Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Otto Fretheim og Anfind Stokkebø formyndarar i 1705, kven var dei?


Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24155/117

 

I skiftet etter Ellend Pedersen og Dorte Anfindsdtr. i 1795 på garden Lien i Tjugum  finn eg Otto Fretland, Anfind Stokkebø, Olle Borlaug, Andfind Hauchen (Haukenes?) og Hermund Pedersen som formyndarar for borna Anfind, Barbara, Søynefe??, Agate og Brita.

I 1701 finn eg Otto Anfindsen på garden Fretland i Sogndal, 43 år. Kanskje ein aktuell kandidat?

Og kven var desse formyndarane? Trudde det var vanleg at det var slekt eller naboar som  vart utpeikte til formyndarar, men her ser det ut til at kom frå ulike bygder. Stokkebø frå Vik, Borlaug frå Feios og Fretland frå Sogndal. 

Interessert i å finna ut meir om desse formyndarane og kvar Ellend og Dorte kom frå. Er det mogeleg å spora opp borna? Har ikkje meir info om familien enn det som kjem fram i skiftet.

Takksam for hjelp.

Mvh

Anne Marie B Øyri

Truleg kom ekteparet frå garden Seterli i Feios, men skrive Lien i skiftet. I fylgje ættesoga for Feios var Ellen leiglending, fødd i 1647 og hadde sonen Arnfinn f 1690. Kona heitte Marita, begge gravlagde samstundes i 1705. Men i skiftet står det Dorte som sikkert er rette namnet.  Hermund Pederson var også leiglending på Seterli, så dermed er eine formyndaren lokalisert.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.