Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Oppassar Ole Olson i Christiania - død 1892 - fødd Dale i 1850 - kven var denne mannen? - frå Luster i Sogn?


Recommended Posts

For mange år sidan fann eg tilfeldigvis ein innførsel i ei kyrkjebok i Christiania - eg har diverre ikkje notert kva sokn:

 

Ole Olsen, fødd Dale 1850 - oppassar - døydde 4.6.1892, ugift.  Var han kan henda fangevoktar?

 

Eg er på leiting etter ein:

 

Ole Olson, fødd på plassen Årstu under Dale prestegard i Luster 19.8.1846.  Denne Ole flytte heimefrå i ung alder, og lagnaden hans er ukjend.

 

FT1875 syner ein ugift murarsvein Ole Olsen i Kristiansand, f. i Luster 1842: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052210011296

 

Er eg på sporet etter noko?

 

Uansett er eg interessert i identiteten til den Ole Olsen som døydde i Christiania i 1892!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Nummer 1543

 

SAO, Oslo skifterett, G/Ga/Gaa/L0015: Dødsfallsprotokoll, 1890-1892, s. 220
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20090513370222

 

Nummer 55:

SAO, Johannes prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1883-1907, s. 252
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060929040676

 

 

Samme? https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053257040402

Endret av Sven Hjortland

Hjarteleg takk til Sven for interessante opplysningar!

 

Eg ser du har finne att kyrkjebokinnførsli for dødsfallet til Ole Olsen, og det at fødestaden var oppgjeven til Dale (Dale sokn i Luster?), var det som i si tid vekte merksemdi mi...

 

Oppassaren frå FT1885 er sikkert den same personen, men akk - fødestad Bergen...

 

Det vert vel ganske so umogeleg å identifisera denne karen 100%, med mindre han skulle dukka opp i andre kjelder - t.d. i Christiania 1875??

 

Eller kan han finnast i FT1891??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.