Gå til innhold
Nasjonalarkivet

SF Gloppen - Knut Rasmusson Felde (ca 1712-1774) - kven var han?


Recommended Posts

I 1743 gifter enkja Malene Larsdtr Djupegot seg med Knut Rasmusson Felde.

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000886689

 

Kven er han? Etter alder ved død skal han vere fødd ca 1712.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-65

Han er ikkje identisk med ein Knut Rasmusson Førde som er fødd det året.

 

Han har rimeleg stor etterslekt, og det kan vere å håpe at nokon har studert dette og funne ut av han. 

 

Siste åra har eg sett på fleire slike personar som berre kjem fram i lyset i bygda utan å ha nokon tydeleg stad å kome frå, og svært mange av dei viser seg å vere born av utflytta glopparar, enten i Bergen eller andre stader - born som blir sende/henta heim til familien td i samband med dødsfall og/eller nye ekteskap. Kanskje er Knut ein slik også?

 

Ein muleg fars-kandidat finn vi på Felde i 1701-manntalet: Rasmus Rasmusson, ca 30 år gammal, ein steson som tener i Bergen. Eg har ikkje funne meir om han der.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.