Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gardsnamn


Recommended Posts

Skrevet

Eg har i lengre tid granska på farsgarden, nordre Risdal i Skåbu i Nord-Fron. Det eg lurer på er når garden vart gjenrydda på 1600-talet. I fleire dokument står den nemnt som øydegard, og det kan vel tyde på aktivitet før Svartedauden. Garden vart sjølveigande i 1696, og før det var den i kongens eige og hadde leilendingar. I matriklane for 1658 og 1668 finn ein at Amund er brukar. Dette er fyrste gongen Risdal (eller Riisdall som det står) er nemnt i skriftlege kjelder. Men i jordeboka for 1623/24 kan ein finne "ødegaardsmannen" Laurits Riise. Kan det vere Risdal det er snakk om? Det er iallfall ingen annan gard med liknande namn i Fron.

Skrevet

Det kan vere greit å vere merksam på at "øydegard" var ei skatteklasse ein del av 1600-talet (kvart skatt av heilgard)

Men i andre skattelister er "øydegardsmenn" rydningsmenn (lågare skatt ei ein periode etter ny-/gjen-rydding)

 

Det er umogeleg å svare på spørsmålet om Riise - Risdal utan å kjenne området og kjeldene.

Ofte er skattytarane/gardane førte ei ei geografisk logisk rekkefylgje; t.d. opp langs ein dal; eller

opp langs eine dalsida og nedatt den andre. Du må sjå på om terrenget stemmer.

 

Skrevet

Takk for det! Det skal eg gjere. Elles har eg vore inne og sett på seinare jordebøker, men problemet er at eg ikkje kan gotisk.

Skrevet (endret)

 I bygdeboka står det at Risdal var kongens eiendom i 1668, og i 1723 selveid.

Nordre Risdal ble fraskilt Søndre Risdal i 1848. Side 381

https://www.nb.no/items/55c72166ec46a09d5d7c7e23366e9329?page=383&searchText=

 

Skåbu Kyrkje:    Her står det hvorfor gårdene ble kalt Ødegårder, skrevet at Torger T. Risdal.

https://www.nb.no/items/33394d4a2536b4b26179fa57c8b8d518?page=7&searchText=

 

 

 

Endret av Berit Knudsen
Endret lenke pga feil side.
Skrevet
1 time siden, Ole Christian Risdal skrev:

 problemet er at eg ikkje kan gotisk.

Gotiske eller latinske bokstaver er mest som ein dialektskilnad. Begynn med tekstar frå tida 1690-1730, helst noko som ser tydeleg ut, og les om område du kjenner godt. Eg la matpapir over, den første tida, og skreiv over dei orda eller bokstavene er forstod. Etter litt pusling var heile teksten utfylt. No les eg pen gotisk handskrift som ein prins :-).

 

Skrevet

Takk for det! Ja, eg er klar over den definisjonen av øydegard. Men her kan det også vere i tydinga/kategorien/nyrydding. Eg skal prøve metoden med matpapir. Det var ikkje dumt!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.