Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Thor Guttormsen (1813-1869) - frå Holum i Vest-Agder til Bergen - enkja Ingeborg og son Johan til Minnesota i 1874 - lagnadane deira? - kvar vart det av svigersonen Ole Martinus Rasmussen i Bergen?


Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg tok til å forska på i 1980-åri, men som eg laut liggja grunna manglande kjeldetilgong.  No har det vore mogeleg å komma litt vidare, men eg står likevel fast på fleire punkt og vonar på lite vetta hjelp til å komma vidare?

 

Her er eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar om opphavet til denne ætti er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under.

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Holum (Laudal) i Vest-Agder som kan bidra med fleire detaljar om opphavet hans derifrå?

 

Her er elles vigsli til foreldri hans i Holum, men er ho fødd i Holum?   https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000094099

 

Her er tydeleg far til Thor som gardbrukarson på Mjåland i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058338002296

 

Her er so utvandringi til Ingeborg med sonen Johan August i 1874: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000657248

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=1266&merk=1266#ovre

 

Her er Ingeborg med sonen i FT1880 Albert Lea, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-3GQ

 

Og her er dei same stad i FT1885 (indeksert feil under Gulbrandson!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTCX-SX

 

Kanskje er dette gravi til sonen i Denver, CO(?): https://www.findagrave.com/memorial/8061486

 

Den siste er eg SVÆRT usikker på...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
12 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Guttorm Thoreson på Mjåland

##### (dersom på ein plass – namn på plassen? – var opphavleg frå garden – jmf. FT1801)

 

og kona Guri Reiersdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Midbø i Bjelland??)

og vart døypt i Holum 11.5.1813

 

Vest-Agder fylke, Mandal, Skiftekort, Dokumentside, Side 15804
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11214091115817.jpg 
 

Vest-Agder fylke, Mandal, Skiftekort, Dokumentside, Side 15800
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11214091115813.jpg 
Vest-Agder fylke, Mandal, Skiftekort, Dokumentside, Side 15794
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11214091115807.jpg

 

Vest-Agder fylke, Mandal, Skiftekort, Dokumentside, Side 15788
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11214091115801.jpg 
 

Endret av Grethe Flood

Guttorm og Guri giftet seg i 1810:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000094099

 

Bruden var fra Midbø, Bjelland. 

 

Det ser ut som Guttorm gifter seg på nytt i 1831:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000094561

 

Kirkeboka for Laudal sokn i Holum prestegjeld viser også at Guttorm var trulovar en rekke ganger. 

Vest-Agder fylke, Lyngdal, Skiftekort, Dokumentside, Side 7683
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11214091025183.jpg 
 

Vest-Agder fylke, Lyngdal, Skiftekort, Dokumentside, Side 7685
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11214091025185.jpg 
 

Hjarteleg takk til Grethe for interessante og avklarande innlegg kring opphavet til Thor Guttormson frå Mjåland i Holum.

 

Alt tyder jo på at dette var gardbrukarar, og ikkje plassfolk, og endeleg fann eg no òg dødsfallet til Gutorm, som klart seier han var gardbrukar på Mjåland: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000338714

 

Soleis er spørsmåli kring opphavet løyst.  Eg trur heller ikkje Ingeborg hadde fleire born, og eg har endra temanamnet for meir å fokusera på dei attståande tre «hovudutfordringane»:

 

** Lagnaden til Ingeborg Guttormson i Amerika etter 1885?

 

** Dødsfallet til Ole Martinus Rasmussen frå Bergen kring 1880?

 

** Og endeleg lagnaden til Johan August Thorsen/Gurtormson i Amerika etter 1885?

 

Her følgjer eit nytt manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Torbjørnsdotter {Nygaard}, døypt {i Luster} 30.9.1821,

Ingeborg Torbjørnsdotter flytte i ung alder til Fana der ho 5.8.1855 gifte seg med Thor Guttormson frå Mjåland i Holum, Vest‑Agder, kjend som Thor Guttormsen.  Han var son av gardbrukar Guttorm Thoreson på Mjåland og kona Guri Reiersdotter frå Midbø i Bjelland og vart døypt i Holum 11.5.1813.  Thor var dagarbeidar, og parfolket budde ei kort tid i Fyllingsdalen i Fana, men flytte snart etter til Komediebakken i Bergen.  Sidan budde dei på Sydnæshaugen og i Haukelandssmuget, men Thor vart sjuk og d. som almisselem i Bergen 3.12.1869.  Ingeborg Guttormsen utvandra i 1874 til Amerika. 

 

##### (lived 1880/1885 in Albert Lea, Freeborn Co., MN – later destiny? – date and place of her death?)

 

Dei fekk fem born i lag, og dessutan hadde Ingeborg ei dotter frå før:

a. Øllegaard Nilsdotter, kjend som Olga Thorsen, dotter av Ingeborg og gardbrukarsonen Nils Hess Jensson frå Bolstad (1816‑1888), var f. i Luster 15.8.1845, men flytte med mori til Fana og sidan til Bergen der ho d. 22.12.1901.  Olga gifte seg første gongen i Bergen 12.1.1868 med Ole Martinus Rasmussen frå Bergen, f. i Bergen 16.5.1839.  Ole var dampskipskokk, og han og Olga budde først på Strangeplassen i Bergen, men flytte sidan til Nedre Hamburgersmug.  Ole d. i Bergen

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1880! – finn ikkje Bergen!)

 

     og Olga gifte seg 11.11.1883 att i Bergen med Iver Martin Larsson frå Bakarvågen under Florvåg på Askøy, kjend som Iver Larsen.  Han var f. på Askøy 1.12.1856 og d. i Bergen 10.3.1933.  Iver var skipstømmermann, og han og Olga budde i Ytre Markeveien i Bergen.  Olga fekk i alt tre born som alle var frå første ekteskapet.

b. Bertha Gurine Thorsen, tvilling, f. i Fana 2.5.1855, d. i Fana 20.5.1855.

c. Gunder Thorsen, likeins tvilling, f. i Fana 2.5.1855, d. i Bergen 6.6.1856.

d. Gunder Anton Thorsen, f. i Bergen 27.7.1856, d. i Bergen 27.9.1859.

e. Bertha Gurine Thorsen, f. i Bergen 12.3.1858, d. i Bergen 17.10.1859.

f. Johan August Thorsen, f. i Bergen 10.6.1860, utvandra til Amerika med mor si i 1874

 

     ##### (lived 1880/1885 (John Guttormson) with mother in Albert Lea, Freeborn Co., MN – later destiny?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Skudd i blinde:

 

Ole Martinus Rasmussen ble født 17.05.1839, døpt 09.06.1839 i Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007367876

 

Finner denne Ole Martin Rasmussen f. 09.06.1839 i Bergen. Som sagt - et skudd i blinde - men legger det inn:

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 2 (1869-1871), Protokollside, Side 424 - patent nr. 848:
URN:NBN:no-a1450-ru10611710171030.jpg 
 

 

På 8.7.2018 den 22.29, Lars E. Øyane skrev:

Olga gifte seg 11.11.1883 att i Bergen med Iver Martin Larsson frå Bakarvågen under Florvåg på Askøy, kjend som Iver Larsen. 

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. D 2 (1861-1883), Viede 1883, Side 197
https://media.digitalarkivet.no/view/7153/199

 

I merknadsfeltet helt til høyre står det følgende:

 

Ekteskap 1883 .jpg

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Opplysningane om at Ole Martinus Rasmussen reiste frå kona si, og det om lag på same tid som yngste barnet deira kom til verdi i 1874, kom svært overraskande på meg.  Eg las nok ikkje kommentarrubrikken godt nok då eg fann vigsli frå 1883 første gongen (og det er svært mange år sidan...), og no reiser dette sjølvsagt ei ny utfordring:

 

** Kvar kan det ha vorte av Ole Martinus Rasmussen etter 1874??

 

Til tross for at han skal ha forlete kona si i 1874, finn eg han i FT1875 for Bergen, der det rett vert sagt at han var undervegs mellom Amerika og Frankrike: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295032488

 

Men i sjømannslista frå innlegg #6 står det då vitterleg ein merknad om Ole Martinus at han er «Død»!  Det ser ut som om eitt eller anna ikkje heilt stemmer...

 

Det er vel ikkje umogeleg at han rett og slett er gått i land ein eller annan stad for å børja eit «nytt» liv!??

 

Eller lyt me nøya oss med berre å seia at han vart «borte»??  Det hadde no uansett vore kjempebra om me kunne finna ut av lagnaden hans...

 

Kanskje me bør sjå litt meir på foreldri hans og om det kan finnast ei dødsmelding som fortel om lagnaden hans?  Eg har eit notat som seier at foreldri var daglønnar Rasmus Bastian Andersen og kona Massie Carlsdotter.  Massie døydde visstnok tidleg, og Rasmus gifte seg att.  Han døydde i Bergen 6.10.1878: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000997954

 

Dødsmeldingi seier ikkje anna enn at han etterlet seg seks born, av dei tre fråverande...: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/2

 

og då er me vel like langt...  Då lyt me kan henda freista finna barnlause søsken...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.