Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Skrevet

Mine tipptippoldeforeldre på morssida skal ha vore Berte Hansdatter Eiken og Rasmus Povelson Høgstøl. I Dalsfjordsoga er Berte kalla Brit Hansdatter Eiken. Dei gifte seg i 1802. Meir opplysningar gjev ikkje Dalsfjordsoga. I Herøysoga 3 finn vi at Rasmus Pålson Høystøl er brukar på Aursnes 1804 - 1842. Han er gift to gonger. Først med Berte Hansdatter Høystøl, Dalsfjord. Ho døde i 1820, og Rasmus gifte seg då om att i 1822 med Katrine Hansdatter. Det er ikkje oppgitt kvar ho kom frå. Rasmus døde 21.06.1838. Opplysningane i same boka under Eika 1 fortel at Berte var dotter til Hans Olson, fødd i 1767, og gift i 1802 med Rasmus Paulson Hageselle? Det må vel ettersom eg forstår indikere at han ikkje var frå Høgstølen i Velsvika, men frå Hageselle i Gjerdsvika i Sande?  Men eg finn han ikkje att der. Og var Berte Hansdatter frå Eika eller frå Høgstølen i Velsvika i Dalsfjord? Og kva med foreldra deira: Paul Hansson Høgstøl og Hans Olson Eika. Kvar kom dei frå? Er det råd å finne ut noko sikkert om desse personane?

Skrevet

Giftermålet i 1802 viser at Rasmus Poulsen var frå Høystøl i Volda (Dalsfjord), og kona frå Eika: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630120

Trulovar var Rasmus sin bror, Hans Poulsen, som var brukar på Høystøl.

 

Foreldra til Rasmus, Poul Hansen og Synneve Nielsdtr., vart gifte i Eid i 1753: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001255259

 

Det var skifte etter Niels Joensen på Vedvik i Eid i 1755: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128650277

Mellom arvingane finn vi dottera "Synneve Nielsdtr. gift med Poul Hansen Høystøel paa Sundmør"

 

Skrevet

Mange takk Inge. Flott med gode hjelparar. Er det råd å finne kvar Hans Olson Eika opphaveleg kom frå? Etter Herøyboka var han fødd i 1733 og døde i 1779, gift med Marte Pedersdatter Sunde, vel frå garden Sunde i Eiksund. Det ser ut om ho var fødd i 1742. Kan han vere frå ein av gardane på Eiksund også?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.