Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Skrevet

Er det mogleg å finne noko dødsfallsmelding på Rønnaug Hansdtr., født i Dovre, den 27.12.1882.

Ho døydde "under spanskesjuka" på Lesja i 1918, men vi finn ikkje noko opplysnigar om ho i kyrkjebøker, klokkarbøker eller kyrkjegardsprotokollar i korkje Lesja, Dovre eller Rauma.

Da ho døydde hadde ho truleg etternamn Olsen, da mann hennar heitte Olaf Olsen.

Skrevet

Arkivet etter lensmannen i Lesja og Dovre, dødsfallsprotokoll 1914-1926, viser at "Jernbanearb. kone Rønnaug Olsen, f. Dovre 28/12 1882, bor Lesjaskogen", døydde 18. september 1918. "Manden sitter i uskifte".

Skrevet (endret)

Takk for svar! Det står ingenting om kvar ho skulle gravleggjast?

Endret av Lesja kyrkjekontor
Skrevet

Nei, dessverre. Det vi skreiv, er alt som står om Rønnaug i denne protokollen. Vi undersøkte òg dødsfallsprotokollen i arkivet etter Nord-Gudbrandsdal sorenskrivarembete, men den inneheld enda færre opplysingar. Sjølve dødsfallsmeldingane i sistnemnde arkiv manglar for den aktuelle perioden.

Vi kan heller ikkje sjå at det finst relevante opplysingar i arkivet frå Lesja prestekontor.

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.