Reidar Olav Meling Skrevet August 30, 2019 Skrevet August 30, 2019 Hallo alle. Eg var idag på jakt etter stoff i bygdebøkene som har vore tilgjengelege på nettet inntil no. Men idag er dei brått ikkje lenger tilgjengelege, får opp meldinga "Vi fant ikke objektet du lette etter". Kva er gale?? Ser at hovudsida med lista over bygdebøker blei sist endra 22.august. Har det noko med saka å gjera? Dette er iallfall svært irriterande.
Torbjørn Igelkjøn Skrevet August 30, 2019 Skrevet August 30, 2019 Er det nb.no du meiner? Eller tenkjer du på "bokhylla" i "gamle" Digitalarkivet?
Reidar Olav Meling Skrevet August 30, 2019 Forfatter Skrevet August 30, 2019 Eg går altså inn på https://www.genealogi.no/wiki/index.php/Liste_over_digitaliserte_bygdebøker og så t.d. vidare inn på Hordaland, den aktuelle kommunen og boka. Då kjem denne meldinga opp for meg: "Vi fant ikke objektet du lette etter". Kan det vera andre inngangsportar til bygdebøkene som eg ikkje kjenner til? Noko er iallfall blitt endra den siste veka. Torbjørn Igelkjøn reagerte på dette 1
Torbjørn Igelkjøn Skrevet August 30, 2019 Skrevet August 30, 2019 (endret) Det ser ut som at Nasjonalbiblioteket har problem med å vidaresende frå dei permanente lenkene. Ikkje bra! Men dersom du søkjer fram bygdebøkene i http://nb.no kjem du inn. Eg testa på ein annan måte: Eg søkte fram ei bygdebok, gjekk inn i den, fekk fram den permanente lenka og klikka på den. Då fekk eg same feilmeldinga. Endret August 30, 2019 av Torbjørn Igelkjøn
Reidar Olav Meling Skrevet August 30, 2019 Forfatter Skrevet August 30, 2019 Ja hei Torbjørn, mange takk for hjelpa. Eg fann jo dermed fram til den rette boka. Men det er litt meir tungvint enn via den andre linken, som per dags dato ikkje fungerer. Men iallfall, - mange takk! Torbjørn Igelkjøn reagerte på dette 1
Torbjørn Igelkjøn Skrevet August 30, 2019 Skrevet August 30, 2019 (endret) No ser det ut til at lenkene fungerer att. Forresten, så er det ofte lurt å prøve å søkje etter folk direkte i nb.no, sidan personane kan vere omtalt i andre bøker enn dei ein reknar med. Eg pleier å bruke nærheitssøk, der ein søkjer på ord med maksavstand. Eksempel: "Test Testesen"~3 vil søkje på frasen "Test Testesen", men vil også fange opp tilfelle der det er ein, to eller 3 teikn eller ord mellom. Endret August 30, 2019 av Torbjørn Igelkjøn
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå