Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Agatha Eriksdotter - fødd kring 1755/1765 - gift i Bergen 1805 - levde framleis i Bergen 1835 - kven var ho? - lagnaden hennar?


Recommended Posts

Denne utfordringi tek utgongspunkt i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/210583-ole-hansson-natvik-fødd-i-årdal-1766-konfirmert-i-årdal-1784-forsvinn-so-frå-bygdi-kan-henda-til-gulen-eller-til-bergen-lagnaden-hans/#comment-1771183

 

Agatha Eriksdotter var «pige» då ho 8.12.1805 gifte seg i Domkyrkja i Bergen med enkjemannen Ole Hansson Dahl: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5696&merk=5696#ovre

 

Parfolket budde i 22. rode nr. 85, der Agatha i 1815 var enkje med fødselsår mellom 1752 og 1767: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&gardpostnr=14133&merk=14133#ovre

 

Ho budde framleis på same adresse i 1835, då ho selde hset mot burett levetidi ut, men dødsfallet hennar har eg so langt ikkje greidd å finna!

 

Eg har søkt etter alternative «kandidatar» i 1801 - ugift Agathe Eriksdøtrer med alder kring 40 år.  Me finn ei i Hafslo, men ho vart gift i Hafslo nokre år etter, so ho kan det ikkje vera!  Elles finn eg berre desse to:

 

** Agatha Eriksdotter, 42 år, tenestejente på Syltebøen i Nesset, Romsdalen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f1801&gardpostnr=44932&personpostnr=665213&merk=665213#ovre

 

men kanskje er dette den same(?):

 

Name Anders Knudsen
Spouse's Name Agate Erichsdr
Event Date 13 Jan 1805
Event Place Nesset,More Og Romsdal,Norway

 

** Agaatha Eriksdotter, 41 år, tenestejente på Hovde i Rinde sokn, Leiklanger: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f1801&gardpostnr=41328&personpostnr=601194&merk=601194#ovre

 

men kanskje er dette den same(?):

 

Name Anders Anfindsen (Njøs)
Spouse's Name Agathe Erichsdr (Osen)
Event Date 08 Mar 1817
Event Place , Leikanger, Sogn Og Fjordane, Norway

 

Men so har òg denne, som normalt kanskje er litt i yngste laget:

 

** Agothe Eriksdotter, 29 år, tenestejente i 4. rode nr. 43 i Bergen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f1801&gardpostnr=38487&personpostnr=569098&merk=569098#ovre

 

men denne siste budde tross alt i Bergen, og eg finn ikkje nokon andre Agatha Eriksdotter gifte i Bergen på same tid...!  Eg finn heller ingen døypte i Bergen først på 1770-talet, men kanskje jugde ho på alderen sin?  Me har jo denne som var fødd i Krosskyrkja i Bergen 11.9.1764 som dotter av Erik Marcusson og Anna Cathrine Olsdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=12435&personpostnr=35619&merk=35619#ovre

 

For å oppsummera utfordringane her:

 

** Dato og stad for fødsli/dåpen til Agatha Eriksdotter?  Er det ho eg har finne?

 

** Foreldri hennar?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Agatha Eriksdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Eg ser at foreldri til Agatha Eriksdotter, ho som eg fann døypt i Nykyrkja i Bergen i 1764, gifte seg i Borgund på Sunnmøre 28.12.1759:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/15996/63

 

Erik Marcusso Ervig i Aalesund og Anna Cathrine OIsdotter, båe frå Bergen!

 

Då er det vel kanskje faren som vart døypt i Domkyrkja i Bergen 24.6.1729:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=1879&personpostnr=15579&merk=15579#ovre

 

Eg finn ikkje Agatha konfirmert i Bergen.

 

Eg har endå ein gong leitt etter ho i dødsregisteri i Bergen og finn denne:

 

** Agotte Eriksdotter frå 117-55, 97 år, almisselem, døydde 25.8.1847:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=27587&merk=27587#ovre

 

og denne:

 

** Agathe Eriksdotter frå sjukehuset, 52 år, almisselem, døydde 3.5.1838:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=37111&merk=37111#ovre

 

Eg tykkjer ikkje nokon av desse høver særleg godt.  Ho er kalla Agathe Hansen i samband med hussalet i 1835, men noki Agathe Hansen finn eg ikkje mellom dei avlidne i Bergen.  Kan ho vera flytt frå byen?  Eller er det likevel ho som er nemnd almisselem i 1847, sjølv om ho er 15 år for gamal?  Faktum er i alle fall at eg ikkje nokon andre Agatha Eriksdotter i Bergen som høver til sistnemnde!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.