Jump to content
Nasjonalarkivet

LØYST: Jacob Sophus Anderson - fødd i Tysfjord 1866 - skal vera avliden som kontormann og kyrkjelydssekretær i eller nær Barnes Co., ND kring 1903


Recommended Posts

Dette spørsmålet var oppe til drøfting for eit par år sidan - anten på denne lista eller på den norske Rootsweblista i Amerika.  Truleg var det i 2019 då eg var svært sjuk, og eg finn ikkje att konklusjonane av debatten.  Kanskje kan nokon hjelpa meg?

 

Jacob Sophus Anderson, visstnok kjend som J. S. Anderson, var fødd i Tysfjord 25.7.1866, men utvandra til Amerika i 1893, då han «stakk av» frå ei jente som var kommi «i uløkka».  Me veit at han i Amerika arbeidde som kontormann, men han døydde i ung alder, truleg kring 1903.  Han var kontormann og kyrkjelydssekretær i ein mindre by i eller nær Barnes Co., ND, og han skal vera avliden av tuberkulose.  Eg har sett ymse lokale avisskriveriar om denne karen, men, som sagt, eg finn ikkje desse notati att!

 

Eg ville sett stor pris på om nokon kunne hjelpa meg finna att opplysningane om Jacob Sophus og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
  • Lars E. Øyane changed the title to Jacob Sophus Anderson - fødd i Tysfjord 1866 - skal vera avliden som kontormann og kyrkjelydssekretær i eller nær Barnes Co., ND kring 1903

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Sven for nye innlegg om denne huslyden!  Det siste innlegget gjorde «susen».  Du fann opplysningane som eg var på leiting etter!  Kjempebra!

 

Der ser me eit døme på at det er vanskeleg å halda tunga «beint» når det er so mange ulike fora å leita i.  Det er grunnen til at eg i 95% av spørsmåli mine held meg til Digitalarkivet!!!

 

Etter dette reknar eg dette problemet som løyst.  Er du samd med meg, Sven??

  • Like 1
  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Jacob Sophus Anderson - fødd i Tysfjord 1866 - skal vera avliden som kontormann og kyrkjelydssekretær i eller nær Barnes Co., ND kring 1903

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.