Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Bot for uekte barn ca 1810


Recommended Posts

Skrevet

I bygdebok for Vik i Sogn finn eg fylgjande

Ivar Ivarson Haukenes seinare Sylvarnes vart dømd til å betala 20 RD for eit uekte barn han fekk med Mari Hatlestad. Han nekta og kom seg unna med det, men kalla lensmann Opdal og fekk bot for utskjellinga. 

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/217

Han fekk eit barn i Fresvik i 1807 med Mari Jensdtr Hatlelid og eg lurer på om det kan vera ei forveksling med etternamna. Mor til Ivar var ein av fadrane så litt rart då at han nekta farskap.

 

Kvar kan ein evt finna desse opplysningane som er omtala i bygdeboka for Vik om lensmannen og bøter? Og om det er to forskjellige Mari han har fått barn med. Han var gift to gonger og fekk ekte barn mellom 1812 og 1841, så teoretisk kan det vera i denne perioden han evt har fått barn med Marie Hatlestad.

 

Anne Marie B Øyri

Skrevet

Dommen står nok i tingboka.

Men det er litt underleg at han vart dømd, og så "kom seg unna". På den tida kunne ein fri seg frå skuld ved å avlegge eid; men

det var ein del av rettsprosessen og kom før ein evt. dom.

Han kan ha vore innom ein høgare rettsinstans (lagretten?).

 

Dom for utskjelling av lensmannen finst nok også i tingboka.

Skrevet

Refererte bygdebok for Vik som vart utgjeven i 1957,  og sjølvsagt kan opplysningane vera upresise. Veit ikkje kvar forfattaren fann denne infoen.

 

Men han snakkar om lensmann John Opdahl i tjugum skipsreide. Er det nokon stad ein kan finna overskt over lensmenn? Viss ein visste funksjonstida til Opdahl ville ein kanskje avgrensa åra ein må leita i tingbøkene. Fann at han var 33 år i 1815 og lensmann då.

Skrevet (endret)

Opphavet til opplysningane må nesten vere tingboka. Forfattaren har funne/lest det sjølv, eller bygger på andre som har gjort det.

 

Bygdebøker (allmennsoga) har ofte eit oversyn over lensmenn.

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Skrevet

Takk for svar-. Skal i første omgang prøve meg på bygdeboka for Balestrand i åp om å finna noko der.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.