Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jon Ellingsen Berg, fødd 1785 i Soknedal i Sør-Tøndelag, når døydde han?


Recommended Posts

Jon Ellingsen Berg var fødd i 1785 i Soknedal, og døypt her:

Permanent bilde-ID: kb20050519011238
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050519011238
Permanent bildelenke:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050519011238.jpg

 

Han gifte seg i 1811 - ikkje kyrkjebok for dette året i Soknedal - så vidt eg kan finne ut.

Brura var Eva Ernstdtr Guldal - fødd 1785 i Røros. Ho veit eg mykje om utan at eg dokumenterer det her...

 

Dei fekk 8 barn og det siste var Maren - fødd 26. februar 1830.

Permanent bilde-ID:kb20050512010853
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050512010853
Permanent bildelenke:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050512010853.jpg

 

I Bygdebok for Soknedal  ( Busetnad og folkeliv i Soknedal - Gard og grend 1 ) står det at John døydde ein vinterdag han sto på sleden og hesten rykka til, han datt av og døydde.

Sidan han vart  far i februar 1830 kan dette ha skjedd tidligast på førjulsvinteren 1829.

 

Eg kan ikkje finne dødsfallet i kyrkjebøkene.

Kan nokon hjelpa meg?

 

Jon Ellingsen Berg var 3 x tippoldefar til mitt barnebarn -  men ikkje i slekt med meg.

 

Mvh Jostein Stokke

 

Kanksje var eg for opptatt av at han skulle ha døydd ein vinterdag.

Her fann eg han:

Brukslenke for sidevisning:   https://media.digitalarkivet.no/kb20050511031316

Død 8. august 1842 - gravlagd 21. august 1842.

Jon Ellingsen Berg - 57 år.

 

Men i Klokkerboka er han innført som Jon Jonsen Berg - same datoar - same alder.

Brukslenke for sidevisning:  https://media.digitalarkivet.no/kb20050512010977

Har det vore det som forvirra meg?

 

Men sjølv ikkje på Nerbangen under Berg Øvre - ca 320 moh - er det vinter i august? Men han har kanskje blitt så skamfert at han ikkje kom på beina att?

 

Då er denne løyst.

 

Mvh Jostein Stokke

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.