Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Skrevet (endret)

Sigrid Andersdotter (Aarethun eller Nedberge), kårenkje, døydde på gamleheimen i Aurland 15.5.1917, nesten 102 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/1975/171

 

Er det mogeleg å finna ei dødsmelding eller eit skifte etter Sigrid der me får greie på:

 

** Kven ho let etter seg?

 

** Om det står noko om den før avlidne ektemaken Ole Pederson (Aarethun) og kva tid han døydde (han døydde mellom 1891 og 1900, truleg òg i Aurland, men er ikkje innført i kyrkjeboki derifrå!)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Skrevet

Ho etterlet seg ei dotter i Underdal.

 

post-5866-0-70762200-1486205256_thumb.jpg

Skrevet

Hjarteleg takk til Anita for interessant, om enn skuffande innlegg!

 

Det er vel mykje som tydar på at den yngste dotteri var einaste barnet som då levde i Noreg.

 

Eg har då eit tilleggsspørsmål:

 

Mannen Ole Pederson (Aarethun) må vera avliden mellom 1891 og 1900, og sidan bustaden var Nedberge i Aurland både i 1891 og i 1900 (Sigrid då som enkje), lurer eg på:

 

** Er det mogeleg å få sjekka dødsmeldingslistene for Aurland for perioden 1891-1900 for å sjå etter Ole Pederson?  Både dødsdatoen hans og ervingane hans er av stor interesse!

 

Eg takkar endå ein gong so mykje for hjelpi!

Skrevet

Eg har sett etter i dødsfallsprotokollen for lensmannen i Aurland 1891-1900, men har diverre ikkje funne han der.

Skrevet

Hjarteleg takk til Anita for det siste, om enn skuffande, innlegget!

 

Då er det ikkje godt å veta kvar me skal søkja etter dødsfallet hans...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.