Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Er husfolk og husmenn det same?


Recommended Posts

Skrevet

I ei ættebok for Leikanger i Sogn og Fjordane finn eg under enkelte familiar at dei er husfolk under den og den garden.

Er det det same som husmenn eller har det anna betydning?

Kanskje er det berre eit lokalt ord som blir buka i distriktet her i eldre tid?

 

Anne Marie B Øyri

Skrevet

ja og nei...

det spørs når, kvar og kven som skreiv.

I dei fleste tilfella kan du rekne med at "hus(manns)folk" er familen/husstanden til ein "husmann".

 

På Austlandet - og dermed i lovspråket - var "husmann" (med jord) ein som brukte jord som ikkje var matrikulert,

altså ein (husmanns)plass. På Vestlandet vart dette vanlegvis kalla ein "plassemann".

Ein som budde i hus med andre, men hadde eige hushald (laga mat osv. sjølv) vart kalla "innerst" på Austlandet.

På Vestlandet kunne desse verte kalla "husmenn".

Embetsmenn, søkførarar (som sette opp kontrakter for folk) m.fl. var gjerne utdanna i Kristiania eller Kjøpenhamn,

og hadde gått i lære med andre med same bakgrunn. Ordbruken i dokumenta du finn, kan avvike frå daglegtalen til

folk i området.

 

Frå tidleg på 1900-talet (lokalavisa for Ulstein på Sunnmøre) har eg sett skiljet mellom "husmenn" og "gardmenn".  Dei siste

budde på og dreiv ein gard, dei første hadde andre yrke og hadde ei tomt med eit hus. Skiljet varr naturlegvis mest aktuelt der

det er ein del av begge gruppene.

 

 

 

 

Skrevet

Takk for grundig svar.

Eg ser av ætteboka at i enkelte tilfelle er det eit eldre par som har flytt til ein annan gard på sine eldre dagar og vil tru at dei då bur i huset på garden utan å ha jord sjølve.

I andre tilfelle er det ein heil familie som budde på garden i mange år og kanskje kan ha hatt jord i tillegg til husa sine. Så her kan det vel vera fleire tydingar av ordet husfolk.

Skrevet

Vil bare nevne at noen steder har 'folket' vært brukt spesifikt om gårdeierfamilien. Husmennene var der ikke  regnet som 'av folket', i følge min svoger på Hol i Hallingdal. Det spørs om hans sambygdinger ville ha skrevet husfolk om noe annet enn selvstendige bønder.

Skrevet

som sagt ... det spørs når, kvar og kven ....

 

Mange prestar (på 1800-talet) skil mellom "husmann" og "gardmann" og "husmannfolk" og "gardmannsfolk"; gjerne forkorta til "Hmd." , "Gmnd", "Hmdf.", "Gmdf."

Forkortingar kan dekkje over nyansar, men det er neppe gardbrukar-familien som er "Hmdf."

 

Skrevet (endret)

Hei!

 

Som bygdebokskrivar har eg sjølv vore konfrontert med denne problematikken.  Eg seier i bøkene mine som regel at den og den er husmann, eventuelt at «parfolket» var husmannsfolk, og referansen «husmannsson-/dotter» går ett i heile manuskriptet mitt.  Eg nyttar husmann om husmenn med jord, medan dei som ikkje hadde jord til plassen, var strandsitjarar.  Dei som hadde korkje hus eller jord, var innerstar, eller dei hadde særskilde yrkestitlar (dømesvis snikkar, sokneprest, hesteskjerar, fiskar, sorenskrivar eller smed...)

 

I «moderne» tid er uttrykket «småbrukar» vorte meir og meir vanleg å høyra, kven no enn det var som «fann på» det uttrykket.  Dei fleste «småbrukarane» i Sogn sit på utkjøpte husmannsplassar eller «parsellbruk», men eg liker personleg dårleg å kalla nokon for småbrukar.  For kvar skal ein setja grensa mellom eit gardsbruk og eit småbruk?  Det vil alltid vera rom for debatt eller usemje, so for meg er ALLE sjølveigande personar som driv med jordbruk, gardbrukarar, eventuelt paktarar om dei ikkje eig garden sjølve!  So kan ein sjølvsagt diskutera vidare kva som er forskjellen på å festa eller bygsla ein husmannsplass eller bygsla ein gardsparsell, men der går grensa ved spørsmålet om fysisk «pliktarbeid»...

Endret av Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dette kan verte ein lang og mangslungen tråd...

 

"Småbrukar " skal vere påfunne kring 1900

https://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_Bonde-_og_Småbrukarlag

https://nn.wikipedia.org/wiki/Småbruk

På mine kantar er det helst "Småbrukarlaget" som er organisasjonen for folk som driv gard.

 

Fram til slutten av 1800-talet var vel det store fleirtalet av gardbrukarane leilendingar.

Det var vel heller ikkje alle "husmenn" som hadde pliktarbeid.

Min eigen tippoldefar bygsla 1/3 av garden som husmann under verbror sin.

Nokre år seinare, vart det meste (1/4 av garden) skyldsett som eige bruk. Han vart altså bygselmann eller "bonde", med

mindre bruk enn han hadde som "husmann".

Utskiftingsformannen vert sitert på at "Ja, no har mannen fått seg gard - men skal tru kva han skal leve av."

 

"husmann" har også fleire sider.

Eg veit om to konkrete tilfelle (og det fanst heilt sikkert fleire) der jordeigaren bygsla bort garden til ein "bonde", og helt av ein plass for seg sjølv.

Dei var altså husmann under sin eigen leilending.

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Skrevet

Jau, dette med at «gamlehusbonden» heldt att ein «pensjonistbustad» rekna som husmannsplass, har eg òg hjå meg sett mange døme på, men som regel omskriv eg desse folki på den siste bustaden dei hadde som «aktivt yrkesdrivande».  Elles ville me fått eit «komisk bilete» om til dømes Gamleheimen eller ein omsorgsbustad vert omskriven som «siste bustad» og huslyden vart opprekna der...

 

Berre dersom denne «pensjonistbustaden» vert overteken av ein yngre son på garden som i røyndi budde der som husmann, nemner eg foreldri hans som «første brukarar»...

 

Eg trur ikkje me treng nokon lang debatt kring dette emnet.  Innleiaren har vel fått svar på det ho lurte på..

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.