Ole Christian Risdal Skrevet Oktober 17, 2021 Skrevet Oktober 17, 2021 (endret) Hei! Eg skulle gjerne hatt tyda noko frå denne panteboka s. 193 (nedst på sida) og s. 194, sak nr. 17 og 18. Dette gjeld garden Brenden i Skåbu i Nord-Fron (Qvickne annex). Det er ei Marit Pedersdotter som sel garden til Jakob Johannesen og Ole Olsen. Dei tek over kvar sin del. Men det eg eigentleg lurer på er om setra er nemnt. Ein veit at denne Jakob rydda seter i Espedalen, det som i dag er Ruten Fjellstue. Han står som brukar i Brenden i matrikkelen i 1838. Så spørsmålet er om den allereie var rydda i 1844 eller om den blei rydda seinare. Tinglysingsmateriale: SAH, Mellom-Gudbrandsdal sorenskriveri, H/Hb/L0001: Pantebok nr. 1, 1838-1845, s. 693 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no) Mvh Ole Chr. Endret Oktober 17, 2021 av Ole Christian Risdal
Gunnar Sigdestad Skrevet Oktober 18, 2021 Skrevet Oktober 18, 2021 Sætra eller Espedalen er ikkje nemnt her.
Ole Christian Risdal Skrevet Oktober 18, 2021 Forfatter Skrevet Oktober 18, 2021 Ok. Takk for hjelpa!
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Oktober 18, 2021 Skrevet Oktober 18, 2021 Formuleringa "med den Rett og de Rettigheder, jeg selv har ...." (linje 5, side 693b) dekkjer vel over slike ting. Skøytet går ikkje inn på detaljar som sæterrett og sæterrydning.
Ole Christian Risdal Skrevet Oktober 18, 2021 Forfatter Skrevet Oktober 18, 2021 Ok. Så da kan denne setninga indikere at det er snakk om ei seter? Da burde det vel vere eit pantedokument på dette frå før 1844?
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Oktober 18, 2021 Skrevet Oktober 18, 2021 47 minutter siden, Ole Christian Risdal skrev: Ok. Så da kan denne setninga indikere at det er snakk om ei seter? Nei. Setninga fortel at eit skjøyte ikkje vil svare på det spørsmålet du stiller. Då måtte setra først vore frådelt som ein eigedom for seg.
Ole Christian Risdal Skrevet Oktober 18, 2021 Forfatter Skrevet Oktober 18, 2021 Ok, skjønar. Takk igjen!
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå