Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Skrevet

Kva står det her?

 

bilde.png.05edb65b5d902877ab1593dd72b85f65.png

 

Fila ligg i ein skifteprotokoll , øvst i midtre spalte til venstre. https://www.digitalarkivet.no/sk20090224640461

 

Eg les 5. Jeremias Olssen Miaavatnet fordrer [Greslei]  for 1 Koe 2 [rdl].

Dersom det verkeleg er betaling for vinterforing av ei ku, sysnt eg det er ei interessant opplysning, men det er tryggare å lese enn å gjette.

 

 

Skrevet

"G"en ser meir ut som "F", jf. ordet "Forretning" i spalta før, litt under oppramsinga av arvingar. Kan det stå "Foerleie"?

  • Liker 1
Skrevet

Ja, og "G"-en i "Guldjorden" like nedanfor ser ut som ein G. Dessutan er den fjerde bokstaven meir lik ein r enn ein s. Og så et ikkje kyrne gras på vinteren. Alt fell på plass om det står Foerleie.

  • Liker 1
Skrevet

"Gresesmale" eller "gresekyr" blir i Sauda brukt om sauer eller kyr som går på leigd beite om sommaren. Kan det vera aktuelt her?

Skrevet
17 timer siden, Tone Årtun skrev:

 Kan det vera aktuelt her?

Skiftet vart halde ved setersok, 2. juli, og det er nok mest sannsynleg at den eine kua som var stasjonert på nabogarden var sett der for å avhjelpe fôrsituasjonen gjennom vinteren.  Han hadde også leigd arbeidshjelp og hushalderske den siste vinteren, rimelegvis mens kona var sjuk.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.