Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nynorsk språk og bruken av be-ord!?


Recommended Posts

Diverre er det altfor mange danske ord som er komne inn i «moderne» nynorsk.

 

Min barnelærdom sa meg at me mellom anna skulle unngå ord som tok til med «be» og ogso ord som slutta med «het» og «else»

 

Eg hugsar ein slektning av meg ville omsetja «bedrift» - og dette vart til «virksomheit»  huff og huff... - er det so vanskeleg å seia «verksemd»?

 

«Begynne» kan me jo greit omsetja med «børja/byrja» eller «ta til».

 

Men eg reagerer på ordi «bebodd» og «beboelse».  Det siste kan me jo godt omsetja med «busetnad», men so har eg sett at «bebodd» har vorte omsett med «bebudd», og det er vel korkje «fugl eller fisk»!?  Det enklaste er vel å skriva om med «staden der ... budde»!?  Eller er det nokon som kjem på eit betre nynorsk ord for bebodd?  Kva ville Ivar Aasen ha skrive?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle kommentarar!

  • Liker 1
1 minutt siden, Matthias Kolberg skrev:

Dette er er mer et spørsmål enn et svar, men hva mener Elias Blix når han skriver «Lys oss i Land på den livsæle Strand». Hva betyr «livsæl» her?

Er det ikke bebodd han mener?

http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=livsæl#ariadne=[[|274741|,0,|livsæl|]]

 

32 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:


Livsæl står ikkje oppført i Aasens Norsk Ordbog, men tyder vel lukkeleg?

  • Liker 1
8 timer siden, Gunnar Sigdestad skrev:


Livsæl står ikkje oppført i Aasens Norsk Ordbog, men tyder vel lukkeleg?

Aasen har med "sæl" ; https://www.nb.no/items/bbd4715798fb74cbb80be6e1c51e35fc?page=811&searchText="norsk ordbog"

"Livsæl" er det kanskje ein salmediktar (Blix?, Skard?) som har laga - truleg etter dansk "livsalig" https://ordnet.dk/ods/ordbog?query=livsalig

Det er 12 kort i setelarkivet til Norsk ordbok; dei fleste frå salmar.

 

Men dett er vel ei avsporing av temaet i tråden?

  • Liker 1

Jeg er litt usikker på hva Lars mener med moderne nynorsk.   Ethvert språk tar over tid opp nyord.  Ordene bebodd, beboelse og begynne er så innarbeidet i norsk språk over århundrer både skriftlig og muntlig at det er umulig å føre noen kamp mot dem.  Det man vil erstatte dem med virker nokså knudrete.  Et større problem er alle moteord, oftest av engelsk og amerikansk opphav, som bare i løpet av få år tas i bruk og får fotfeste i norsk språk

  • Liker 2

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk for mange gode kommentarar.  Jau, dette med språket skal ikkje vera so enkelt.  Det me ofte kan oberservera, er at mange nynorske ord har parallellord i gamalgermansk, men dette er et fagområde som eg ikkje kan nok om...

 

Sjølv har eg ofte tenkt på han som oppfann det norske ordet «kringkasting», var det ikkje Herbjørn Sørebø(?), som til og med riksmålsfolket nyttar.  Det er vel ei direkte omsetjing av «broadcasting» eller «breikasting»...

 

Men Alvin er inne på noko svært utfordrande: Alle desse «nymotens uordi».  I våre dagar vert jo alle studentar «meistrar» - omsett frå det engelske «master», kvar på sitt felt.  «Master of science» er vel vitskapsmeistar etc. etc.  Og so har me dette med «designer», som vel må omsetjast med «teiknar»?  Eg lyt tilstå eg har ofte store utfordringar med å finna nynorske ord for moderne yrkestitlar...

 

Nei, enkelt skal det ikkje vera...

  • Liker 1
25 minutes ago, Lars E. Øyane said:

  Og so har me dette med «designer», som vel må omsetjast med «teiknar»?  Eg lyt tilstå eg har ofte store utfordringar med å finna nynorske ord for moderne yrkestitlar...

 

På bokmål har vi jo ordet formskaper, som sikkert på et eller annet vis kan forvrenges eller tilpasses til nynorsk.

Endret av Espen Tjernshaugen
Satt inn manglende ord
  • Liker 1
19 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Sjølv har eg ofte tenkt på han som oppfann det norske ordet «kringkasting», var det ikkje Herbjørn Sørebø(?), som til og med riksmålsfolket nyttar.  Det er vel ei direkte omsetjing av «broadcasting» eller «breikasting»...

 

ifølgje ymse kjelder var vart ordet "kringkasting" innført av telegrafdirektør Niels Nickelsen i 1924.  Då var det framleis 9-10 år til Herebjørn Sørebø vart fødd.

 

 

50 minutter siden, Alvin Andreassen skrev:

Jeg er litt usikker på hva Lars mener med moderne nynorsk.   Ethvert språk tar over tid opp nyord.  Ordene bebodd, beboelse og begynne er så innarbeidet i norsk språk over århundrer både skriftlig og muntlig at det er umulig å føre noen kamp mot dem.  Det man vil erstatte dem med virker nokså knudrete.  Et større problem er alle moteord, oftest av engelsk og amerikansk opphav, som bare i løpet av få år tas i bruk og får fotfeste i norsk språk

 

Det er like mykje snakk om å bruke ord og orddelar som ein faktisk har.  Kva som "virker knudrete" er gjerne subjektivt og personleg.  "Beboelse" er vel ikkje innarbeidd i norsk?

  • Liker 1
5 minutes ago, Ivar S. Ertesvåg said:

 

"Beboelse" er vel ikkje innarbeidd i norsk?

 

Jo, det er det. Det er et ord som faller meg helt naturlig å bruke. Du finner noen eksempler på bruken her: https://naob.no/ordbok/beboelse

14 minutter siden, Espen Tjernshaugen skrev:

 

Jo, det er det. Det er et ord som faller meg helt naturlig å bruke. Du finner noen eksempler på bruken her: https://naob.no/ordbok/beboelse

hm... då er vel alle ord innarbeidde i norsk dersom nokon (minst éin person) finn naturleg å bruke dei? 

 

At det står i "Det norske akademis ordbok" - ein variant av "Riksmaalsordboken" - fortel først og fremst at det står der.

2 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

hm... då er vel alle ord innarbeidde i norsk dersom nokon (minst éin person) finn naturleg å bruke dei? 

 

At det står i "Det norske akademis ordbok" - ein variant av "Riksmaalsordboken" - fortel først og fremst at det står der.

 

Om du gidder å sjekke litt så vil du nok finne ut at påstanden stemmer, altså at ordet er i vanlig bruk rundt om her jeg bor. At du selv ikke bruker eller liker ordet er ikke nok til å avfeie bruken av det.

 

Søk på NB med "beboelse" gir 6789 treff i bøker og 35564 i aviser. Over 12000 av avistreffene er i perioden 1950 til 2022.

 

Endret av Espen Tjernshaugen
Lagt til opplysninger
  • Liker 1

"Men eg reagerer på ordi «bebodd» og «beboelse».  Det siste kan me jo godt omsetja med «busetnad», men so har eg sett at «bebodd» har vorte omsett med «bebudd», og det er vel korkje «fugl eller fisk»!?  Det enklaste er vel å skriva om med «staden der ... budde»!?  Eller er det nokon som kjem på eit betre nynorsk ord for bebodd?  Kva ville Ivar Aasen ha skrive?"

Selv på bokmål ville jeg ikke ha skrevet "Husmannsplassen ble bebodd av N. N.". Det slår meg som unødvendig tungt språk og klinger ikke godt i mine ører.
"På husmannsplassen bodde N. N." er bedre norsk - synes jeg. (Altså budde på nynorsk).


Det jeg godt kunne ha skrevet på bokmål er: "Huset på plassen var bebodd fra ca. 1800, men jorden ble ikke ryddet før 1820".
For å uttrykke det på nynorsk virker det pussig i mine ører å skrive "Nokon budde i huset frå ca. 1800 etc."
men jeg kunne ha forsøkt meg på "Huset på plassen vart budd i/nytta til bustad frå omlag 1800 etc."

Antall ganger jeg har skrevet noe på nynorsk etter avsluttende videregående norskeksamen kan fortsatt telles på en hånd, så det blir bare synsing fra en som er mer komfortabel med riksmål enn nynorsk.

 

  • Liker 1
1 time siden, Alvin Andreassen skrev:

Ertesvåg mener at ordet beboelse ikke er innarbeidet i norsk språk.  I Regler for utfyldelse Folketellingen i 1891 finner vi mellom annet: Beboede, Beboelse, Ubeboet og Ubeboelse.  Ordene var alt da i offisiell bruk.

 

tja ...  "Norsk" i 1891 var vel meir dansk enn det danskane skriv i dag.  riksmål/bokmål skilde ikkje lag med dansken før i 1917.

 

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk for mange nye spennande kommentarar!

 

Eg har valt å skriva om manuskripti mine med til dømes:

 

«Me sit i 1891 att med 11 bebudde brukseiningar på garden» til: «Garden hadde i 1891 11 brukseiningar der det budde folk»  Enklare språk, etter mi meining...

 

Espen var i innlegg #10 inne på «formskapar» eller «formgjevar» som eit alternativ til «designer».  Den tykkjer eg høyrest god ut, men kva er no forskjellen mellom ein teiknar og ein formskapar..?

 

Elles er Ivar inne på dette med dansk språk.  I eit dansk ætteforum freistar eg skriva på dansk slik at danskane forstår det, men ogso det er utfordrande...  Mange danske ord med æ er visstnok vortne til e med tidi - vænlig/venlig skæbne/skebne hændelse/hendelse hjælp/hjelp.  Og so er det dette med dobbel a for å.  Eg har alltid vore vand til å skriva Aarhus, Aalborg og Aabenraa...  Og heiter det København eller Københafn?

 

Ikkje so lett å halda tunga beint...!  Då er det tross alt enklare å skriva fransk eller tysk.  Der har ikkje gramatikken endra seg so mykje dei siste 150 åri!

4 timer siden, Gisle Hersvik skrev:

Kva er årsaka til at noko ‘het’ skal vere ein ‘leik’ på nynorsk?

 

- dette med "skal vere"  er eit vanskeleg spørsmål. Kanskje det fortener eit motspørsmål: treng det om å vere sånn?

 

At "-het" vert til "-leik" har vel å gjere med at endinga "-het" i bokmål/dansk lagar substantiv (her "seighet") av adjektiv (her: "seig").

På (ny)norsk, og til dels svensk, verkar "-leik" på same måten; substantiv "seigleik" frå adjektivet "seig".

Adjektivet "seig" kjem i sin tur frå verbet "siga". 

Pussig nok har det skifta forteikn; noko som er seigt sig mindre enn det som ikkje er seig.

Det gjer at t.d. "sigeevne", som i form kunne vore brukt som substantiv, ikkje kan brukast her.

 

"Leilighet", av "lejlighed",  kjem frå  verbet ligge, som gjev adjektivet leyelig/lejlig, som gjev substantivet lejlighed, som i opphavet

hadde ei vidare tyding enn i dag (t.d. om kor godt eller mindre godt ein stad ligg til i terrenget).

Ei av tydingane (kanskje hovudtydinga i norsk) er "nokre rom med kjøken og bad", det vi på norsk kallar "husvære".

 

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.