Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anne Lassedtr. Stølen i Solund, f. ca 1750. Kvar kom ho frå?


Recommended Posts

Anne Lassedtr. Stølen, gift 1786 med Antonius Sjurson Gylta. Dei busette seg på farsgarden hans i Solund. Men det finst ingen Lasse på Stølen i Solund rundt 1750. Lasse er i det heile lite brukt som mannsnamn i Solund. Kvar kom Anne frå? Takkar for god hjelp.

 

Alf Strand

 

Takk for svar og for lista over mogelege kandidatar. Ein del av desse er vel uaktuelle pga alder, sidan Anne var fødd ca 1751. Men nokre vil det vere verdt å sjå nærare på.

  • Liker 1

FT1701 gjev iallefall ei viss oversikt over forekomsten av namnet og dermed potensielle stader å leite. Uansett vert vel dette problemet som å finne nåla i høystakken.

 

Kyrkjebøkene for Ytre og Indre Holmedal byrjar ikkje før 1756. Askvoll sine byrjar derimot kort tid etter 1700. Kanskje kan Anne også vere nemnd som konfirmert ein eller annan stad?

 

Det luraste er kanskje å leite i gamle skifte for området, men det er jo mange som ikkje finst skifte etter heller..

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Det står noko i bygdeboka om at mannen hennes, Antonius, hadde kjøpt eigedom i Ulvik / Ulvika i Hyllestad, der eine dottera flytte til. Kan det tyde på noko "slektskap" dit eller var det berre eit tilfeldig kjøp? 

  • Liker 1

Det er vel desse som er nemnde på side 288 i Bygdebok for Hyllestad, bd. 1.

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007111300016?page=289

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • 2 uker senere...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.