Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Andreas Olson Svangstu eller Øvrebø - fødd i Luster 1862 - utvandra 1886 - kvar kan han ha vorte av - passasjerlister frå Amerika?


Recommended Posts

Dette er ein person som berre synest «forsvinna» for meg i Amerika.  Kan nokon hjelpa meg?

 

Andreas Olson, fødd «uekte» i Luster 16.6.1862 av foreldri Ole Torkildson Rønnei (1838-1928) og Mari Nilsdotter Svangstu (1835-1902), voks opp på Øvrebø i Luster og utvandra altso derifrå i 1886:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000675630

 

Faren Ole Torkildson Rønnei vart sidan gift og utvandra i 1904 med kona si til Columbia Co., WI, men hadde vel neppe kontakt med denne sonen i Amerika...

 

Mori fekk i alt fire «uekte» born.  Derav voks tre opp; i tillegg til Andreas var det:

 

* Mari Torgersdotter (Svangstu) (1868-1960) som utvandra i 1894 og gifte seg med Hans Larsson Raaum (1860-1937).  Dei farma i Modena township, Buffalo Co., WI

 

* Ole Torgerson Swangstu (1873-1957) som utvandra med første kona si i 1903.  Dei farma òg i Modena township, Buffalo Co., WI

 

Kan ogso Andreas ha busett seg i Buffalo Co., WI??

 

Finst det kanskje passasjerlister for ankomne emigratar til Amerika som kan hjelpa oss??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.