Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Er Ola Åmundson Vatne og Ola Åmundson Bjørkedal same mannen?


Recommended Posts

20 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Tilbake til skiftet etter Else Engeland. Der er det sagt at Sakse Olsson Øye sin son heiter Ola Sakseson Rebbestad; han er død før 1768, og har etterlate seg born som ikkje er namngjevne. Blir de noko klokare av det?

Skiftet etter Sakse Olsson Nosen fortel at Ole Sakseson Rebbestad er sonen, så om ikkje anna så fortel dette at Sakse Nosen og Sakse Øy er same person. (så sant det ikkje er to Ole Saksesøner Rebbestad - og det skal vel godt gjerast).

 

Har du ei avskrift av skiftet (frå før)? (jau eg kan lese, men det er alltid enklare å late andre gjere noko...)

 

Eit anna spørsmål, til Helge: denne Lillebø som du viser til i #1... han har ikkje kjeldetilvisingar? 

Det skulle vere merkeleg om ingen har freista å rekkje opp desse slektene før.

 

Beklagelegvis har eg ikkje avskrift at skiftet på Engeland, og ein viktig grunn til det er at det er ei umåteleg rotete oppstilling, dårleg skrift og dårleg attgjeving. Vi var fleire stykke som pusla med det før vi vart enige om kva som sto der :-)

 

Kjekt at vi i alle fall får dokumentert at dei to Sakse er same person.

Eg les innleiinga til skiftet etter Else sånn ( med ein del ??):  De som har lest må supplere/rette, særleg gardsnamn i Nordfjord.

 

"Engeland i Eids Skibbr

Johan Daniel Stub Deris Kongl.

Majts Sorenskriver og skiftte

Forvalter udj Nordfiord Giør

Vitterlig Anno 1768 den 24de

February  …ev Stervboens angive..

…. efter affl. Danneqvinfe Else

Ellingsdatter som … den

Gaard Engeland i Eids Skibr. Udj O

verværelse af Lensmanden Hans

Bersvendsens lovlig ? registrere og

af de 2de uvillige Dannemænd In

gebrigt Danielsen Lied og Ole Inge

brigtssen Sollibache vurderede.

 

Nærværende var afgl. Qvindes igien

Levende Enkemand Jacob(?) Monsen

og da den afgl. Qvinde bortdøde uden

børn og livs arvinger samelede de sig

efter deris eget og .?. viidnede følgen

de at være  rette og sande arvinger eftter

Loven Neml. Ældste Faderbroder Søn

Hans Larsen Bulteneses Søns eftterlad

te børn nafnl: Peder Bultenes, Lars

S…?..elie og  …? …  ?  paa Sundmør Hans

eftterladte børn, 2den Fadebroder

søn næml: Halver Larsen hans

eftterladte Sønner næml: Lars Hal

versen Flotten og Torbiørn Halver

sen Mech, ældste Fadersøster Søn Tor

gier Torbiørnssen Hougens eftterladte

4 børn, fadersøsters Datter Søgni

Torbiørnsdatter gift med Erich ..?..

Ældste Moderbroder Søn Poul Olssen

Smørdals 2 Børn nafnlig Ole Pouls

sen Hanebreche og Brite Poulsdat

giftt med Anders Monsen Nesbache,

anden Moderbroder Søn Saxe Olsen

Øyes efterladte Søn Ole Saxesen Reb

Bestads børn, 3de ModerbroderSøn

Ivers Olssen Hielmelands børne

Børn nafnl: Joseph Hanssen Hiel

melands børn nafnl: Guttorm

Josephsen Hielmeland og Kari Joseps

Datter boende i Wingen, Christie Hansd:

Gift med Claus Monsen Segdiland(?)

Ole Iversen Hundevigens efterladte

Poul Olsen Hundevigens børn, ældste

Modersøster Sønnen Simen Ras

mussen Hielmeland hands eftterladte

Datter Synneve Simensd gift med

Ole Monssen Hielmeland og Mo

dersøster Datteren Synneve

Rasmusdatter Nøsdals eftterladte

:::: ny side

Børn nafnl: Guttorm Caspersen Nøs

Dahl, Synneve Caspersdater gift med

Jørgen Løchen(?) og Johanne Caspersdatter

Gift med Halvor Joensen Roed, Og

Efter at boens midler vare overseet

Blev derad første til gielden og Skift

tes omkostningen giordt udlæg

Og det øvrige skifttet og deelet som

følger"

 

Fotograferinga er ikkje særleg god. Skrifta er ikkje så gala - mykje betre på side 2 (og då er det nok fotograferinga som gjer det vanskeleg på den første sida).

Oppsettet her er heilt logisk og følgjer arvereglane i lova.

 

Ein kan lese namn og slektskap på nytt under utlottinga. Der bør ein også kunne lese arvegangen ut frå arvelutane.

Ikkje rettare eg hugsar var regelen slik at når ein ættled av arvingar (her far- og morsysken) er heilt borte, skulle neste ættled reknast likt, som brør og systre

(uavhengig av store/små syskenflokkar); og tilsvarande deretter om endå ein ættledd var borte (born av far- og morsysken - men det er vel ikkje tilfelle her).

 

 

 

Eg har ikkje sett nøye gjennom oppsettet ditt, men der er ein del utfordringar når vi går djupare inn i det. Det blir brukt slektskapsbeskrivelsar som ikkje stemmer, td Eldste faderbroder søn Hans Larssen Baltznæs' søn - der kan ikkje Hans Larsson Balsnes vere son av ein farbror, men av ei farsyster, og eldste moderbroder søn Pål Olsson Smørdal er av ei yngre grein enn dei som kjem etter han - Sakse Olsson m.m. - og andre småting som gjer det vanskeleg.

 

Her er også eit skifte i 1705, etter Gjertrud Larsdtr Bjørhovde https://media.digitalarkivet.no/sk20081127690289 som viser at ho er syster til Hans Larsson Balsnes, og der blir far deira identifisert som Lars Sjurson Eidseflot - gift med Brite Hansdtr Engeland, Else si faster. Opplysningane frå dette skiftet supplerer lista i Engeland-skiftet. 

 

Til overmål har vi eit skifte etter Gjertrud Olsdtr Kroken i 1744 som viser seg å vere brordotter til Hans Balsnes, og dermed får vi ytterlegare opplysningar om familien. SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0009: Skifteprotokollar, 1744-1747, s. 163b-164a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128630163
 

Alt dette er på Else si farsside, så det er ikkje sikkert det er av interesse for temaet, men det viser i alle fall at det ikkje er heilt rett fram å tolke slektskaps-oppgåvene i Engeland-skiftet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Eg har sett litt meir på skiftet etter Else Engeland, https://media.digitalarkivet.no/sk20081128670922 ,

nemleg utlottinga (frå s.340b

) - her utan det som er lagt ut til arv, berre verdien:

Her finn vi endå ein farsysterson, Knut Torbjørnsen Espe, som eg ikkje finn nemnd i innleiinga. Han er attpå til i live sjølv. Elles stemmer utdelinga med innleiinga.

…..

"Ældste(?) Faderbroders Søn Hans Baltsnes

es efterladte 3 Børn Faar hver 2 mk 5 1/3 ss

??

Ældste Søn Peder Baltsnes  f..   2 mk 5 1/3 ss

Anden Søn Lars Birch(?)elie For 2 mk 5 1/3 ss

Yngste Søn paa Sundmør, hans igienlevende børn for 2 mk 5 1/3 ss

 

Anden FaderbroderSøn Halvor Larsens 2 Sønner faar hver 3 mk 8 ss

…. Søn Lars Halvorsøn Flotten for 3 mk 8 ss

Anden Søn Torbiørn Halvorsen

[ny side] Mech for 3 mk 8 ss

….

Ældste Fadersøster Søn Knud Torbiørnssen Espe for 1 rd 1 mk

Anden Fadersøster  Søn Torgier Torbiørnssens Hougens 4 Børn for 1 rd 1 mk

FaderSøster Datter Søgnie Torbiørnsdtter for 3 mk 8 ss

Ældste Morbrodersønn Poul Olsen Smørdahls Børn for 1 rd 1 mk

Neml: ældste Søn Ole Poulsen Hanebreche for sin broderloed 4 mk 10 2/3 ss

Datteren Brithe Poulsdatter for 2 mk 5 1/3 ss

Anden(?) Moderbroder(?) Søn Saxe Olsen Øyes Søn Ole Saxesen Rebbestads børn for 1 rd 1 mk

Tredie Moderborder Søn Iver Olsen Hielmelands efter?? Søn Ole Iversen Hundevigens Søn Poul Olsen Hundevigens Børn for 3 mk 8 ss

Bemelte Iver Olsen Hielmelands søns børn neml. Sønne Sønnen Josep Hansens 2de børn neml. 1 Søn og 1 Datter nafnl: Ældste Søn Guttorm Josephsen for tilfaldende broderlod 1 mk 8 2/3 ss

Datteren Karie Josephsdatter

[ny spalte] for 13 ss

Sønne Datter Christie Hansdatter for 1 mk 2 1/3 ss

….

Modersøster Sønnen Simen Rasmussen Hielmelands Datter Synneve Simensdatter for 1 rd 1 mk

….

Modersøsterdatteren Synneve Rasmusdatter Nøsdahls Børn neml. 1 Søn og 2 Døtter navnl:

Sønnen Guttorm Kaspersen Nøsdahl for 2 mk 5 1/3 ss

Ældste Datter Synneve Caspers Datter for 9 1/3 ss

Yngste Datter Johanne Caspersdatter for 9 1/3 ss

…"

[slutt på skiftet]

Det er tydeleg at arven er skifta mellom 10 syskenbarn av Else, 8 menn og 2 kvinner. Av desse er to sjølv i live, medan 8 har etterkomarar.

Når ingen sysken eller foreldre-sysken av avdøde var i live, vil den første ættleden der framleis er nokon i live (altså syskenborna) arve som om

dei alle var sysken. Det gjer at morsyster-søner og farbrorsøner stiller likt.

Men det gjer også at det ikkje har noko å seie for arvedelinga om nokon er farsysterson eller morsysterson. Då har Aase eit poeng med at ein ikkje kan lite blindt på

slektskapen som er oppgjeven i eit skifte.

Det vert verre å forklare om Paul Olsson Smørdal ikkje er syskenbarn, men neste ættled. Den einaste forklaringa eg kan sjå - som framleis ville gje honom rett på

den arven han har fått - er om faren Ole er syskenbarn til avdøde, og Paul er einaste barnet hans igjen.

 

Elles ser vi at kunnskapen om slekta har grenser:

Sakse Olsson Øy/Nosen si dotter Brite hadde fleire born og skulle vore nemnd saman med bror sin. Vi kan vel tru at dei måtte dele på Sakse sin lut likevel.

Hans Balsnes sin "yngste søn på Sundmør" veit dei tydelegvis ikkje namnet på.

 

Ein "bror"-lut vart 1 rd 1 ort, medan ein "syster"-lut vart 3 ort 8 skilling. (markteiknet, attgjeve "mk" ovanfor, viser ort, der 1 rd = 6 ort =96 skilling og 1 ort = 16 skilling)

Summane stemmer, utanom fordelinga mellom borna til Synneve til slutt. Her får sonen Guttorm fire gongar så mykje som døtrene Synneve og Johanne. (Men summen stemmer

med Synneve sin lut, 3 ort 8 ss). Eg ser ikkje noko forklaring på dette.

 

 

Hjerteleg takk for dette - eg skal bruke kvelden til å sjå nærare på det. Nei, Knut har eg ikkje oppdaga før.

 

Du har rett i dette med at alle stiller likt når arvekrinsen er slik, og det har ergra meg meir enn ein gong. Ved fleire høve har det hindra meg i å finne den endelege slektskapen, men det må vi nok berre leve med.

 

Eg kjem nok att med litt meir tilbakemelding seinare i kveld.

Eg har samanlikna denne lista med det eg har i basen frå før, og trur eg ser noko eg ikkje har visst før. Gjennom skiftet etter Gjertrud Bjørhovde veit vi at Lars Sjurson Eidseflot er far til Hans Balsnes og Halvor Eidseflot. Men han har 5 born til, som vi ikkje ser i dette skiftet - mest sannsynleg fordi dei har anna mor; at Brite Engeland berre er mor til desse to. Det kan stemme med at dei andre ser ut til å vere fødde nokre år FØR. 

 

Elles stemmer farssida med det eg har. Eg skal sjå på morssida etter fjøstid :-)

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Nei, dette er ikkje enkelt...

 

"Heil-slekta" til arvelataren er grei nok. Ola Amundson hadde fleire born med andrekona Synnøve Rasmusdtr, men det er berre 2 av dei, Pål og Else, som har etterkomarar som kan arve.

 

Problemet oppstår når vi kjem til borna han hadde med Sylvi/Solveig Ivarsdtr. 

 

At Sakse Olson har ei dotter som ikkje er nemnt, får vi finne oss i; det er ikkje heilt uvanleg, og slik som det er framstilt tidlegare i tråden, er det vel ingen tvil om at ho burde vore nemnt?

 

Men så kjem problemet. I fyrste innlegg nemner Helge Hånes to søner, Ivar Olsson Bjørkedal og Ola Olsson Stårheimsvik. Desse to har eg også pusla meg fram til ut frå skiftet på Engeland, men slik det no ser ut under utloddinga, må dette vere feil...Ola Hundevik må vere son til Ivar - ?

 

"Bemelte Iver Olsen Hielmelands søns børn" stemmer forresten ikkje; Josef og Kristi er born av Ivar si dotter Sylvi.

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Eg er temmeleg sikker på at står " Bemelte Iver Olsen Hielmelands søns børn neml. Sønne Sønnen Josep .." og så "Sønne datter Christie..."

Men i innleiinga er dei "børne børn".

Dette er ein detalj som har noko å seie for arvelutane.  Ivar Olsson sin lut er 1 rd 1 mk,

Etterkomarane etter sonen Ole Ivarson Hundevik har fått halva.

Etterkomarane etter Hans (Josep Hansson sine born og Christie Hansd). har fått halva. Altså som om det er Hans som er bror til Ole og son til Ivar.

Dersom det var mor til Josep og Kristi som var dotter til Ivar, skulle dei hatt 1/3 av Ivar sin lut.

Så sant.... ikkje også Ole Ivarson Hundevik også var verson (ikkje son) til Ivar.  Eller at nokon har teke feil.

 

Opplysningane i #1 må nesten Helge svare for (i # 26 spurde eg om kjeldetilvisingar der han hadde funne dette).

 

 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0010: Skifteprotokollar, 1747-1750, s. 53b-54a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128630635
 

Her har vi skifte etter Hans Endreson Hjelmeland i 1747, der han etterlet seg enkja Sylvei Ivarsdtr og borna Josef Hansson og Kristi Hansdtr.; Josef er død og etterlet seg 2 søner og 2 døtre. Enkja Sylvei er "et gammelt svagt, blindt og sengeliggende menneske".

 

Men det er ikkje tvil om at det står som du seier det står :-)

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Ei av kjeldene for desse slektene er «Jakobsboka», gjeven ut som del av

«Tre ættebøker frå Bjørkedalen – Jakobsboka, Moritsboka, Larsboka»

Volda Bygdeboknemnd 1983

 

Forfattaren er Peder Jakobsson Søre Bjørkedal. Han skriv namnet sitt i boka, og at han kjøpte boka han skriv dette i

på auksjon etter presten Leganger (Eid, Norfjord, 1793, ifl. utgjevaren).

Etter «Busetnadssoga» (b2. s. 396) levde Peder 1744-1817.

 

 

 

Personar og slektsband:

 

«Balle eller Balde» var første mannen dei veit om.

-          var i svogerskap med Morten Elingsen Bierchedal

-          søner Saxe og Rasmus (veit ikkje kven som var eldst, eller kvar det vart av Rasmus)

Saxe tok over etter faren, vart 86 år

                -søner Balser, Iver , Lars

                - delte bruket mellom Balser og Iver; Lars gift til Vatne i Ørsta

Iver Saxesen, gift kring 1613

-          tre søner Arne (på garden), Knud, Rasmus; dotter Sylvey (eldst)

-          død før eldste son var myndig

 

Ole Amundsen frå Vatne, Ørsta, gift 1633 m. Sylvey Iversd.

- tok over bruket etter Iver, sidan sønene var for unge; var her i 6 år

- fekk 2 søner, Iver og Saxe:

- son Iver , kom til Gielmeland, Nordfjord, 2 born: Ole, budde i Staremsviig; Sylvey på Engeland.

- son Saxe, budde på Øy i Ørsta, son Ole som budde i Naasen, Ørsta.

Ole Omundsen vart enkjemann, oppattgift/flytta til Smørdal i Nordfjord,

-          son (med 2. kone) Povel, sidan på Smørdal, verfar til Hans Smørdal

 

Arne Iversen, tok over bruket kring 1639 etter verbror Ole Amundsen.

                - gift med Giertru frå Vatne i Ørsta

                - fire døttre: tvillingar Malene (sidan i Bjørkedal) og Ingebor (sidan i N. Bjørkedal, g.m. Anders Torbiørnsen), Marte (gift med Rasmus Gaatte), Inge (på Morstøl)

 

Jakob Werniksen frå Hesteflot, g. m. Maline Arnesd., tok over bruket etter Arne

                -skal ha hatt 8 brør, nokre nemnde med namn

                - 4 søner, 2 døtre

(meir om sønene og døtrene, og etterkomarar)

 

Den aktuelle delen av «Jakobsboka» kan vere skriven tidlegast etter 1793. Forfattaren Peder var fødd 1744, altså meir enn 100 år etter

at Ole Åmundson fekk born. Arne Ivarson var tippoldefar til Peder.

På den andre sida var dette ei slekt og eit miljø som skreiv ned slike ting (og tok vare på papir) - så han

kan ha hatt notat til hjelp for ein del av opplysningane.

 

..........

Legg til: bror til Peder Jakobson, Rasmus Jokobson Vasbotn (1749-1821) har skrive "Tidsregister" (Volda bygdeboknemnd, 1980).

Han skriv mykje anna, og mindre om eldre slekter. Men i byrjinga har han ei ætteliste som er meir avgrensa til garden. Slik at t.d. Ole Åmundson har to søner med Sylvei/Solvei - og så flyttar han til Smørdal i Nordfjord.

 

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Ja, dette stemmer bra med det eg har notert no. Eg har rett og slett lese for dårleg gjennom utloddinga, og ut frå måten innleiinga er skriven, kan det vere freistande å skrive inn ein Ola Olsson.

 

Hjerteleg takk for hjelpa; rett skal vere rett, og no trur eg det blei litt rettare.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
46 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

- men Peder nemner også berre Ola som barn av Saxe - er det ein teoretisk måte det kan stemme på?

 

reknar med at du tenkjer på Sakse Olsson Øy/Nosen  (det er nokre Sakse til her).

 

Den einaste måten å "bortforklare" Brite Saksedotter er vel at "Jakobsboka" ikkje er eit juridisk dokument, men ei soge om

slekta på garden. Det spørs om ikkje slektsgreinene vekk frå Bjørkedalen er ufullstendige (broren Rasmus si opprekning

i "Tidsregister" viser dette tydelegare).

 

Skifta både etter Sakse (#20, 1715) og kona Brite (#21, 1749) fortel at dei hadde borna Ole og Brite.

Skiftet etter Elling (#20, 1749), gift med Brite, fortel at dei hadde fem born saman. Brite sjølv levde så lenge at det neppe var skifte etter henne.

Ifl. "Ørstingar" har dei mange etterkomarar. Sonen Ole Ellingson tok over på Nosa, og det var skifte etter honom 1804 (6 born);

hans son, Torgeir, følgde etter på Nosa, og det var skifte i 1835.

Ole og Torgeir var samtidige med Peder, og han burde vel visst om dei.

Far Jakob og Ole Ellingson Nosen var firmenningar etter Ivar Saxeson; Peder og Torgeir var femmenningar.

Vi ser også at ifl. Peder budde Ole Sakseson på Nosa. Det gjorde han som barn, men ikkje som brukar/vaksen.

 

Ja, når skiftet etter far og mor bekreftar det same, skal eg slå meg til ro med det. Grunnen til at eg forfølgde det litt, er at eg altfor ofte har "gått ut frå" - og så når ein kom til botnars. fanst det andre forklaringar. Men det er openbart ikkje tilfelle her: Brite er utegløymd, rett og slett.

Hei igjen. Eg har vore så oppteken i det siste at eg ikkje har hatt tid tid å sjekke nye innlegg før no, og her var det sanneleg mykje nytt å setje seg inn i. Eg har ikkje fått studert alt i detalj, men merkar fort at eg er amatør på dette feltet. Godt å ha ekspertar på "tråden". 

 

Fyrst eit svar til Ivar som spør i #26 om Lillebø, som eg har teke opplysningar frå, nemner sine kjelder. Dei kjeldene han har lista opp er Voldasoga 3 og Busetnadssoga for Volda band 2. Så her er det ikkje noko nytt å finne. Oppsettet hans er å finne på denne lenkja:  http://olillebo.no/Ivar.htm#_ednref2

 

Så til #34 og kvar mine opplysningar i #1 kjem frå. Eg har i tillegg til nemnde Lillebø brukt Ørstingar 1, Voldasoga 3, Busetnadssoga band 2, Jakob Aaland: Hornindal og Eid om Smørdal 2, side 261: https://www.nb.no/nbsok/nb/8dcf0182cf035ebf7ac74da7fead33ac?index=11#272

Han skriv: "Ola Åmundson Bjørkedal, brukar 1639, gift med Brite, nemnd 1646. Sonen Peder busett i Kjøge, Danmark".   Sameleis i same boka side 251 om Hjelmeland: https://www.nb.no/nbsok/nb/8dcf0182cf035ebf7ac74da7fead33ac?index=11#262    "Ivar olson Bjørkedal, brukar 1673. Versonen Hans Endreson brukar før 1709, skøyte 1687 og 1716, død 84 år gammal 1747, gift med Sylvi Ivarsd Hjelmeland, død 91 år gammal 1748.... Versonen Anders Olson f. 1661, brukar 1701. Namn på kona hans er ikkje skrive opp. Versonen Klaus Monsson Engeland fekk halve bruket av verfaren i 1736, gift med Kristi Andersdatter Hjelmeland, død 70 år gammal 1801."

Andre kjelder hadde eg ikkje i starten. Det eg skriv er "mine" tolkingar av dei kjeldene eg hadde til disposisjon.

Når det gjeld spørsmålet om Barbro Olsdatter (Nosen), gift Bjørdal er dotter til Ola Åmundson byggjer eg det eg skriv på det Bjørn Dale skriv i Ørstingar 1 om Nosen 1 og 2, side 517 og 519:  https://www.nb.no/nbsok/nb/4f4d3c0b043684dd4e7cb65c870938e6?index=1#538

 

 

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.