Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Paraplymakar Torger Endreson Næss i Bergen (1835-1912) og huslyden hans?


Recommended Posts

Denne huslyden har i mange år stått med fleire spørsmålsteikn i manuskriptet mitt.  Kanskje er det nokon som greier finna dei siste svari for meg?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Endreson Næss, f. i Luster 21.11.1835,

Torger E. Næss flytte i ung alder til Bergen der han vart paraplymakar.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 26.2.1865 med enkja Berthe Oline Iversdotter Bottolfsen, ei dotter av husmannsdotteri Gjertrud Andersdotter frå Juso under Høgi i Hafslo (1811-1891).  Berthe var f. i Bergen 12.3.1836 og gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 29.8.1858 med Andreas Johannesson frå Lammetun i Askvoll, i Bergen kjend som Andreas Johannessen.  Han var son av gardbrukar Johannes Gregoriusson på Lammetun, opphavleg frå Kiberg, og kona Stina Isaksdotter frå Lammetun og f. i Askvoll 21.6.1834.  Andreas var matros, og han og Berthe budde i Bergen der Andreas d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - mellom 1859 og 1865!?)

 

Torger og Berthe busette seg i Walckendorffsgaten i Bergen der Berthe d. 31.10.1871.  Torger budde sidan i Bakkegaten i Bergen, men d. på eit sjukehus i Bergen 18.11.1912.  Berthe fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre:

a. Iver Andreas Andreasson Johannessen, f. i Bergen 8.3.1859, d. i Bergen 20.7.1861.

b. Torvald Bernhard Torgerson Næss, f. i Bergen 20.6.1865, levde i 1895 som bakarsvein i Bergen, men

 

     ##### (var barnefar i Bergen 1895 – d. før 1912 – lagnaden hans?)

 

c. Inga Agnes Torgersdotter Næss, f. i Bergen 29.11.1867, var sjukepleiar og barselpleiar og d. ugift i Bergen 28.7.1923.

d. Isak Andreas Torgerson Næss Finck, kjend som Isak A. Rokling, f. i Bergen 5.2.1870, d. i Bergen 14.11.1954.  Han gifte seg i Mariakyrkja i Bergen 27.4.1901 med Olufine Olsdotter Pedersen (Muri) frå Bergen, f. i Bergen 5.9.1880.  Ho d. i Bergen 5.12.1963.  Isak var typograf (maskinsetjar), og han og Olufine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei to store spørsmåli som står att her, gjeld dødsfalli/lagnadane til Andreas Johannessen (Lammetun), han som først hadde vore gift med Berthe Oline, og dessutan til sonen Torvald Bernhard Næss.  At sistnemnde døydde før 1912, går fram av dødsmeldingi etter faren: https://media.digitalarkivet.no/view/27859/172

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse dødsfalli!

Er det samme Thorvald som er pleiesønn hos familien Lampe i 1875 ?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295026911

 

 

Bosatt på Asylpladsen 2 - 1885 - https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053295001860

 

og på

 

 Halvkandebakken 1 - 1891 - https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994021761

 

Endret av Ivar Moe

Thorvald døde 20. februar 1896 i Skien

 

Telemark fylke, Skien i Skien, Ministerialbok nr. 10 (1891-1899), Døde og begravede 1896, Side 328
Permanent bilde-ID: kb20051003040324
 

Nummer 33: Emma Theodora

 

Telemark fylke, Holla i Holla, Ministerialbok nr. 8 (1882-1897), Fødte og døpte 1893, Side 115
Permanent bilde-ID: kb20060918010549
 

Nummer 52 Bjarne Kristoffer

 

Telemark fylke, Skien i Skien, Ministerialbok nr. 10 (1891-1899), Døde og begravede 1895, Side 327
Permanent bilde-ID: kb20051003040323
 

Hjarteleg takk til Ivar og Sven for spennande og imponerande innlegg!  Eg hadde fullstendig oversett at Torvald Næs var GIFT då han var barnefar i Bergen i 1895, so no vart denne huslyden med eitt svært so spennande!

 

Her er Ingeborg Evensdotter med foreldri sine i 1865 på Ulefoss jarnverk: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038137001375

 

Og her er dåpen hennar i Holla, f. 15.7.1865: https://media.digitalarkivet.no/view/1377/71

 

Men kvar vart det so av Ingeborg og dotteri Emma etter 1900?  Dei er ikkje i Noreg i 1910, so vidt eg kan sjå...!!  Amerika??

 

Kjempemoro at desse opplysningane kom på plass, og eg takkar enno ein gong for framifrå hjelp so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg ser at datoen avviker frå fødselsdatoen i 1893, men det må jo vera «vår» Emma som i 1910 var attende på Ulefoss!

 

Merkeleg at ho ikkje er nemnd i dødsmeldingi etter bestefaren i 1912 - om ho då framleis levde...

Endret av Lars E. Øyane

Ingeborg Evensdatter Næs, nummer 10

 

Telemark fylke, Holla i Holla, Ministerialbok nr. 10 (1897-1907), Døde og begravede 1902, Side 196
Permanent bilde-ID: kb20060612030172
 

Hjarteleg takk til Sven for endå eit nyttig og flott innlegg!

 

I mellomtidi fann eg vigsli til dette parfolket i Holla 4.4.1893: https://media.digitalarkivet.no/view/5626/254

 

So då har eg alt eg treng om Torvald og huslyden hans i denne omgongen, sjølv om det sjølvsagt hadde vore kjekt og visst kvar det vart av Emma...?

 

Elles sit me att med spørsmålet om dødsfallet til Andreas Johannesson frå Lammetun...  Eg har leitt i Bergen, men finn det ikkje...

Da var Emma lokalisert:

 

Nummer 4

 

Telemark fylke, Lunde i Lunde, Ministerialbok nr. I 5 (1914-1922), Viede 1918, Side 101
Permanent bilde-ID: kb20051004010775
 
 

Nummer 28: Anna Marie

 

Telemark fylke, Lunde i Lunde, Ministerialbok nr. I 5 (1914-1922), Fødte og døpte 1918, Side 16
Permanent bilde-ID: kb20051004010724
 

Nummer 21: Ingerid Terese

 

Telemark fylke, Lunde i Lunde, Ministerialbok nr. I 5 (1914-1922), Fødte og døpte 1920, Side 23
Permanent bilde-ID: kb20051004010732
 

Nummer 9: Trygve Jørgen

 

Telemark fylke, Lunde i Lunde, Ministerialbok nr. I 6 (1922-1940), Fødte og døpte 1925, Side 17
Permanent bilde-ID: kb10311205301019
 

Nummer 12: Ester Harriet

 

Telemark fylke, Lunde i Lunde, Ministerialbok nr. I 6 (1922-1940), Fødte og døpte 1927, Side 28
Permanent bilde-ID: kb10311205301030
 

Hjarteleg takk til Ivar og Sven for nye interessante innlegg!

 

Då er Emma lokalisert, og denne delen av utfordringi er 100% løyst!

 

Då sit me att med spørsmålet om dødsfallet til Andreas Johannessen (Lammetun) i Bergen kring 1860, men om han var sjømann, kan det jo tenkjast at dette dødsfallet ikkje er so lett å finna...Eg takkar på ny for framifrå innsats!

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg såg òg, då eg søkte etter Torvald Bernhard Næss i Digitalarkivets kjelder, at han hadde vore innom både fattigvesenet og tvangsarbeidaranstalten i Bergen, men let det  første omgongen liggja då eg vurderte det ikkje var til nokon hjelp for å finna lagnaden hans...

 

Elles er eg no spent på om nokon greier å spora opp Andreas Johannesson frå Lammetun...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Bra vi har Grethe her som er 100% seriøs, og særdeles dyktig.

 

Vi bør ta en ny runde på hele denne familien.  -  https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295026911

 

Det kan være slik som jeg har opplevd flere ganger i min søken at det er flere med samme navn. Her bør man gjerne gå helt tilbake til paraplymakeren for å se om det kan være en "tvilling"

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe

Hjarteleg takk til Ivar for siste kommentar om denne huslyden!

 

Eg har no gått ganske so detaljert igjennom alle føreliggjande opplysningar om denne huslyden, men kjem ikkje til nokon ny konklusjon når det gjeld Torvald Bernhard Næss.  Han har ikkje nokon «dobbeltgjengar» etter det eg kan sjå.  Han miste mor si alt i 1871, berre 6 år gamal, so det er vel ganske so «normalt» at han i 1875 budde hjå pleieforeldre i Bergen om ikkje faren hadde borni buande hjå seg.

 

Som du ser var faren åleine utan born i FT1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295009323

 

Dei to andre borni til paraplymakaren har sikkert òg vore i fosterheimar ein eller annan stad, jmf. sonen Isak som ei tid kalla seg for Finck og sidan for Rokling!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Endreson Næss, f. i Luster 21.11.1835,

Torger E. Næss flytte i ung alder til Bergen der han vart paraplymakar.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 26.2.1865 med enkja Berthe Oline Iversdotter Bottolfsen, ei dotter av husmannsdotteri Gjertrud Andersdotter frå Juso under Høgi i Hafslo (1811-1891).  Berthe var f. i Bergen 12.3.1836 og gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 29.8.1858 med Andreas Johannesson frå Lammetun i Askvoll, i Bergen kjend som Andreas Johannessen.  Han var son av gardbrukar Johannes Gregoriusson på Lammetun, opphavleg frå Kiberg, og kona Stina Isaksdotter frå Lammetun og f. i Askvoll 21.6.1834.  Andreas var matros, og han og Berthe budde i Bergen der Andreas d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - truleg i 1859 eller i 1860?)

 

Torger og Berthe busette seg i Walckendorffsgaten i Bergen der Berthe d. 31.10.1871.  Torger budde sidan i Bakkegaten i Bergen, men d. på eit sjukehus i Bergen 18.11.1912.  Berthe fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre:

a. Iver Andreas Andreasson Johannessen, f. i Bergen 8.3.1859, d. i Bergen 20.7.1861.

b. Torvald Bernhard Torgerson Næss, f. i Bergen 20.6.1865, d. som bakarsvein i Skien 20.2.1896.  Torvald gifte seg i Holla 4.4.1893 med Ingeborg Evensdotter frå Ulefoss jarnverk i Holla, f. i Holla 15.7.1865.  Ho d. som enkje på Helgeroa 19.5.1902.  Torvald var bakarsvein, først i Bergen, sidan på Ulefoss, so på ny i Bergen til han og Ingeborg hausten 1895 busette seg i Skien.  Dei fekk to born i lag.

c. Inga Agnes Torgersdotter Næss, f. i Bergen 29.11.1867, var sjukepleiar og barselpleiar og d. ugift i Bergen 28.7.1923.

d. Isak Andreas Torgerson Næss Finck, kjend som Isak A. Rokling, f. i Bergen 5.2.1870, d. i Bergen 14.11.1954.  Han gifte seg i Mariakyrkja i Bergen 27.4.1901 med Olufine Olsdotter Pedersen (Muri) frå Bergen, f. i Bergen 5.9.1880.  Ho d. i Bergen 5.12.1963.  Isak var typograf (maskinsetjar), og han og Olufine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil nytta høvet til nok ein gong å få takka for framifrå bistand når det gjeld denne huslyden, og kan henda dukkar dødsfallet til Andreas Johannessen òg opp, ein eller annan stad?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.