Lars E. Øyane Posted May 20, 2018 Author Posted May 20, 2018 Hjarteleg takk til Stine for siste meldingi om alderen til Christopher Anderson/Hanson. Alderen frå fengselet stemmer godt med alderen me fann i FT1860, og me skal ikkje sjå bort ifrå at mannen KAN ha vore nokre år eldre enn det me før har trudd. Då lyt me i tilfelle ut for å søkja etter nye «kandidatar», men eg har ei kjensle av at aldrane frå FT1865 er ganske nøyaktige (ser eg for fleire personar på den lista). Men eg vil ikkje påstå noko som helst...! Hadde me berre visst sikkert kvar det vart av Christopher Andersson frå Fossum i Gjerpen...!? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaringi av denne kjempeutfordringi!
Jon Sværen Posted February 20, 2020 Posted February 20, 2020 Ein liten «replikk» til # 1, Lars: At far til Christopher døydde i fengselet i Bergen i 1848. Far døydde på Bergenhus straffeannstalt 28 nov 1845.
Lars E. Øyane Posted February 3, 2021 Author Posted February 3, 2021 Innlegg #28: Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jon for siste kommentaren, som eg, grunna strykingi av emneabonnement hjå Digitalarkivet, ikkje hadde fått med meg før! Rett skal vera rett. Då eg sendte inn denne saki i 2018 kom eg i skade for å nytta feil dødsår for faren Anders Christophersom. Som du seier, døydde faren i slaveriet på Bergenhus 28.11.1845. Det var mori Torborg som døydde 27.3.1848, so etter den tid var unge Christopher «heilt åleine»... Medan denne mordaren frå Kansas i 1863 mest truleg må ha vore Christopher Andersson frå Gjerpen, er det framleis ei kjempeutfordring å finna ut kvar det vart av «vår» Christopher Andersson frå Kjørlaug i Hafslo..., fødd i Hafslo 5.5.1831 og utvandra i 1851!? Kan det vera denne karen som verva seg som soldat i 1861 og som miste livet alt året etter? https://forum.arkivverket.no/topic/223016-christopher-anderson-fødd-1831-gjekk-inn-i-den-amerikanske-borgarkrigen-frå-colorado-i-1861-kven-kan-han-ha-vore/?tab=comments#comment-1887352 Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now