Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kven var Ole Olsen Sandbugt frå Kværnes som er ugift far i Trondheim i 1862?


Recommended Posts

Ungkar Ole Olsen Sandbugt og «pige» Anne Johnannesdotter Strøm er ugifte foreldre til Anna Johanna i 1862. Begge foreldra er nemnt «af» Kvernes. Mora var fødd i Lom, hadde flytta med foreldra til Kvernes. Ole var i 1862 i teneste hjå barberer Berg i Lilleplassveita i Trondheim. Barberer Berg og fru var elles blant fadderane ved dåpen. 

 

Sør-Trøndelag, SAT/A-1456/601/L0053: Ministerialbok nr. 601A21, 1857-1865, s. 112 (mellom nr 3 og 4)

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050613010210

 

Dåpen er også ført i kyrkjeboka på Kvernes:

Møre og Romsdal, SAT/A-1454/568/L0804: Ministerialbok nr. 568A11, 1854-1868, s. 111, nr. 7

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050706030657

 

Det står ikkje meir informasjon om faren ved konfirmasjonen i 1877:

Ho vart konfirmert i 1877 og er da nemnt Thronæs

Sør-Trøndelag, SAT/A-1456/606/L0293: Ministerialbok nr. 606A08, 1866-1877, s. 285, nr. 56:

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070420630557

 

Og heller ikkje når Anna Johanna giftar seg i 1890:

Jevnaker prestekontor, SAH/PREST-116/H/Ha/Haa/L0008: Ministerialbok nr. 8, 1877-1890, s. 255, nr. 1:

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330618

 

Eg har ikkje funne ein passande kandidat som Ole blant konfirmantane på Kvernes eller nokon som høver i bygdeboka, men det kan skuldast manglande lokalkunnskap. Er det nokon som har innspel om opphavet hans?

 

  • 11 måneder senere...

Gards- og ættesoge for gardsnummer 52, Bremsnes

https://www.nb.no/items/e918298d3562c8f5455030dfd4f1fb73?page=281&searchText="olsen sandbukt"

Varig lenke: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011081208046

 

Den samme Ole har skapt "hodebry" også tidligere på brukerforumet:

 

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.