Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Peder Pederson Havelden, Luster (1652-1705) - fem søner til Hallingdal eller Valdres? - kvar vart det av dei?


Recommended Posts

Dette er ei skikkeleg utfordring som eg ønskjer henta fram i Brukarforum.  Kven greier løysa dette?

 

Peder Pederson Havelden (1652-1705), husmann under garden Flahammar i Luster, hadde fem søner:

 

** Peder Pederson, fødd kring 1677 - n. 1701 som «tenestedreng sønnafjells»

 

** Torbjørn Pederson, fødd kring 1679 - n. 1701 som «tenestedreng sønnafjells»

 

** Ole Pederson, fødd kring 1681 - n. 1701 som «tenestedreng sønnafjells»

 

** Erik Pederson, fødd kring 1685 - n. 1701 hjå foreldri, vart utskriven som soldat til «store Nordiske» 28.10.1709, men vart «kasseret» før 29.7.1717 (kjelde: Egil Øvrebø: I kongens teneste)

 

** Jens Pederson, fødd kring 1689 - n. 1701 hjå foreldri

 

Ingen av desse gutane ser me noko meir til i Luster, og eg mistenker Erik og Jens for å ha følgd dei tre eldste «sønnafjells».  «Sønnafjells» var den gongen for folk flest i indre Sogn som regel synonymt med Hallingdal, men kunne òg vera Valdres.

 

So er spørsmålet:

 

* Er det nokon som dreg kjensel på nokon av desse namni i Øvre Hallingdal eller eventuelt i Valdres?  På den nye bustaden vil dei vel helst vera omskrivne som «Normann», d.v.s. frå det «nordafjelske»!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.