Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Marta Jonsdtr - frå Nåsen / Jordalen i Voss(Vossestrand) - gift i 1861 i Vik i Sogn


Recommended Posts

Eg har hatt oppe dette emnet før - nå har eg systematisert det noko meir.

Og spørsmålet er: Kven var foreldra til Marta og når var ho fødd?

 

Ho heiter Marta Jonsdtr og då ho gifta seg i Vik 31. mai 1861, står det i kyrkeboka:

Ungk. Helge Olsen - fødd på Lilleøren – 26 år

Pige Marthe Johnsdatter (overskrive) – frå Voss – 24 år – far John Olsen

Nr 11 i Ministerialboka:

SAB, Vik sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 8, 1846-1865, s. 274

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306620365

 

Nr 7 i Klokkarboka:

SAB, Vik sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 2, 1856-1877, s. 90

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524610020

 

Dei hadde fått eit barn Ole i 1857 – 14. mars – og då står ho som Pige Martha Johnsdatter Jordal (fra Voss).

Nr 25 i Ministerialboka:

SAB, Vik sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 8, 1846-1865, s. 69

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306620193

 

Ved dåpen til barnet Else i 1870 – fødd 1829 – nr 94:

SAB, Vik sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 9, 1866-1877, s. 47

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070116330049

 

Ved gravferd 9. mars 1904 står det ho er fødd i 1829.

Nr 2 i Ministerialboka:

SAB, Vik sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 2, 1891-1907, s. 192

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810050667

 

I Bygdabok for Vik i Sogn III - andre halvbind (1958) - side 797 - står det at ho var fødd i 1833 då ho gifta seg i 1861 - far Jon Olsen fra Nosi.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014091106083?page=473

 

FT1865 – fødd ca 1830:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038253000626

FT1875 – fødd 1831:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052300003866

FT1891 – fødd i 1827:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053001000425

FT1900 – fødd 1833:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037342002248

 

 

Her er det førre emnet:

(Som de kan sjå, så nyttar eg båe målføre)

 

Det er en Jon Olsen på Nåsen (Nosi ) 1787-1875 i følge bygdeboka side 500, gift med Guri Andersdatter 1788-1851

https://www.nb.no/items/7bceda01c9e70cf5763852d764e735fd?page=503

 

 

Ingen datter ved navn Marthe er nevnt, men ettersom de bodde såpass avsides som i Jordalen, er det ikke helt sikkert at alle barna ble registrert.
Utfra alder på de andre barna, ville det være mulig hun var født ca 1824, 1826/1827 eller fra 1830. Men neppe så sent som 1836.

At hun var født 1827 og ført som 1837 ved vielsen for å fremstå litt yngre er «dessverre» ikke helt uvanlig, så alder ved vielse kan man ikke alltid stole på.

Du nevner en Marte f.1736, datter av Jon Nilsen Nåsen i den gamle tråden. Hun er nevnt i bygdeboka side 502 (70e), og skal være gift på Slen, så hun er vel utelukket.

Se Slen øverst på side 554, gift med Mons Brynjulvson i 1861.

Endret av Matthias Kolberg
2 hours ago, Matthias Kolberg said:

Det er en Jon Olsen på Nåsen (Nosi ) 1787-1875 i følge bygdeboka side 500, gift med Guri Andersdatter 1788-1851

https://www.nb.no/items/7bceda01c9e70cf5763852d764e735fd?page=503

 

Nå har eg sett Vossestrand Sogelag på saka så får vi sjå.

 

Og denne John Nilsen hadde 2 døtre (med Ragnhilda Olsdtr Giljarhus) - ei av dei var Marta fødd i 1828.....

Endret av Jostein Stokke

Jostein !

 

Du har ført opp 2 ongar, Ola f 1857, til USA i 1875 og Else f 1870, gift i Bergen og USA i 1889.

Ja dette står på s 244 i Ættabokji for Vik, utg 2008, av G. Balvoll.

Marta fekk også dtr Johanna f 1866.

——

Kven var foreldra til Marta og fødd når ?

Eg prøver på ho som er fødd 1 mars og døypt 18 mars i 1832:

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070615660067.jpg

 

Så spyr du, kvifor Aurland ?? Nåsen ligg i grensa mellom dåv Vossestrand og Aurland Kommune. Og fødsel i mars er vel starten på liv (les: John Olsen blei «besovet») om sommaren, på sætra. Og Anna Knudsdtr, kvar var ho sommaren 1831 ?

Ein ting veit både du og eg: Ho var ikkje arbeidsledig, og søkte arb.ledigheitstrygd sommaren 1831.   Men kvar ho var ? Og kven er John Olsen, som blei «besovet» sommaren 1831 ? Diverre kjem det ikkje fram at dette er nokon John Olson Naasen, diverre !

 

EG har ikkje lykkast å sjå nokon John Olson Naasen bli far, sjølv m/ AMF-matr, meir enn 2 ganger:

John f 4.11.1827, der far er har feil navn i AMF.

Guro f 9.11.1829, L.nr 10: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524640172.jpg

Litt usikker på om det er 9 nov, men døypt 5 desember.

——-

Ser ikkje bort ifrå at du må ta kontakt m/ forfattar av Aurland og Vossabøkene, Åsmund Ohnstad, son til Anders, og sjå om han har noko om Marta Jonsdtr, og kven som var foreldra hennar ?

 

Lykke til, Jostein !

 

 

1 hour ago, Jon Sværen said:

 

Eg prøver på ho som er fødd 1 mars og døypt 18 mars i 1832:

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070615660067.jpg

 

 

 

 

Denne Marthe er ektefødt av Husmand John Olson og Anne Knudsdotter Underdal, så de har vel ikke noe med Nåsen å gjøre?

Matthias !

 

Eg las det som at ho f uekte. Pluss det at eg ikkje kunne sjå i Bygabokji for Underdal, at eg kunne finna dei.

Jostein får avgjerda sjølv om dette er noko å bruka tida si på.

 

For folk flytta på den tida og. 

 

 

Paret døper flere barn i Undredal på 1820 og 1830-tallet, så akkurat dette ville jeg tro er et blindspor.

Men jeg er enig i at folket i Jordal ganske sikkert hadde kontakt med folk både i Nærøydalen i Aurland prestegjeld og Vik, i tillegg til hjemmesognet Oppheim/Vossestrand, så det er lurt å se nøye på kirkebøkene der også.

Endret av Matthias Kolberg
20 hours ago, Jon Sværen said:

Kven var foreldra til Marta og fødd når ?

Eg prøver på ho som er fødd 1 mars og døypt 18 mars i 1832:

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070615660067.jpg

 

 

Denne Marta for til Amerika i 1857 - så seier btgdeboka - nr 192:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016011905008?page=399

 

20 hours ago, Jon Sværen said:

EG har ikkje lykkast å sjå nokon John Olson Naasen bli far, sjølv m/ AMF-matr, meir enn 2 ganger:

John f 4.11.1827, der far er har feil navn i AMF.

Guro f 9.11.1829, L.nr 10: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524640172.jpg

Litt usikker på om det er 9 nov, men døypt 5 desember.

 

I følgje bygdeboka hadde dei 9 born - Jon og Guri er her nr 8 og 9

 

Ein kar med kunnskap og kompetanse  i Vik skriv i eit brev til meg (han skal få fullt namn i forumet når det synes seg at han har rett):

Marta Jondotter Nåsen (1829-1904) var dotter til Jon Olson Nåsen (1789-1875) som budde på garden Nåsen i Jordalen på Voss. Kona hans heitte Guri Andersdotter Nåsen (1788-1851) og var frå garden Jordalen. Far hennar heite Anders Anderson Nåsen (1749-1823) og var i Jordalen men frå garden Nåsen. Lenger skal ikkje eg gå her. 

 

I Roar Lyngvær si ættebok for Vossestrand, utgjven 1971, side 500 står ikkje marta oppførd som dotter til Jon Olson Nåsen. Men i eksemplaret me har her, er det tilført med blyant.

 

Det siste barnet i bygdeboka er Guro - som Jon syner over - døypt 5. desember 1829 - nr 10:

SAB, Voss Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 12, 1823-1837, s. 74
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524640172

 

Så då er nok ikkje Marta fødd i 1829.

 

Nå har eg gått gjennom 1829-1830-1831-1832-1833-1834 / eg finn ho ikke (men eg ser berre på det eine auga!) Men eg er viss på at nokon finn ho!

 

Eg har fått følgjande kommentar frå Vossestrand Sogelag:

I 1836 vart det fødd ei Marta Nåsen, med foreldre Jon Nilsson Nåsen og Guri Jørgensdtr. Øien (Ættebok frå Vossestrand, Nåsen 70). Denne Marta vart gift til Slen (Slen 46). Det syner seg at far til Marta, altså Jon Nilsson Nåsen, hadde to barn med Ragnhilda Olsdtr. Giljarhus ( Giljarhus 66). Borna var Anna fødd i 1825 og Marta fødd i 1828.

Giljarhus 66:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2017110848091?page=399

Altså - ein teori om at presten i Vik har ført feil patronym ved vigsla i 1861 - einaste staden der farsnamnet står i primærkjeldene - seinare står det Jonsdotter og dette vil i alle høve vera rett.

 

Ja lettare blir det ikkje etter dette.

Jostein !

 

Erfaring frå Roar Lyngvær sin måte å føra  ættebok på er:  Uekte ongar, dersom Marta er det, er vanskelig å finna, då Mor og Far er kompliset å finna, ved at farsnavnet er nevnt, men IKKJE kva gård dei kjem frå !

 

Ang ho som er født i 1836, så her er ho:  Født 22 febr 1836, døypt 6 mars (nr 35), og m/ foreldre som du nevner:

https://www.digitalarkivet.no/kb20070524650329

 

Finn du henne konformert ?

2 minutes ago, Jon Sværen said:

Erfaring frå Roar Lyngvær sin måte å føra  ættebok på er:  Uekte ongar, dersom Marta er det, er vanskelig å finna, då Mor og Far er kompliset å finna, ved at farsnavnet er nevnt, men IKKJE kva gård dei kjem frå !

Tvert mot - her er båe dei "uekte" borna (nei - eg likar ikkje ordet!) førde i bygdeboka med fullt navn på både mor og far.

Desse 2 er førde på Giljarhus og me må vel tru at mora budde der?

9 minutes ago, Jon Sværen said:

Ang ho som er født i 1836, så her er ho:  Født 22 febr 1836, døypt 6 mars (nr 35), og m/ foreldre som du nevner:

https://www.digitalarkivet.no/kb20070524650329

 

Finn du henne konformert ?

 

Men ho er vel ute av soga - gift i 1861 med Mons Brynjulvsen Hauge på Slen (Slen 46).

Nr 2

SAB, Vossestrand Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. A 1, 1855-1879
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524660622

 

 

Du kan stryka henne og, sidan Bygdebokji, utg 1971, seier at ho vart gift i 1861, dog ikkje i Vik.

 

EG likar heller ikkje "benevnevlsen" UEKTE, men ein kan diverre ikkje forlanga at ALLE her i forumet kjenner til u.e. (utanfor ekteskapet). 

 

Kan det være samme Marta Jonsdatter Gillerhus som er ført som utflyttet til Vik 19.3.1861? Det passer jo godt med at hun trengte attest til vielsen i Vik 31.5.

SAB, Voss Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 20, 1855-1886, s. 274
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070104620465

 

Hun oppgis her å være 26 år (født ca 1835). 
 

Endret av Matthias Kolberg
On 5/7/2021 at 2:46 PM, Jon Sværen said:

Du har ført opp 2 ongar, Ola f 1857, til USA i 1875 og Else f 1870, gift i Bergen og USA i 1889.

 

Men Elsa gifta seg i Domkirken i Bergen 2. juni 1889 med Nils Olai Martin Larsen (seinare kalla dei seg Askeland) 1869-1916 og ho døydde i Bergen 8. nov 1943.

Ikkje noko USA her.

Eg trur knapt at vi kjem fram til eit svar som vi kan setja 2 strekar under.

 

Men etter å ha fått hjelp frå Vik Lokalarkiv ved Rune Lee og Vossestrand Sogelag ved Gerd Ingrid Jordalen og Jorunn Gjøstein, landar eg på følgjande:

 

Martha Jonsdotter frå Nosi / Jordalen på Vossestrand er dotter av Jon Nilsen Nåsen.

 

Den einaste plassen vi finn Jon Olsen er ved vigsla – elles er ho berre Jonsdotter.

 

Jon Nilsen Nåsen var fødd i 1796 som son av Nils Øyelsen Nåsen (1755- 1816) og Marta Eiriksdtr Jordalen (1765-1845).

 

Han gifta seg i 1831 med Guri Jørgensdtr Øien (frå Vik).

(1836 fekk dei dottera Marta men ho giftra seg i 1861 med Mons Brynjulvsen Hauge – husmann i Slenstunet:

Nr 2:

SAB, Vossestrand Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. A 1, 1855-1879

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524660622)

 

Men denne Jon Nilsen Nåsen hadde 2 born med Ragnhild Olsdtr Giljarhus – her nr 66 i Bygdeboka:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2017110848091?page=399

 

Marta Jonsdtr var fødd sist i 1827 – nr 28:

SAB, Voss Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 12, 1823-1837, s. 53

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524640150

 

Og Matthias Kolberg har funne dette:

 

Kan det være samme Marta Jonsdatter Gillerhus som er ført som utflyttet til Vik 19.3.1861? Det passer jo godt med at hun trengte attest til vielsen i Vik 31.5.

SAB, Voss Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 20, 1855-1886, s. 274
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070104620465


Dersom vår Marta skulle vera dotter av Jon Olsen Nåsen, ville ho ha ei søster gift i Vik.

Rannvei Jonsdotter (ca 1825 - ) som i 1846 gifter seg med Hermund Olsen Øvstedal frå Vik – nr 29:

SAB, Voss Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 13, 1836-1851, s. 195

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070524640703

 

Då kan det vera rimeleg å tru at dei ville dukka opp som fadrar ved barnedåpar.

Dei hadde mange born:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038253001904

Det gjer det vel ikkje.

 

Og lenger kjem ikkje eg.......

Endret av Jostein Stokke
  • Liker 1
På 9.5.2021 den 15.39, Jostein Stokke skrev:

 

Men Elsa gifta seg i Domkirken i Bergen 2. juni 1889 med Nils Olai Martin Larsen (seinare kalla dei seg Askeland) 1869-1916 og ho døydde i Bergen 8. nov 1943.

Ikkje noko USA her.

Eg siterte KUN Ættabokji frå 2008, s 244. Der stod det at Else reiste til USA i 1889. 

 

Og eg kan ikkje sjå nokon Else født 1870 som reiser frå Bergen til USA 1874-1930, Emigrantprotokollar, DA, Søkbare.

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.