Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Tomine Erdal, fødd i Førde 1877 - husstyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo kring 1900 - fleire opplysningar?


Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta:

 

Tomine Erdal, fødd i Førde 1877, kom før 1900 som husstyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men flytte derifrå før 1910.  Jenta er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Lars J. og Ivar for nye interessante opplysningar om Tomine Erdal og lagnaden hennar.  Eg har supplert med nokre detaljar, so dette manuskriptet vert då nesten komplett!  Eg manglar no i grunnen berre oppgåve over kor mange born Tomine og Guttorm Berqvam fekk?  Kanskje kan bygdeboki for Førde gje oss eit svar på dette?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Tomine Anna Sofie Olsdotter Erdal, frå Skei i Førde, var dotter av gardbrukar Ole Martinus Olson Erdal på Skei, opphavleg frå Erdal, og kona Rise Thomasdotter frå Skei og f. i Førde 8.10.1877.  Tomine kom før hundreårsskiftet som husstyrar til skulen i Kroken og budde her fram til 1904.

Tomine Erdal flytte 1904 attende til Førde, men gifte seg i Domkyrkja i Bergen 17.2.1904 med Guttorm Johan Olson Berqvam frå Falkensten, Skei i Førde.  Han var son av gardbrukar Ole Olson Berqvam på Falkensten, Skei, opphavleg frå Bergkvam i Aurland, og kona Martha Andrea Eriksdotter frå Halbrend og f. i Førde 25.8.1876.  Guttorm var sersjant i forsvaret, og han og Tomine tok over som gardbrukarar på Falkensten, Skei i Førde der Guttorm d. 1.1.1913.  Tomine Berqvam d. same staden 23.2.1937. 

 

##### (talet på søner og døtrer? – fire er nemnde 1910!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien! 

17 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

### (talet på søner og døtrer? – fire er nemnde 1910!)

 

5 barn, Oddmund f. 1911 mangler.

finner ikke dåpen, men er avdød i 1977

 

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002239042

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.