Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Josefine Theodora (f. 1877) og hennar barn, kor blei det av dei?


Recommended Posts

Josefine Theodora blei fødd i Buksnes i Lofoten i 1877, av Ingeborg og Ole Eriksen. Josefine Theodora Eriksen flytta til Bergen truleg på 1890-talet, arbeidde ombord i dampskip, blei gift i 1901 i Bergen med Konrad Bernhard Hansen (f. 1879). Dei fekk 3 barn, Bergliot i 1901 (døypt 1902), Solveig, fødd/døypt 1904 og Aasta fødd/døypt 1907. Så får «fraskilt kone» Josefine Theodora Eriksen sonen Kåre med «ugift sjømann» Karl Hansen i 1909, - Kåre døypt 1910. Ved folketeljinga i 1910 lever Josefine saman med dei 3 førnemnde borna, men utan mann, og utan sonen Kåre. Ved den kommunale folketeljinga for Bergen i 1912 lever dei 3 første borna saman med faren Conrad Bernhard Hansen, utan Josefine. Så får Josefine sonen Ingolf Andreas med «ugift matros» Nils Jakobsen, i 1916. Ifølge sonen til Ingolf (barnebarn av Josefine) dør Josefine rundt 1920.

Her er ein del spørsmål. Kor blei det av alle barna Bergljot, Solveig, Aasta og deira halvbror Kåre (Kaare)?

Eg finn ikkje Josefine etter 1916. Kva skjedde?

 

Endret av Reidar Olav Meling

Nummer 658

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 12 (1918-1919), Dødsfallsprotokollside, Side 472-473
Permanent bilde-ID: sk20090611330865
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611330865
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611330865.jpg
 

Endret av Sven Hjortland

Aasta Hansen

 

Nummer 694

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 13 (1919-1921), Dødsfallsprotokollside, Side 277
Permanent bilde-ID: sk20090611331248
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611331248
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611331248.jpg
 

Hei Sven, og mange takk for strålande arbeid! Forstår det no slik at Josefine dør i 1919 og at yngste dottera Aasta dør i 1921.

Så dør Solveig i 1975, ho heiter då Clausen til etternamn og bur i Asker. Bergliot dør i 1987 i Oslo, heiter då Andresen. Kaare Hansen dør i Bergen i 1989. 

Så kjem jo det store spørsmålet, har Bergliot, Solveig og Kaare etterkommarar, evt. etterkommarar som lever idag??

8 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Bergliot dør i 1987 i Oslo, heiter då Andresen

Bergliot døde i 1989 og hadde ikke etterkommere etter dødsannonsen å dømme. 

https://www.nb.no/search?q="bergliot andresen sovnet"&mediatype=aviser&sort=dateasc&fromDate=19890601&toDate=19891231

Hei igjen Sven. Takk igjen for mykje godt arbeid. Men den siste personen du har funne, Ingolf Sandvik, er ikkje identisk med sonen til Josefine Theodora. Ingolf Andreas, sonen til Josefine, døydde i 1991, og ligg gravlagt i Meland (trur eg) kommune, nord for Bergen. Eg kjenner godt sonen til Ingolf Andreas. Han er på jakt etter halvsøskena til faren. Du har jo funne mykje, målet er no å komma i kontakt med eventuelle etterkommarar etter desse (Bergliot, Solveig og Kaare). 

  • Liker 1

Dette er heilt rett, Ingolf Andreas brukte til vanleg namnet Andreas, difor er det dette namnet som står på gravsteinen. Han har elles fleire barn.

Men er det no slik at ei av (halv)søstrene har etterkommarar, medan den andre ikkje har..?

1 time siden, Reidar Olav Meling skrev:

Men er det no slik at ei av (halv)søstrene har etterkommarar, medan den andre ikkje har..?

Solveig og Kaare har etterkommere. Bergliot har ingen etterkommere etter hva jeg har funnet.

Nettop, det samsvarer med det eg no har funne ut. Kaare hadde to barn, sonen er død, dottera lever i Fyllingsdalen ved Bergen, eg har no faktisk hatt kontakt med henne! Takka være all god informasjon frå deg! Men så gjenstår det berre å finna etterkommarane etter Solveig, ikkje heilt lett å finna etterkommaranen på grunnlag av namna i dødsannonsa hennar.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.