Jump to content
Nasjonalarkivet

SF, Gloppen: Kven var foreldra til Anders Olsen Egge g. 1727 med Ane Knudsdtr. Hole?


Recommended Posts

Anders Olsen Egge og Ane Knudsdtr. Hole vart trulova og gifte 1727 i Gloppen. I byrjinga var dei busette på bnr. 1 på Hole i Breim, som var bruket Ane var frå.

Dei fekk to born som vaks opp, Ragnilde Andersdtr. i 1731, og Thore/Thord Andersen f. 1734.


Eg lurer først og fremst på kven som var foreldra til Anders. Eg finn ein Anders Olsen i skiftet etter Marithe Andersdtr. på Egge i 1702. Er dette "min" Anders?

Ane Knudsdtr. sine aner kjem fram gjennom skifter på Hestenes og Hole.

 

Familien flytte etter kvart til Selje, der dei hadde ein plass (Grytting) under prestegarden.

Ragnilde vart gift i 1755 med Zacharias Arnesen Barmen og busett på Indre Barmen i Selje.

Thore vart gift i 1758 med Bodild Jansdtr. og busett på Liset i Selje. Thore vart gift 2.gong i 1765 med Martha Rasmusdtr.

 

Anders Olsen døydde på Grytting i 1771.

Ane Knudsdtr. døydde same staden i 1778.

Eg kan ikkje gje deg nokon endeleg fasit, men nemne på to ting som peikar på den kandidaten du nemner frå skiftet i 1702.

 

1. Det er ingen andre som passar. Eg har nokså god oversikt over "alle" innbyggjarane i bygda på denne tida.

2. Ein av fadrane til Ragnhild i 1731 er også arving i skiftet i 1702, og er etter din teori farbror til dåpsbarnet.

 

Kan elles ta med at det ikkje er fleire spor etter Anders Olsson Egge (frå skiftet) i Gloppen - om han ikkje er brudgommen i 1727.

 

Men eg stussar litt over namna Ragnhild og Tor. Dei er ikkje henta frå slekta på nokon av sidene.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Thanks 1

Der er to born til i Gloppen - Ola og Knut, som må vere tvillingar. 

 

Eg finn den heimedøypte  Ola i juni 1728 - SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1712-1735, s. 246-247
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290572

 

Han er gravlagd 13 veker gammal i desember 1728; alderen stemmer ikkje godt, men det kan vere snakk om jordpåkasting, og det kan vere omtrentleg aldersoppgåve. 

 

Lenger oppe på same sida finn eg Anders Holes heimedøypte barn Knut gravlagt september, 3 dg gammal. Dette stemmer også dårleg, men det kan vere same feilkjelde. 

 

 

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Berre hyggeleg! Dette trulege tvillingparet løyser namneproblemet eg nemnde i fyrste innlegget; det var slett ikkje alle som brukte opp att namna på avdøde born, så bestefedrene fekk vere "nok oppkalla" i denne familien. 

 

Det er forresten fleire av arvingane i 1702 eg ikkje har følgt til grava; kanskje finn ein fleire i Selje?

 

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.