Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Susanna Olsdtr. fødd i Aurland 1809


Recommended Posts

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007269802

 

Eg finn at Susanna Olsdtr var døypt i Wangen kyrkje 5.11 1809, men eg klarer ikkje finna ho i kyrkjeboka?  Truleg må ho ha døydd tidleg for når eg finn foreldra Ole Gjertsen og Anna Monsdtr. som husmenn under Tretteteig i Leikanger i 1815 så er ikkje Susanna med.

 

Ho skulle ha ei syster Marthe Olsdtr som eg finn i 1815 men ikkje dåp på. Ut frå fødselsåra til dei andre borna:

Gjert 1800-

Mons 1801-1801

Ingeborg 1802

Maria 1804

Susanna 1809

Mons 1810

 

så skulle ein tru at det er mellom 1804 og 1809 Marta må vera fødd.  Men: Marte er 6 år gammal i 1815. Kan ho vera tvilling til Susanna eller heiter ho Susanna Marthe?

Teljinga i 1815:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239002369

 

Viss nokon klarer grava fram noko i kyrkjebøkene så hadde det vore flott.

 

Anne Marie Øyri

 

  • Anne Marie Bøtun Øyri changed the title to Susanna Olsdtr. fødd i Aurland 1809
10 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007269802

 

Eg finn at Susanna Olsdtr var døypt i Wangen kyrkje 5.11 1809, men eg klarer ikkje finna ho i kyrkjeboka?  Truleg må ho ha døydd tidleg for når eg finn foreldra Ole Gjertsen og Anna Monsdtr. som husmenn under Tretteteig i Leikanger i 1815 så er ikkje Susanna med.

 

Ho skulle ha ei syster Marthe Olsdtr som eg finn i 1815 men ikkje dåp på. Ut frå fødselsåra til dei andre borna:

Gjert 1800-

Mons 1801-1801

Ingeborg 1802

Maria 1804

Susanna 1809

Mons 1810

 

så skulle ein tru at det er mellom 1804 og 1809 Marta må vera fødd.  Men: Marte er 6 år gammal i 1815. Kan ho vera tvilling til Susanna eller heiter ho Susanna Marthe?

Teljinga i 1815:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239002369

 

Viss nokon klarer grava fram noko i kyrkjebøkene så hadde det vore flott.

 

Anne Marie Øyri

 

 

Susanna var vel døpt 11.03.1809.

Endret av Ann-Mary Engum

Eg som las dåpsdatoen bakvendt!

 

Men systera Marthe som var 6 år i 1815, her må det bli tett på barnefødslane for broren Mons var fødd i 1810 og er oppførd som 4 år gammal i 1815. 

Kan alderen i 1815 vera upresis slik at Marthe kan vera fødd i 1807-08?  

 

Foreldra var mykje på farten særleg i ytre Sogn så sjølvsagt kan Marthe vera fødd utanom Aurland.

  • Liker 1

Konfirmasjonen til Mons men den er jo ikkje så interessant

https://media.digitalarkivet.no/view/11559/47879/8

Ingeborg vart konfirmert i Fresvik i 1821.

 

Men eg finn ikkje konfirmasjonen verken til Mari, Marthe eller Susanne

Mest truleg er Susanne død mellom 1809 og 1815 då ho ikkje er med i folketeljinga. Har leita gjennom konfirmasjonane for Fresvik og Kyrkjebø (der bror til mora budde og Mons vart konfirmert der) utan å finna noko om jentene.

Har nett funne ut ved å lesa ei gammal rettssak at Ole Gjertsen og Anna Monsdtr. Ramsøy hadde 9 born, men berre 4 levde i 1843

Då er det 2 born til ein ikkje veit namn og fødselsår på i tillegg til Marthe som var 6 år i 1815. 

I 1815 levde berre 5 born: Gjert, Ingeborg, Maria, Marthe og Mons.

Dei to ukjende borna + Susanne må altså vera døde før 1815.

Ekteparet gifte seg i 1799, så mest truleg er dei ukjende borna fødde mellom 1804 og 1809 eller etter 1910. ut frå fødselsåra til dei andre borna. Dei budde i Aurland til etter 1810, men på Tretteteig i Leikanger i 1815.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.