Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nils , Jens d.y og d.e og Hans Hess


Recommended Posts

Skrevet

[#20183] Jens Nilsson Hess (1660-1733) på Sanden i Lærdal - huslyden hans?

 

 

I (#20183) Jens Nilsson Hess (1660-1733) på mSanden i Lærdal- huslyden hans ? Av Gjest Lars E. Øyane er famileien godt dokumentert over 12 sider. Men  det er noe jeg ikke finner frem i eller har oversett. Det kan skyldes at det var to halvbrødre Nilsson Hess, Jens dy og Jens de. Og de vedlagte slektstrærne fra fam Sveaas gjør det ikke enklere. Jens Nilsen f. 1660 var ifølge disse papirene gift tre ganger men fødselsdatoer for barn og dødsdatoer for konene stemmer ikke overens. Er det Halvbroren som forstyrrer bildet. ? Kan noe rydde opp ?

Hans Jensen Hess f. 1714 Lærdal, Sogn og Fjordane d. 1756 ...

Jens Nielsen Thisted Hess f. 24 Sep 1660 Hafslo, Sogn og ...

Skrevet

Hei!

 

I band X av Gards- og Ættesoga for Luster vart følgjande tekst publisert under gnr. 149, Beim.  Eg veit ikkje om du har sett dette?

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Jensson Hess, frå Hafslo prestegard, var f. kring 1629 og d. på Beim kring 1697.  Han gifte seg første gongen kring 1658 med Susanna Henriksdotter Nitter frå Tandla i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1627 og d. på Beim kring 1669.  So gifte Nils seg kring 1673 att, men andre kona hans er førebels ukjend.  Kanskje var ho ei dotter av Jens Dagfindson på Fet?  Skal me dømma etter oppkallingar, kan namnet hennar ha vore Mari.  Ho var f. kring 1653 og d. visstnok i barselseng på Beim kring 1684.  Nils Hess vart den første sjølveigaren på garden då han kring 1660 kjøpte bondegodset i Beim med ei skyld på 2 laupar smør, 1 hud og 8 mælar korn.  Ved skøyte av 5.7.1673 kjøpte Nils desssutan helfti i bruket Vetle-Kalhagen med ei skyld på ½ laup smør hjå Jens Otteson.  Nils dreiv garden levetidi ut og fekk i alt åtte born, fem frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 1. Jens Nilsson Hess, d.e., f. kring 1660,

Jens Nilsson Hess flytte visstnok først som handelsmann til Norum sokn i Sogndal og gifte seg første gongen kring 1694 med ei som visstnok heitte Eli Jensdotter, som me ikkje kjenner opphavet til.  Ho var f. kring 1670.  Dei må snart etter vera flytte til Lærdal der Jens i 1699 vert omskriven som ein fattig sagmeister.  Han var ei tid strandsitjar på Sande i Lærdal der Eli må vera avlidi kring 1702.  Jens gifte seg so att i Leikanger 25.10.1705 med Anna Hansdotter Gamst frå Frønningen i Leikanger.  Ho var dotter av forvaltar Hans Pederson Gamst på Frønningen og kona Inger Knutsdotter og f. i Leikanger kring 1689.  Jens heldt fram som sagmeister og var likeins gardbrukar og skogbrukar.  Han og Anna busette seg på Sanden i Lærdal der Jens vart gravlagd 31.3.1733.  Anna d. som enkje i Lærdal 12.6.1766.  Jens fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre:

a. Jens Jensson Hess, f. i Lærdal kring 1696, d. som militærkaptein på Grodås i Hornindal 24.9.1760.  Han gifte seg i Eid 2.10.1724 med Elisabeth Justsdotter Bie frå Naustdal i Eid.  Ho var dotter av byborgar Just Larsson Bie på Naustdal og kona kirsten Henriksdotter Krøger og f. i Eid kring 1694.  Ho d. som enkje på Grodås i Hornindal 28.5.1778.  Jens Hess var capitain des armes ved Nordre Nordfjordske kompani og frå 16.8.1733 fenrik ved Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment, frå 20.2.1741 premierløytnant ved regimentets Sogndalske kompani og frå 30.4.1749 kaptein og sjef for Søndre Søndmørske landevernskompani.  Han og Elisabeth budde først på Berget i Eid og sidan på Naustdal i Eid, men laut flytta frå den garden i 1739.  Dei budde på 1740-talet tidvis på Hafslo, men flytte 1749 til Grodås i Hornindal.  Dei fekk elleve born i lag.

b. Nils Jensson Hess, f. i Lærdal kring 1699, d. i Lærdal 30.10.1757.  Han gifte seg i Sogndal 4.2.1728 med Elisabeth Eriksdotter Klingenberg frå Amla i Sogndal, dotter av gardbrukardotteri Britha Andersdotter frå Rønnei i Luster (1670-1749).  Elisabeth vart døypt i Sogndal 8.1.1693 og d. i Lærdal 11.9.1768.  Nils Hess tok til som landhandlar på Lunden, Slinde i Sogndal, men flytte sidan handelsverksemdi si til Lærdalsøyri i Lærdal.  Han og Elisabeth fekk to søner i lag, mellom anna denne:

- Søren Nilsson Hess (1733-1772), vart gift med kapellandotteri, enkja Elisabeth Marie Sørensdotter f. Lem (1717-1780), opphavleg frå Kvale i Luster (s.d.).

c. Eli Jensdotter Hess (1706-1786), vart gift med gardbrukar Jens Erikson Klingenberg på Sæbø i Lærdal (1695-1768), son av gardbrukardotteri Britha Andersdotter frå Rønnei i Luster (1670-1749) (s.d.).

d. Metta Marie Jensdotter Hess, f. i Lærdal ?.6.1710, vart gravlagd i Lærdal 3.1.1712.

e. Hans Jensson Hess (1714-1756), truleg tvilling, vart gift med Kirsti Nilsdotter frå Helland i Lærdal (1715-1772).  Ho vart som enkje attgift med gardbrukar Torbjørn Hansson på Sanden i Lærdal (1723-1799), opphavleg frå Skår i Luster (s.d.).

f. Henrik Jensson Hess, truleg òg tvilling, var f. i Lærdal kring 1714 og vart gravlagd i Lærdal 9.2.1719.

g, Inger Susanna Jensdotter Hess, døypt i Lærdal 18.4.1718, vart gravlagd i Lærdal 1.3.1719.

h. Maria Jensdotter Hess, døypt i Lærdal 4.2.1720, d. i Lærdal 28.4.1799.  Maria gifte seg første gongen i Lærdal 10.12.1744 med Ole Nilsson frå Helland i Lærdal, døypt i Lærdal 12.3.1718.  Han d. i Lærdal 8.8.1756, og Maria gifte seg 5.12.1758 att i Lærdal med Nils Baltzerson frå eit anna bruk på Helland i Lærdal, døypt i Lærdal 23.8.1733.  Han d. i Lærdal 26.1.1803.  Ole og Maria tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Helland i Lærdal, og der budde Maria òg i andre ekteskapet sitt med Nils.  Ho fekk i alt sju born, fem frå første ekteskapet og to frå det andre.

 2. Metta Nilsdotter Hess (1662-1675).

 3. Henrik Nilsson Hess, f. kring 1665,

Henrik Hess ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder, men må vera avliden kring 1710, utan at me veit noko meir om lagnaden hans.

 4. Mari Nilsdotter Hess (1667-1675).

 5. Trude Nilsson Hess, f. kring 1669,

Trude Hess flytte i 1690-åri som skreddar til Osen i Feios, Leikanger der han 23.10.1701 gifte seg med enkja Esther Gerhardsdotter f. Macodi, visstnok ei uekte dotter av oberstløytnant Gerhard Macodi frå Irland som budde på Bjørnarheim i Gloppen.  Ho var f. kring 1666 og gifte seg første gongen kring 1689 med Petter Rattiche.  Petter var sersjant i ytre Sognske kompani, men han og Esther dreiv òg gjestgjevarverksemd i Osen i Feios, Leikanger der Petter vart gravlagd 7.3.1700.  Trude Hess heldt fram som gjestgjevar i Osen, Feios der Esther d. hausten 1722.  Trude Hess ser ut til å vera flytt frå Feios som enkjemann, men den seinare lagnaden hans er ukjend.  Esther fekk i alt ni born; av dei var desse tre frå andre ekteskapet med Trude Hess:

a. Susanna Trudesdotter, døypt i Leikanger 6.8.1702, vart gravlagd i Leikanger (då kalla Barbro) 22.2.1705.

b. Nils Trudeson, døypt i Leikanger 25.12.1704, levde i 1722, men er elles ukjend.

c. Petter Trudeson, døypt i Leikanger 9.10.1707, levde òg i 1722, men er likeins ukjend.

 6. Jens Nilsson, d.y. (1675-1742), fekk ta over som gardbrukar på heimebruket på Beim etter foreldri sine.

 7. Metta Nilsdotter (1680-1758), vart gift første gongen med gardbrukar Anders Pederson på Marheim (1673-1733) og sidan attgift med gardbrukar Asbjørn Jacobson på Opheim (1712-1786).

 8. Mari Nilsdotter, f. kring 1684,

Mari Nilsdotter vart kring 1712 gift med Halvor Nilsson frå Øye i Lærdal.  Han var son av gardbrukar Nils Danielson (Bugge) på Øye og kona Barbro Johannesdotter og f. i Lærdal kring 1691.  Halvor og Mari tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Øye i Lærdal og budde der til dei siste leveåri flytte inn hjå ei dotter på Lægreid i Årdal.  Halvor d. i Årdal 19.3.1758, medan Mari d. same staden 14.10.1762.  Dei fekk seks born i lag:

a. Mari Halvorsdotter (1713-1740), vart første kona til gardbrukar Ole Olson på Lægreid i Årdal (1709-1758) som sidan gifte seg att med Sophia Tøgersdotter, opphavleg frå Rønnei i Luster, men då enkje etter gardbrukar Christopher Larsson på Skagen i Luster (1689-1739) (s.d.).  Ole gifte seg sidan tredje gongen med Elisabeth Nilsdotter, opphavleg frå Nes i Luster (1701-1760), då enkje etter gardbrukar Thor Pederson på Sørheim i Luster (1699-1747).

b. Barbro Halvorsdotter, døypt i Lærdal 29.3.1716, d. i Lærdal 24.12.1784.  Barbro gifte seg i Lærdal 15.6.1734 med Thomas Andersson frå nabobruket på Øye i Lærdal, f. i Lærdal kring 1705.  Han d. i Lærdal 1.1.1778.  Thomas og Barbro tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Øye i Lærdal og fekk fem born i lag.

c. Nils Halvorson (1719-1785), vart gift første gongen med Anna Torstensdotter frå Aspreim i Årdal (1721-1752) og sidan attgift med gardbrukardotteri Dortha Ingebrigtsdotter frå Alme i Hafslo (1724-1804), for båe ekteskapi, sjå under Alme.

d. Henrik Halvorson, døypt i Lærdal 25.5.1721, d. i Lærdal kring 1722.

e. Nils Halvorson, døypt i Lærdal 27.6.1723, vart gravlagd i Lærdal 25.9.1726.

f. Nils Halvorson, døypt i Lærdal 9.5.1728, vart gravlagd i Lærdal 24.10.1728.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar dette kan hjelpa deg i oppklaring av huslyden?

Skrevet

Mer uavklart om familien Hess:

Jeg har funnet at Mari Jensdtr Hess,ble gift i 1758 med Nils Baltarson Grøte, men ikke funnet noe om hennes foreldre. Hennes alder sier at hun kan ha vært datter til Jens Nielsen Hess dy, født 1675 og om så, men hvem er så moren ?. I familien Sveas sine opptegnelser finner jeg Lucretia von Krogh (1694-1741), en av 10 søsken von Krogh/Munthe.

Jeg håper på avklaring

 

Skrevet

Innlegg #4:

 

Her er for ordens skyld ogso eit oversyn over ættetavla til Jens Nilsson Hess (d.y.):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Nilsson Beum, son av føregåande brukar og herifrå Beim, var f. kring 1675 og d. på Beim kring 1742.  Han gifte seg første gongen i Sogndal 13.11.1701 med Guri Hansdotter frå Fimreite i Sogndal.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Pederson på Fimreite og andre kona Unni Nilsdotter frå Borlaug og f. i Sogndal kring 1680.  Ho d. på Beim kring 1719.  Jens gifte seg so att i Hafslo hausten 1720 med ei Gjertrud Aamundsdotter.  Dei var skylde ”i andet og tredje led”, men opphavet hennar er færebels ukjend.  Ho var truleg f. kring 1695, men d. på Beim alt kring 1723.  Jens gifte seg so tredje gongen i Hafslo 25.6.1724 med enkja Lucris Georgsdotter von Krogh, opphavleg frå Flahammar i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1694 og d. på Beim kring 1741.  Ho hadde før vore gift med ein Ole, men må ha butt i ei anna bygd, og denne Ole er heilt ukjend.  Jens Nilsson, som stundom skreiv seg Beum og andre gonger nytta ættenamnet Hess, tok over styringi av heimebruket på Beim frå kring 1696.  Han fekk 11.2.1712 bygslebrev på 12 merker smør som høyrde til lektoratet eller Bergens lærde skule.  Han laut 20.12.1725 gje frå seg Beim med Grøt til brorborni Jens og Nils Jenssøner Hess, men 20.12.1735 selde dei attende til Jens Nilsson.  Jens åtte elles ein større part i Sterri (bnr. 1).  Sonen til seljaren, Andreas Reutz, skreiv 24.5.1718 ei fråsegn til tinget i Solvorn og Marifjøra skipreide der han påstod å vera odelsberettiga til å innløysa Sterri og lyste pengemangel.  Men kort tid etter, utan dato, men tinglese 27.9.1721, overdrog Andreas Reutz odelsretten sin i Sterri til Jens.  Jens fekk 12.4.1701 skøyte på ½ laup smør i Vetle-Kalhagen hjå den eldre broren Jens Hess, og ved gåvebrev av 11.10.1741 let Jens luten til dei tre yngste borni Jørgen, Bertha og Gjertrud.  Jens var elles ein vyrd mann i bygdi og hadde stilling som bygdelensmann i Hafslo frå 1711 og levetidi ut.  Han fekk i alt ti born, fem frå første ekteskapet, eitt frå det andre og fire frå det siste, men siste kona hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt:

 1. Kari Jensdotter (1703-1764), vart gift første gongen med gardbrukar Lasse Andersson i Kvam (1691-1725) og sidan attgift med gardbrukar Ole Torstenson, òg i Kvam (1700-1772).

 2. Hans Hess Jensson (1707-1771), fekk ta over som gardbrukar på heimebruket på Beim etter far sin.

 3. Mari Jensdotter (1710-1724).

 4. Kirsti Jensdotter (1713-1724).

 5. Unni Jensdotter (1717-1764), vart gift med gardbrukar Einer Nilsson på La i Hafslo sokn (1710-1764).

 6. Nils Jensson (1722-1730).

 7. Cecilia Olsdotter (1716-1771), vart gift med gardbrukar og enkjemann Peder Olson på La i Hafslo sokn (1699-1757).

 8. Kirsti Olsdotter (1720-1797), vart gift med gardbrukar Torsten Johannesson på Alme (1712-1793).

 9. Jørgen Fredrik Jensson (1725-1792), vart gardbrukar på Sterri.

10. Bertha Jensdotter, døypt 15.8.1728,

Bertha Jensdotter flytte til Sogndal der ho kring 1746 gifte seg med Skak Pederson frå Ormelseng i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Gunnhild Iversdotter frå Bjørk i Luster (1692-1758).  Skak var f. i Sogndal kring 1723.  Skak og Bertha tok over heimebruket hans på Ormelseng i Sogndal, og derifrå vart Bertha gravlagd 12.7.1782.  Skak Pederson vart gravlagd frå Ormelseng 7.7.1786.  Dei fekk ni born i lag:

a. Lucris Skaksdotter, døypt i Sogndal 16.9.1747, vart gravlagd frå Uglum i Sogndal 24.4.1799.  Lucris gifte seg i Sogndal 22.4.1766 med Johannes Larsson frå Hunderi i Sogndal, f. på Skjeldestad og døypt i Sogndal 25.1.1733.  Han vart gravlagd frå Uglum 21.12.1786.  Lucris gifte seg 20.6.1787 att i Sogndal med Elling Erikson frå Hillestad i Sogndal, f. på Eggum og døypt i Sogndal 26.3.1758.  Han vart gravlagd frå Uglum 4.9.1792.  Johannes og Lucris budde først nokre år på Reppen i Sogndal, men flytte kring 1769 til Uglum der dei sidan var gardbrukarar levetidi ut.  Og då Lucris gifte seg att med Elling Erikson, tok han over som gardbrukar på Uglum.  Lucris fekk i alt åtte born, sju frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

b. Gunnhild Skaksdotter (1750-1822), vart gift med gardbrukar og enkjemann Peder Aanundson på Skjeldestad i Sogndal (1740-1820), som før hadde vore gift med gardbrukardotteri, enkja Anna Christensdotter, opphavleg frå Hauge i Luster (1721-1773) (s.d.).

c. Maria Skaksdotter, døypt i Sogndal 21.2.1753, d. som kårkone på Barsnes 23.12.1837.  Maria gifte seg i Sogndal 1.6.1780 med enkjemannen Ole Berentson, opphavleg frå Foss i Sogndal.  Han vart døypt i Sogndal 26.11.1747 og vart gravlagd frå Barsnes 4.11.1814.  Ole gifte seg første gongen i Sogndal kring 1770 med Christi Larsdotter frå Hunderi i Sogndal.  Ho var f. i Sogndal kring 1744, men vart gravlagd frå Barsnes 15.11.1779.  Ole Berentson vart gardbrukar på Barsnes i Sogndal og fekk i alt elleve born; av dei var åtte frå andre ekteskapet med Maria Skaksdotter.

d. Øllegaard Skaksdotter, døypt i Sogndal 9.11.1755, d. som kårenkje i Fardalen 22.7.1833.  Øllegaard gifte seg i Sogndal 5.5.1777 med Nils Johannesson frå Fardalen i Sogndal.  Han vart døypt i Sogndal 10.3.1753 og vart gravlagd frå Fardalen 19.4.1818.  Øllegaard og Nils tok over som gardbrukarar på heimebruket hans i Fardalen i Sogndal og fekk ni born i lag.

e. Peder Skakson, døypt i Sogndal 24.9.1758, d. som kårmann på Ormelseng 9.9.1852.  Peder gifte seg første gongen i Aurland 23.10.1786 med Guri Torjusdotter frå Fretteim i Aurland.  Ho vart døypt i Aurland 3.5.1767, men d. som kårkone på Ormelseng 20.10.1837.  Peder gifte seg so att i Sogndal 20.6.1839 med Siri Sjursdotter frå Vatlestad i Sogndal.  Ho vart døypt i Sogndal 14.8.1791 og d. som kårkone på Ormelseng 12.9.1848.  Peder tok over heimebruket etter foreldri sine på Ormelseng i Sogndal der han budde levetidi ut.  Han fekk åtte born, som alle var frå første ekteskapet, mellom anna denne dotteri:

- Guri Pedersdotter (1792-1867), vart gift med gardbrukar Torsten Iverson på Venjo i Hafslo (1792-1860) (s.d.).

f. Kirsti Skaksdotter (1762-1824), vart gift med gardbrukar og enkjemann Reier Melchiorson Schjeldrup på Foss i Sogndal (1753-1814), opphavleg frå Rønnei i Luster (s.d.).

g. Eli Skaksdotter (1764-1825), vart gift med gardbrukar og enkjemann Johannes Knutson på Torstad i Sogndal (1746-1822), ein son av klokkardotteri Kari Pedersdotter Grinde frå Lomheim i Hafslo (1716-1788) (s.d.).

h. Bertha Skaksdotter, døypt i Sogndal 6.3.1768, d. som kårkone på Uglum i Sogndal 28.8.1824.  Bertha gifte seg i Sogndal 8.5.1787 med Ole Hansson frå Uglum i Sogndal, f. på Ospesete og døypt i Sogndal 12.4.1754.  Han d. som kårmann på Uglum 27.7.1835.  Bertha og Ole tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Uglum i Sogndal og fekk åtte born i lag.

i. Jens Skakson, døypt i Sogndal 22.1.1771, d. i Sogndal kring 1773.

11. Gjertrud Jensdotter (1731-1806), vart gift første gongen med gardbrukar Iver Erikson på Venjo (1717-1762) og sidan attgift med gardbrukar Lars Olson på Haugo (1741-1774).  Tredje mannen hennar vart gardbrukar Ingebrigt Hermundson på Uglo (1742-1826).

12. Nils Jensson (1734-1737).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, er det ingen dotter Mari her som kan ha gift seg med Nils Baltzerson.  Jens hadde rett nok ei dotter med første kona si med dette namnet, men ho døydde ung, og som det går fram av skiftet etter Jens frå 1742, levde ikkje noki Mari då etter faren:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24137/73

 

MEN, dersom du Rune les litt grundigare innlegg #2 over, finn du dette:

 

h. Maria Jensdotter Hess, døypt i Lærdal 4.2.1720, d. i Lærdal 28.4.1799.  Maria gifte seg første gongen i Lærdal 10.12.1744 med Ole Nilsson frå Helland i Lærdal, døypt i Lærdal 12.3.1718.  Han d. i Lærdal 8.8.1756, og Maria gifte seg 5.12.1758 att i Lærdal med Nils Baltzerson frå eit anna bruk på Helland i Lærdal, døypt i Lærdal 23.8.1733.  Han d. i Lærdal 26.1.1803.  Ole og Maria tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Helland i Lærdal, og der budde Maria òg i andre ekteskapet sitt med Nils.  Ho fekk i alt sju born, fem frå første ekteskapet og to frå det andre.

 

Maria var med andre ord ei dotter av Jens Nilsson Hess d.e. og andre kona hans, Anna Hansdotter Gamst frå Frønningen...

 

Eg vonar at dette løyser problemet ditt...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.