Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Bernt «Ben» Christianson frå Gilberg i Fåberg (1862-1917) - utvandrar til Wisconsin - bustadar 1905 og 1910? - dato og stad for dødsfallet hans?


Recommended Posts

Skrevet (endret)

Denne personen ligg gravlagd på Oak Park cemetery i Mondovi, Buffalo Co., WI:

 

B. Christianson  1858 - 1917

 

Mannen som skjuler seg bak denne støtta, er:

 

Bernt Christianson, fødd på husmannsplassen Brennum under garden Gilberg øvre i Fåberg 14.10.1862.  Han utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Alma, Buffalo Co., WI 10.3.1889 med enkja Maria «Mary» Jensen, f. Urness, fødd i Hafslo, Noreg 15.5.1853 og utvandra i 1861.  Ho døydde i Minneapolis, MN 2.5.1935 og ligg gravlagd attåt mann sin i Oak Park cemetery!

 

Bernt, i Amerika kjend som Ben Christianson, vert sagt å ha vore handelsmann «merchant» i Mondovi, Buffalo Co., WI, men som enkje flytte Mary til einaste barnet sitt, ein son frå første ekteskapet, i Moinneapolis, MN.

 

Til tross for denne utsegni, finn eg dei i

 

FT1900: Boyd village, Chippewa Co., WI:

CHRISTENSON, Ben - born Oct. 1861  Nor  Nor  Nor  emigrated 1870  general store clerk

CHRISTENSON, Mary - born May 1853  Nor  Nor  Nor  emigrated not given  wife (13 years married)

 

MEN; eg er ikkje i stand til å finna dei korkje i FT1905 eller i FT1910!

 

Og eg finn ikkje dødsfallet til Ben Christianson i 1917 i Buffalo Co., WI!

 

Er eg heilt blind vorten, eller er dei kan henda oppførte under andre namn eller andre aldre?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • 4 uker senere...
Skrevet

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå desember.  Kanskje er nokon attendekomne frå juleferie som kan sjå på denne utfordringi med friske nye auge?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan kasta ljos over denne problemstillingi...

Skrevet (endret)

Kandidat ? - 

Minnesota, Territorial and State Censuses, 1849-1905
Name: B Christianson
Age: 44
Census Date: 17 Jun 1905
County: Red Lake
Locality: Thief River Falls Ward 3
Birth Location: Norway
Gender: Male
Estimated birth year: abt 1861
Race: White
Father's Birth Location: Norway
Mother's Birth Location: Norway
LINE: 12
 
Name: Mary Christianson
Age: 52
Census Date: 17 Jun 1905
County: Red Lake
Locality: Thief River Falls Ward 3
Birth Location: Norway
Gender: Female
Estimated birth year: abt 1853
Race: White
Father's Birth Location: Norway
Mother's Birth Location: Norway
LINE: 13
 
 
1910 United States Federal Census
Name: Ben Chrestean
[ben Christian] 
Age in 1910: 49
Birth Year: abt 1861
Birthplace: Norway
Home in 1910: Thief River Falls Ward 3, Pennington, Minnesota
Street: County Avenue Road
House Number: 115
Race: White
Gender: Male
Immigration Year: 1883
Relation to Head of House: Head
Marital Status: Married
Spouse's Name: Mary Chrestean
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Native Tongue: English
Occupation: Own Income
Home Owned or Rented: Own
Home Free or Mortgaged: Free
Farm or House: House
Naturalization Status: Naturalized
Able to Read: Yes
Able to Write: Yes
Years Married: 21
Neighbors: View others on page
Household Members:
Ben Chrestean 49
Mary Chrestean 56
Susie Finberg 30
 

http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1910USCenIndex&indiv=try&h=13188457

Endret av Egil Johannessen
Skrevet

Hjarteleg takk til Egil for fantastiske funn!  Eg er nok ein gong storligen imponert!

 

Ben er nemnd «merchant» i 1905, og aldrane er jo heller ikkje so langt borte.  Altso flytte dei til Thief River Falls, MN, og eg lurer sjølvsagt på om Ben kan vera avliden der ogso...?  Eg lyt «analysera» dødsregisteret for MN...!

 

Nok ein kjempetakk for framifrå hjelp!

  • 3 år senere...
Skrevet

Etter fleire år «i dvale» vil eg i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi!

 

Ben Christianson, opphavleg frå Fåberg, døydde i 1917 og ligg som før nemnt gravlagd i Mondovi, WI: https://www.findagrave.com/memorial/91860501

 

Me veit at han og kona i 1905 og 1910 var busette i Thief River Falls, MN.  Men kona Mary Christianson døydde i Minneapolis, MN 2.5.1935.  OBITUARYen etter ho seier berre:

 

«lived in Wanamingo, MN and in Buffalo Co., WI - moving 1920 to Minneapolis, MN»

 

Wanamingo, MN og Buffalo Co., WI var bustadane hennar fram til sist på 1890-talet.  I 1900 budde dei i Boyd, Chippewa Co., MN, men truleg var det son hennar (frå første ekteskapet) i Minneapolis, MN som var kjelda til OBITUARYen, og han var flytt heimefrå før Ben og Mary flytte til Thief River Falls, MN.

 

Eg har utan resultat leitt etter dødsfallet til Ben i Wisconsin, so EG TRUR at han døydde ein annan stad og berre vart «transportert» til Mondovi, WI for å verta gravlagd der, liksom Mary vart bragt dit av son sin i 1935.

 

So spørsmålet er: KVAR DØYDDE Ben Christianson og kva tid?

 

Her er han i Thief River Falls city directory 1909: https://www.ancestry.com/interactive/2469/14905016?pid=941620637&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D941620637%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20184%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20184&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.269116849.1581086823.1588866349-1442769865.1532627837

 

Her er han same stad i 1911, «Deputy Register of Deeds»: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13304408?pid=798856568&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D798856568%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20186%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20186&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.264816079.1581086823.1588866349-1442769865.1532627837

 

Kan det finnast ein OBITUARY for Ben i Thief River Falls, MN?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for å løysa denne kjempeutfordringi!

Skrevet (endret)

Eg har sett litt nærare på FT1905 frå Thief River Falls, MN og oppdagar at Ben Christianson då er oppført som «merchant», og at han og Mary hadde butt på staden i fem år, d.v.s. at dei flytte dit i 1900.

 

Eg ville tykkja det var merkeleg om ikkje Ben er nemnd i den lokale pressa frå Thief Rver Falls, MN?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.