i Dane Co., WI 10.7.1863, nemnd i 1870 som Andrew Severson og i 1880 som Andrew Hanson - sidan ukjend

 

FT1900 og FT1910 fortel båe at av mori Kirsti sine ti born, levde då berre tre, ein av dei var Johannes «John»; dei budde i lag på farmen, men kven var dei andre to som levde?  Me har fem alternativ!!

 

Samstundes veit me at alle søskeni døydde FØR 1938, for då Johannes «John» døydde dette året, levde det berre att ei kusine, Mrs. Andrew Werken i Madison, WI (= Ida Caroline f. Hillstad 1869-1948 - ei dotter av Lucris Christensdotter f. Aasen) og ei ikkje namngjevi niese i Chicago, IL, noko som igjen kan tyda på at minst eitt av søskeni hans budde i Chicago, IL!?

 

Uansett; dei to søskeni i denne huslyden som levde opp, bør vera å finna i FT1880, 1900 og 1910, men kvar??

 

Om nokon greier å finna spor etter minst eitt av desse søskeni, ville det for meg vera som å få julekvelden på forskòt, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

NB: Innlegget oppdatert med rettingar jmf. innlegg #2!

Endret av Lars E. Øyane

Eg er i dag vorten merksam på to brør i FT1885 for T149 R59 i ND (den gongen Dakota Territory!) som KAN høyra til denne ætti frå Børtnes i Hafslo:

 

SEVERSON, John N  28  WI  Nor  Nor  farmer

SEVERSON, Christopher  26  WI  Nor  Nor  farmer

 

Om dette er «våre» folkl, er aldrene tydeleg bytt om.  John har sikkert fått ein mellombokstav fordi ein av dei næraste naboane hans heitte John S. Severson!  Mellombokstaven til John KAN vera feilskriven N for H...  Dei er «katalogiserte» av ancerstry.com under Mountrail Co., ND, men ifølgje kartet mitt, er T149 R59 identisk med Nesheim township, Nelson Co., ND!

 

Kanskje var John ei tid farmar i ND for so å ta over farmen i Dunn township, Dane Co., WI noko seinare?

 

Elles har eg no i ettermiddag fått sjekka ut konfirmantlistene for Koshkonong kyrkjelyd i Dane Co., WI, og dei har gjeve meg ein par overraskingar!!

 

** For det første, dotteri Elisabeth levde etter 1861 og vart konfirmert i 1869.  Kanskje er ho identisk med ei tenestejente Betsey Severson på 17 år som i 1870 var tenestejente i Stoughton, WI!

 

** Christopher Severson vart konfiormert i 1872

 

** Anna Louise Severson vart konfirmert i 1874

 

Soleis er ogso Elisabeth ein aktuell «kandidat» for dotteri som framleis levde i 1900 og i 1910!!

 

Eg har endra opningsinnlegget mitt ovanfor for å reflektera desse nyoppdaga opplysningane og takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Betsy Severson - en kandidat??

1880 United States Federal Census
Name: Betsy Syverson
Age: 19
Birth Year: abt 1861
Birthplace: Wisconsin
Home in 1880: Taylor, Jackson, Wisconsin
Race: White
Gender: Female
Marital Status: Single
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Neighbors: View others on page
Occupation: Servant
 
 
Kan dette være samme dame??
Minnesota, Territorial and State Censuses, 1849-1905
Name: Betsy Severtson
Age: 25
Census Date: 1 May 1885
County: Faribault
Locality: Brush Creek
Birth Location: Wisconsin
Gender: Female
Estimated birth year: abt 1860
Race: White
LINE: 3

http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc=Myu88&_phstart=successSource&usePUBJs=true&gss=angs-g&new=1&rank=1&gsfn=Betsy%20Christine%20&gsfn_x=0&gsln=Severson&gsln_x=0&msbdy_x=1&msbdp=1&MSAV=1&msbdy=1861&msbpn__ftp=Wisconsin,%20USA&msbpn=52&msbpn_PInfo=5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C52%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C&msbpn_x=1&msbpn__ftp_x=1&cpxt=1&cp=12&catbucket=r&uidh=yzi&pcat=ROOT_CATEGORY&h=4680885&recoff=9%2010&db=MNstatecen&indiv=1&ml_rpos=12

 

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VJGY-XG3

 

Name: Anna Severson
Event Type: Death
Event Date: 30 Sep 1886
Event Place: Dunn, Wisconsin

 

 

Find a grave - http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=119780308&ref=acom

Anna Severson
Birth: 1876, Norway
Death: Sep. 30, 1886
Menomonie
Dunn County
Wisconsin, USA
 
10y diphtheria cause of death
 
Parents And & Daurtel Severson
 
Burial:
Evergreen Cemetery 
Menomonie
Dunn County
Wisconsin, USA
Plot: Row3 No. 82
Endret av Egil Johannessen

 

Find a grave - http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=119780308&ref=acom

Anna Severson

Birth: 1876, Norway

Death: Sep. 30, 1886

Menomonie

Dunn County

Wisconsin, USA

 

10y diphtheria cause of death

 

Parents And & Daurtel Severson

 

Burial:

Evergreen Cemetery

Menomonie

Dunn County

Wisconsin, USA

Plot: Row3 No. 82

 

På samme kirkegård ligger denne:

Pvt William Severson

Birth: 1874Death: Apr. 10, 1951trans.gif

77y

 

Spanish American War

 

Burial:

Evergreen Cemetery

Menomonie

Dunn County

Wisconsin, USA

Plot: 250

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: WJH

Record added: Nov 04, 2013

Find A Grave Memorial# 119780337

----

 

Det var kun Anna og William som hadde etternavnet Severson på denne kirkegården.

Endret av Ann-Mary Engum

Hjarteleg takk til Egil, Grethe og Ann-Mary for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld Betsey Severson, 1880 i Jackson Co., WI og 1885 i Faribault Co., MN, so er det tale om to ulike personar.  Jenta frå Faribault Co., MN var gift med ein Chris Severtson, so Severtson var neppe jentenamnet hennar, og ganske riktig: det er nok tale om dette parfolket:

 

~~~~~

 

Name: Christ Severson

Birth Date: 1855

Age: 23

Spouse's Name: Betsey Anderson

Spouse's Birth Date: 1860

Spouse's Age: 18

Event Date: 18 Dec 1878

Event Place: Freeborn Co, Minnesota

 

~~~~~

 

MEN, jenta frå Jackson Co., WI 1880, Betsy Syverson, KAN vera ein god «kandidat»!  Og ser mer på naboane til Christopher Severson frå Nelson Co., ND 1885, var ogso der folk som var komne dit nettopp frå Jackson Co., WI, men det ser ut til å vera to eller tre andre jenter i Wisconsin i 1870 med same namn som KAN vera flytte til Jackson Co., WI, so førebels er ikkje denne Betsy meir enn ein «god kandidat»!

 

Når det gjeld Severson-huslyden i Dunn Co., WI, kan eg ikkje sjå at dei har noko med «vår» Severson/Hanson huslyd å gjera...

 

Nei, denne utfordringi er sovisst ikkje noki enkel floke å løysa, men eg har tru på Brukarforum, og er overtydd om at ei og anna løysing etter kvart vil dukka opp!  Kanskje er CHICAGO, IL tross alt ein stad å leita?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Kan dette være Andrew Hanson, f. 1863?

 

Record Image No Image

Text-only collection

Add alternate information

Report issue

Name: Andrew Hansen

Birth Date: abt 1864

Birth Place: McFarlan, Dade Co., Wisconsin

Death Date: 21 Apr 1888

Death Place: Chicago, Cook, Illinois

Cemetery Name: Graceland

Death Age: 24

Occupation: Farmer

Marital Status: Single

Gender: Male

FHL Film Number: 1030929

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Denne Andrew Hansen høver glimrande på «vår» Andrew, og eg har alt bede om ein kopi av originalen frå Amerika.  Særleg interessant vert det å sjå kven som var informant.  Bustadadressen hans er eit anna «element» som er vel verd å følgja opp: 117 Townsend street!  Kanskje det gøymer seg ei søster i same huset??

 

Nok ein kjempetakk for framifrå hjelp!

Er dette familien Severson i ft 1870, Dunn, Wisconsin:

 

 

Name: Hans Severson

Age in 1870: 50

Birth Year: abt 1820

Birthplace: Norway

Home in 1870: Dunn, Dane, Wisconsin

Gender: Male

Post Office: McFarland

Value of real estate: View image

Household Members:

Name Age

Hans Severson 50

Christie Severson 46

Christopher Severson 13

John Severson 11

Anna Severson 10

Betsy Severson 9

Andras Severson 6

Hans Severson 4

Mary Severson 1

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nytt innlegg om denne huslyden!

 

Yes, du har finne dei rette folki i FT1870.  Då skreiv dei seg framleis Severson, so lenge Hans levde (i 1860 er dei alfabetiserte under Leverson!).  I 1880 hadde dei gått over til Hanson!

 

Enno ein kjempetakk for framifrå hjelp!

Stemmer dette, datter av Hans Sjursen og Christie:

 

Betsy Christine Luersen

Event Type: Baptism

Birth Date: 15 Mar 1861

Baptism Date: 14 Jul 1861

Baptism Place: Stoughton, Wisconsin

Father: Haus Luersen

Mother: Christi Christain

Church Name: Koshkonong

Church Location: Stoughton, Wisconsin

 

I originalen står det ganske tydelig Hans Sjursen.

 

 

Går litt i surr på hvilke stedsnavn i Wisconsin jeg kan bruke i søk på Ancestry, derfor la jeg inn dåpen her.

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit nytt innlegg!

 

Yes, du har finne fødsli til dotteri Betsy Christine!  Som du ser, stemmer fødselsdatoen med den eg har i innlegg #1.  Om du søker vidare, vil du òg finna dei fleste andre fødslene der, men nokre av dei er «godt gøymde»!  Søkeparameter er helst McFarland, men det kan òg stå Stoughton, Blooming Grove eller, eg har òg sett, DeForest, sjølv om det ligg ganske so langt unna...  Alle desse stadane er i Dane Co., WI!

 

Eg har no motteke ein kopi av dødsattesten til Andrew Hansen frå Chicago, IL.  Diverre er ingen informant oppgjeven, men nøyaktig alder på 24 år, 7 månader og 24 dagar.  Det stemmer vel ikkje heilt, men me kjem ganske so nær!!  Han hadde vore sjuk med «consumption» (tuberkulose) i to år og hadde butt i Chicago, IL i 15 månader.  Tuberkulosen herja frykteleg i Midt-Vesten på den tidi, og eg reknar med at nesten alle desse søskeni døydde av same sjukdom!

 

Eg har kontakta Graceland cemetery i Chicago, IL og vonar dei kan finna opplysningar om søsken som ligg gravlagd i lag med han...  Elles lyt me freista finna ut kven andre som kan ha butt i 117 Townsend i Chicago, IL på den tidi; det finst ei Chicago «city directory» for 1888, men den er ikkje søkberr på adresser..., so å finna nokon på same adresse vert ikkje noki enkel oppgåve...

 

MEN; ei av søstrene ser ut til å ha dukka opp!  På «Find-a-grave» finst det ei grav i McFarland, WI for ei Anna Severson BURTNES med dødsåret 1878!  Det er endå eit bilete av støtta, og kan henda står det ein dødsdato på ho, men eg greier ikkje å lesa denne...  Det er nok Anna Louise som er gravlagd der...

 

Etter dette sit me att med tre søsken som skal «fylla» dei to søskenplassane i 1900 og 1910:

 

* Elisabeth «Betsey», fødd i Hafslo 8.1.1854

 

* Christopher, fødd i Dane Co., WI 21.1.1857

 

* Betsy Christine, fødd i Dane Co., WI 15.3.1861

 

So, me kjem nærare ei løysing av oppgåvi, og eg takkar nok ein gong for kjempehjelpi med å finna ut av denne huslyden!

Fra innlegg 2:

Om dette er «våre» folkl, er aldrene tydeleg bytt om. John har sikkert fått ein mellombokstav fordi ein av dei næraste naboane hans heitte John S. Severson! Mellombokstaven til John KAN vera feilskriven N for H... Dei er «katalogiserte» av ancerstry.com under Mountrail Co., ND, men ifølgje kartet mitt, er T149 R59 identisk med Nesheim township, Nelson Co., ND!

 

---------------

Fant en Betsy, f. 1861 i Wisconsin, gift med Jacob, etternavn er omtrent umulig å tyde i originalen. Klare å se at Betsy er født i Wisconsin med foreldre født i Norge.

 

Betsy

County: Mountrail

Town/City: Enumeration District 36

State/Territory: Dakota Territory, USA

Census Date: 1 Jun 1885

Age: 24

Birth Year: abt 1861

Birth Place: Wisconsin

Relation to Head of House: Wife

Page: 16

LINE: 10

Household Members:

Name Age

Jacob 30

Betsy 24

 

John og Christopher, enumeration district 36, side 14, Betsy og Jacob, samme district, s. 16.

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit nytt spennande innlegg!

 

Jau, hadde me berre kunna tyda kva denne Jacob heitte til etternamn...!  Det ser ut som Dobreke eller noko slikt, men det namnet får eg ingen treff på elles, so det er sikkert feil...!  Det ser ut til at ogso dette parfolket budde i det som sidan vart Nesheim township, Nelson Co., ND, men det er ingen tyskfødd Jacob i Nelson Co., ND i 1900, so han må vera bortflytt!  Ein av naboane hans var Samuel Samson, 52 år og fødd i Noreg, ogso han med kone Betsy.  Desse var i 1900 framleis busette i det som sidan vart Nesheim township, og ei kartbok syner at Samuel åtte land i Section 8 og Section 9!

 

Eg skal freista undersøkja denne saki litt nærare!

 

I mellomtidi har eg oppdaga eit par spennande vigsler i Chicago, IL:

 

5.5.1883:

William Browne, aged 28, born in Chicago, IL

Bettie Hanson, aged 21, born in Madison, WI

 

7.4.1888:

Benedig Carstensen, aged 48

Elizabet Hansen, aged 36

 

Eg har so langt ikkje greidd å finna ut noko meir om nokon av desse, bortsett ifrå:

 

Chicago, IL city directory for 1882: Bendix Carstensen, laborer, 65 N. Western Avenue

Chicago, IL city directory for 1885: Bennett Carstensen, tailor, 645 E. Erie

Chicago, IL city directory for 1887: Bentik Carstensen, tailor, 624 W. Indiana

Moline, IL city directory frå 1897: Benjamin Carstensen, clerk, 1406 3rd Avenue

(denne siste var truleg fødd i Iowa, gift med Grace, men døydde før 1900)

 

Den første av desse to KAN vera Betsy Christine, fødd 1861, medan hin KAN vera Elisabeth, fødd 1854...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Heisan, her har me endå ein spennande «kandidat» frå Chicago, IL. vigselsregisteret:

 

5.7.1883

Julius Thiel, aged 31

Eliza Hanson, aged 29

 

Ein Julius Thiel døydde i Chicago, IL 22.12.1889, 37 years, stone mason, married, buried Oakwood, men han som døydde i 1889, KAN òg vera den Julius Thiel, aged 36, som 24.11.1888 gifte seg i Chicago, IL med Caroline Kollak

 

Kan denne Eliza vera «vår» Elisabeth Severson/Hanson?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Eg har på ny vore i kontakt med styresmaktene i Nelson Co., ND, og dei vil freista finna ut kven denne tyske Jacob frå FT1885 kan ha vore.  Eg ser forresten at NDSU har «tolka» ættenamnet til Dobmier, men då eg ikkje kan finna andre personar med dette namnet, trur eg det er feil!

 

Elles, når det gjeld Julius Thiel og Eliza Hanson frå føregåande innlegg, so har eg finne to born fødde i Chicago, IL som ser ut til å vera deira:

 

* Franz Thiele, fødd 16.3.1882 av Julius Thiele og Eliese Johansen

 

* Pauline Thiele, fødd 21.4.1886 av Julius Thiele, fødd i «Schlessien, Germany» og Elsie Thiele, fødd i «Londern, Germany».

 

Etter dette ser det altso ut til at Elisabeth Severson/Hanson IKKJE kan vera identisk med denne dama...!

 

So får me kanskje vona på ein av dei andre «kandidatane»...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Et øyeblikk trodde jeg at jeg var på sporet av noe, Lars, da jeg fant denne - men så dukker en Albert Hanson og ingen av barna til Hans Severson het Albert....! Og det står heller ikke noe om at nevnte slektning Andrew var Christopher Hansons bror....!

 

Christopher Hanson

  •  Birth:  unknown Death:  Jul. 18, 1901 trans.gif

The Hayward Republican
Thursday, August 22, 1901

Died
At the home of his brother, Andrew Hanson, Sunday, August 18, 1901, Christopher Hanson aged about 44 years.

Chris was taken ill about four weeks ago, since which time little hope was entertained by physicians and friends of his recovery. Chris had been a resident of Hayward for about 17 years, during which time he made many warm friends. he was some thing of a politician, and done much to assist his friends to office. he was elected constable at one or two spring elections, performing the duties of the office to the entire satisfaction of all interested parties. 

He was unmarried, and so far as we know, leaves but one relative in this country, Andrew Hanson, of this city.

Being a member of the ISWA, that order took care of him during his sickness, and also conducted the burial of his remains. The funeral was held Tuesday afternoon with Rev. Sagen officiating.

August 29, 1901

Albert Hanson, brother of the late Christoffer Hanson, arrived from Canada one day last week, too late to see his brother alive, or to see him buried.   

 

Burial:
Greenwood Cemetery 
Hayward
Sawyer County
Wisconsin, USA  
Created by: Karen Duffy
Record added: Jan 26, 2013 
 

 

Endret av Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for siste spennande innlegget!

 

Soga om Christopher Hanson i Sawyer Co., WI såg svært so interessant ut, men, som du seier, han hadde ingen bror Albert, og dessutan budde ikkje broren Anders i Sawyer Co., WI.  Han døydde jo i Chicago, IL i 1888!

 

Ser me på FT1900, budde det då ein ugift Christ Hanson i Hayward, Sawyer Co., WI, fødd i mars 1847 i Noreg.  Det må vera han som døydde i 1901, men alderen er ti år feil, anten i teljingi eller i dødsmeldingi...  Uansett so er ikkje dette «vår» mann, so me lyt nok leita vidare...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne søskenflokken!

NDSU Archives,

North Dakota Naturalization Records Index

 

https://library.ndsu.edu/db/naturalization/results

 

 

Her er det tre Jacob fra Germany, med forskjellig etternavn, to av de med etternavn på K som trolig er samme person, i Nelson County.

Kan dette være noe å undersøke videre?

 

 

Jeg har gjort et kjapt søk på Ancestry, men ikke funnet noen god kandidater.

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg har sjekka ut dette «naturalization index» og finn dei tyskfødde Jacob'ene i Nelson Co., ND

 

** Den første eg stogga opp ved var Jacob Franzen frå Prussia.  Han finn eg att i FT1900 i Center township, Nelson Co., ND fødd i Tyskland sep. 1861, enkjemann med sju born med mor fødd i WISCONSIN.  Han er gravlagd i Lakota cemetery med kone og fleire av borni:

 

FRANZEN, Jacob 11 Sep 1861 - 13.4.1928

FRANZEN, Mother 12 Oct 1861 - 18.8.1897

 

Det står ikkje namn på kona, men fødselsdatoen stemmer ikkje, og heller ikkje stemmer alderen på Jacob med mannen frå 1885!

 

** Den neste eg finn er Jacob Kueber.  Han er 1900 i Rugh township, Nelson Co., ND, fødd i Tyskland mai 1872.  Kona Mary er frå Holland, so han er det i alle fall ikkje!

 

** Den siste eg finn er Jacob Messner.  Han er 1900 i Forde township, Nelson Co., ND, fødd i Tyskland okt. 1861.  Kona Lina er fødd i Wisoconsin med foreldre frå Tyskland!  So han er det heller ikkje!!

 

So denne tyske Jacob frå Nelson Co., ND 1885 er framleis eit «mysterium».  Me får vona at dei lokale styresmaktene finn ut av dette...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om desse søskeni!

  • 2 uker senere...

Eg KAN ha gjort ei gjennombrytande oppdaging når det gjeld problemstillingi kring Andrew Hanson i Chicago, IL og søsteri hans som eg trur budde der!

 

I innlegg #15 på førre sida nemnde eg at eg mellom anna hadde oppdaga denne vigsli i Chicago, IL:

 

5.5.1883:

William Browne, aged 28, born in Chicago, IL

Bettie Hanson, aged 21, born in Madison, WI

 

No har eg motteke ei liste over personane som i 1887 budde på den adressen der Andrew døydde i 1888, 117 Townsend:

 

~~~~~~~~~

 

Brown William B. saloon 61 Chicago av. h. 117 Townsend

Erickson Samuel E. clk. 3 County bldg. 11. 117 Townsend

Johnson John, lab. h. 117 Townsend

Schober Charles, lab. bds. 117 Townsend

Schober Christine, wid. John, h. 117 Townsend
 

~~~~~~~~~

 

Samuel Erickson var svenske, medan Charles Schober var tysk (mor hans var Christine).  Eg har finne dei att i andre kjelder og ser at ingen av dei kan «høva».  John Johnson har eg gjeve opp å leita etter, men so var det William B. Brown, mannen med saloon!  Kva trur de?

 

Samuel Browne ovanfor gifte seg med Bettie Hanson i 1883!!

 

Eg ser at William B. Brown framleis budde i same huset i 1888, før han forsvinn!  Men truleg er desse to same mann:

 

* William B. Brown, «carrier P.O.» i 1882 bus. 154 Sedgwick i Chicago, IL

 

* William B. Brown, «carrier P.O.» i 1885 bus. 107(!) Townsend i Chicago, IL

 

~~~~~

 

Eg tykkjer dette ser svært so lovande ut med omsyn til søsteri Betsy Christine Severson/Hanson, men er det mogeleg å finna ut kva som skjedde med Betsy «Bettie» og William Brown??

 

Eg held fingra vel krossa og vonar på at dette skal verta årets julegåve!!

 

Hjarteleg takk for all god hjelp og God Jul til alle i Brukarforum!

Endret av Lars E. Øyane
  • 2 uker senere...

Eg syner til føregåande innlegg der eg no har motteke ein kopi av denne vigsli;

 

I Chicago, IL 5.5.1883 vigde av Rev. John Z. Torgerson in a Lutheran ceremony:

William Browne, aged 28 OF Chicago, IL

Bettie Hanson, aged 21 OF Madison, WI

 

William B. Brown, 1882-1885 mail carrier i Chicago, IL og 1887-1888 saloon keeper i Chicago, IL, var med andre ord fødd kring 1855, men me veit ikkje KVAR!  Sidan dei vart vigde av ein norsk-luthersk prest, KAN han for den saks skuld godt ha vore NORDMANN!?

 

Bettie (Betsey Christine) Hanson (Severson) var, som me før har vore inne på, fødd i McFarland, Dane Co., WI 15.3.1861.

 

Eg har ikkje finne born av William og Bettie i Chicago, IL 1883-1888!

 

Men kvar vart det av dei etter 1888??

 

Det hadde vore fantastisk om denne utfordringi no kunne verta løyst!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og ønskjer dykk alle nok ein gong eit godt nytt år!

  • 4 uker senere...

Eg syner til innlegg #23 ovanfor:

 

Eg syner til føregåande innlegg der eg no har motteke ein kopi av denne vigsli;

 

I Chicago, IL 5.5.1883 vigde av Rev. John Z. Torgerson in a Lutheran ceremony:

William Browne, aged 28 OF Chicago, IL

Bettie Hanson, aged 21 OF Madison, WI

 

William B. Brown, 1882-1885 mail carrier i Chicago, IL og 1887-1888 saloon keeper i Chicago, IL, var med andre ord fødd kring 1855, men me veit ikkje KVAR!  Sidan dei vart vigde av ein norsk-luthersk prest, KAN han for den saks skuld godt ha vore NORDMANN!?

 

Bettie (Betsey Christine) Hanson (Severson) var, som me før har vore inne på, fødd i McFarland, Dane Co., WI 15.3.1861.

 

Eg har ikkje finne born av William og Bettie i Chicago, IL 1883-1888!

 

Men kvar vart det av dei etter 1888??

 

Det hadde vore fantastisk om denne utfordringi no kunne verta løyst!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og ønskjer dykk alle nok ein gong eit godt nytt år!

 

Eg har i dag fått nye interessante opplysningar om William Brown.  Kyrkjeboki for Bethania parish i Chicago, IL som inneheld vigsli deira frå 5.5.1883, fortel oss at

 

William Brown, 28 år, var fødd i SVERIGE

Bette Hanson, 21 år, var fødd i McFarland, WI

 

Då er talet på alternativ svært so avgrensa, og i første omgongen tenkjer eg kanskje denne karen kan vera «vår» mann:

 

* Will Braun, 25, Swe  Swe  Swe  cabinet maker, single - lived in Chicago,IL in 1880

 

Og sidan me veit at «vår» William òg kalla seg for William B. Brown, er truleg ogso denne karen eit alternativ:

 

Name: W. B. Brown

Event Type: Death

Event Date: 12 Feb 1902

Event Place: Cook, Illinois, United States

Gender: Male

Age: 45

Marital Status: Widowed

Ethnicity: American

Race: White

Occupation: Laborer

Birth Year (Estimated): 1857

Birthplace: Sweden

Burial Date: 18 Feb 1902

 

Eg har alt sendt etter den original dødsattesten for mellom anna å sjå kvar W. B. Brown er gravlagd...

 

Redigert: Svar kom frå Amerika etter berre 10 minutt:  W. B. Brown er gravlagd på «Policlinic», so rimeligvis er liket donert til forskingsføremål...  Einaste andre opplysningi av interesse er at han hadde butt i Illinois i 20 år, og det kan vel høva ganske so bra...!

 

Men det finst ogso andre William Browns fødde i Sverige kring 1855, mellom anna i San Francisco, CA, i Montana og i Alaska, so kan henda har eg «feil» mann?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.