Gå til innhold
Nasjonalarkivet

SF, Innvik: Ole Knutson Rake gm Elisabet Heljesdtr. Heggdal


Recommended Posts

Skrevet

Ole Knutson Rake var fødd på Rake i Innvik prgj. 1841, foreldra var Knut Larsson og Barbra Knutsdtr. 

Den 9.5.1868 gifte han seg med  Elisabet Heljesdtr. Hegdal i Innvik prgj. 

Par nr. 4 s. 170:

https://media.digitalarkivet.no/kb20070305640109

 

Eg har ikkje klart å finne paret att etter vigsla i 1868.

Er det nokon som veit kvar det vart av dei etter dei gifte seg?

Skrevet

Du skal til USA her og. Ei utruleg mengde Raksarar som emigrerte; faktisk finst småbyen Rake der borte også.

 

Dei reiste allereie i 1868, i følgje boka 2 dagar etter bryllaupet. Fyrst til Crawford co i Wisconsin, seinare til Swedes Forest, nær Belview, Redwood co, Minnesota.  Endra namnet til Knutson. Ola død allereie 1874 - Elisabet attgift med Tollef Reierson.

 

Alt i følgje Rasmus Sunde si bok.

 

Skrevet

Hjerteleg takk for opplysningane Aase. 

Eg stod faktisk med denne boka i handa i Stryn i påska og vurderte om eg skulle kjøpe den, men sette den på plass att i hylla  :(

 

 

Skrevet

Mange takk Ann-Mary!  :D

 

Her var det i tillegg til Ole K. Rake og broren Kolbein Knutson også andre slektningar (frå andre slektsgreiner) som var nemnde. Dette må eg lese meir på!

Skrevet
2 timer siden, Harald L. Bakke skrev:

Eg stod faktisk med denne boka i handa i Stryn i påska og vurderte om eg skulle kjøpe den, men sette den på plass att i hylla  :(

 

 

Det er ei svært bra bok, som alt frå Rasmus Sunde si hand - men står no til disposisjon for oppslag her med meg ;-)

Skrevet

Skal hugse på det ved seinare anledning, Aase.   :)

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.